Debatt ● johan l. tønneson og kjell lars berge
Skap rom for kunnskapslitteraturen
Vi vil oppmode statsråden til å ta initiativ til ei utgreiing om situasjonen og moglegheitsrommet for norsk kunnskapslitteratur, skriv Johan L. Tønneson og Kjell Lars Berge i dette innlegget.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Opent brev til statsråd Ola Borten Moe
Då A.O. Vinje erklærte at «Kunnskap skal styra riki og land», for 164 år sidan, må vi tru at mange meinte at det som skulle styre var meir enn «bokleg kunnskap».
I denne artikkelen vil vi slå eit slag nett for den boklege kunnskapen – for det vi foreslår å kalle kunnskapslitteratur. Dette er vitskapleg forankra bøker skrivne på norsk på eit vis som er tilgjengeleg for interesserte ikkje-spesialistar.
Kunnskapslitteraturen er kjenneteikna ved at ny, vitskapleg kunnskap blir skriven fram og gitt ein litterær form som stiller ganske store krav til lesaren utan å vere innforstått eller prega av internt spesialistspråk. Bøkene blir altså skrivne på måtar som tilbyr ny djupnekunnskap og originale resonnement som trengst i det opne og opplyste ordskiftet.
Når staten ifølgje grunnlova skal legge til rette for eit «opplyst ordskifte» i Noreg, meiner vi at noko av det klokaste ein kunnskapsminister kan gjere, er å skape rom for slik litteratur. Vi vil såleis foreslå ei ny tilskotsordning for slike bøker.
Det er gode grunnar til at kunnskap i Noreg også skal formulerast på norsk. På mange kunnskapsområde er det nødvendig at fagfolk kan snakke med og skrive til folk på morsmålet. Då må dei beherske eit norsk fagspråk. Dette standpunktet er greitt samanfatta i Språkrådets innspel til Kierulf-utvalet si utgreiing om akademisk fridom.
Men ønsket om norsk forsking formidla på norsk har også støtte i dagleg praksis. La oss bruke oss sjølve, artikkelforfattarane, som døme: Dei siste åra har vi ytra oss i følgjande sjangrar og publiseringsformer:
- Vitskaplege artiklar publisert internasjonalt for fagfeller
- Vitskaplege bøker/monografiar publisert internasjonalt for fagfeller
- Fagbøker/fagartiklar på norsk/skandinavisk språk retta til både norsk/nordisk offentlegheit og fagfellar
- Opplysnings- og offentlegheitsorienterte fagbøker omfatta av Kulturrådets innkjøpsordningar for sakprosa
- Lærebøker/læremiddel: papirbaserte og digitale
- Rapportar
- Populærvitskaplege artiklar og kronikkar samt ulike former for kunnskapsbaserte meiningsytringar i bøker, tidsskrift, aviser, radio, TV, podkast og sosiale medium.
Det er den tredje av desse skrivemåtane vi omtaler som «kunnskapslitteratur». Boka Komme til orde. Politisk kommunikasjon 1814-1913 av Anders Johansen frå 2019 er eit typisk norsk døme på kunnskapslitteratur.
Vi kan trygt slå fast at den vitskaplege artikkelen publisert internasjonalt for fagfellar er det hegemoniske formatet for formidling av vitskapleg kunnskap i vår tid.
Ein hovudgrunn til den vitskaplege artikkelens suksess er utan tvil effektiviteten. Dette tildrivet har ikkje vore svekka av digitaliseringa: Sjølve produksjonen av online-artikkelen går på ein blunk samanlikna med tidlegare tiders prenteprosessar.
Vitskapsbaserte monografiar gitt ut som bøker har sjølvsagt andre kvalitetar. Dei kan ha stor innverknad på kunnskapsnivået og kunnskapsutviklinga i både den offentlege og vitskaplege skriftkulturen. Bokmediet døyr ikkje, men det går gjennom stadige metamorfosar, og mediet overlever ikkje av seg sjølv.
Bokformatet har ei tydeleg, men likevel romsleg ramme. Gjennom nokre tusen år har bokformatet vist seg å vere ein suveren berar av lengre og samanhengande bodskap, anten bodskapen kjem gjennom fiksjon eller det vi i dag kallar sakprosa.
Boka kan ha fleire forfattarar, ho treng ikkje vere prenta på papir og sjangrane er talrike. Men boka er eit kulturelt artefakt som krev tid å skrive og som oftast først får utsegnskraft når eit forlag har lagt innsats i ho.
Boka gir grunnlag for ei leseoppleving som krev tid og konsentrasjon, og – kanskje aller viktigast: Ho kan bli det felles utgangspunktet for ei stor mengde ytringar i andre medium og format. Boka kan inngå i – og ofte starte – ein sirkulasjon av kunnskap og visdom som samla sett utgjer viktige delar av det opplyste ordskiftet som grunnlova føreskriv.
Når norskspråklege bøker står så sterkt som dei gjer i Noreg, er det ikkje minst fordi vi har hatt ein etter måten god litteraturpolitikk, med momsfritak, bibliotekvederlag og innkjøpsordningar som potente verkemiddel. Det er likevel store manglar ved litteraturpolitikken.
Kulturpolitikken for å fremje norsk sakprosa har vore vellukka. Det er allmenn semje om at det står rimeleg bra til med den typiske innkjøpsordningssakprosaen, som især skal vere særprega ved formidlingsmessige kvalitetar retta til ålmenta.
Kunnskapslitteraturen er kjenneteikna ved at ny, vitskapleg kunnskap blir skriven fram og gitt ein litterær form som stiller ganske store krav til lesaren utan å vere innforstått eller prega av internt spesialistspråk.
Innleggsforfattarane
Men kunnskapspolitisk sett må læremiddel på alle nivå og tilstanden i internasjonal vitskapleg publisering karakteriserast som kriseområde, i likskap med det som er vårt tema:
Det gjeld det vi altså kallar «kunnskapslitteratur på norsk».
Dette er bøker som vender seg både til lesarar med spesialkunnskap innan temaet, såkalla fagfellar, og til interesserte lesarar utanfor denne spesialistgruppa. Kunnskapslitteraturen er derfor ein type tekstar som fell mellom fleire stolar.
Sidan kunnskapslitteraturen etter vår meining høyrer heime i kunnskapspolitikken, la oss avgrense den i høve til den definisjonen av vitskaplege publikasjonar som ligg til grunn for den såkalla publiseringsindikatoren.
Der blir det blant anna stilt som krav at tekstane skal «vere i ein form som gjør resultata etterprøvbare» og «vere i et språk og ha ein distribusjon som gjør den tilgjengeleg for de fleste forskarar som kan ha interesse av den».
Med små grep kan publiseringsindikatoren inkludere den norskspråklege kunnskapslitteraturen. Punktet om «etterprøvbarhet» vil sjeldan vere aktuelt i kunnskapslitteraturen. Det høyrer heime i evidensbasert, gjerne eksperimentell vitskap.
Kravet om språk og distribusjon berre av omsyn til forskarane må modifiserast. Vi føreslår såleis ein definisjon der kunnskapslitteratur i Noreg er bøker på norske skriftspråk som blir kjenneteikna gjennom fire kriterium. Alle fire bør vere oppfylte. Ei bok innanfor kunnskapslitteraturen bør:
1. presentere ny innsikt om eit kunnskapsområde
2. ha ei form som gjer resonnement og resultat anvendelege i ny forsking
3. vere i et språk og ha ein distribusjon som gjer boka tilgjengeleg for alle lesarar som har interesse av ho
4. vere i ein publiseringskanal med rutinar for fagfellevurdering, men fagfellevurderingane må ikkje avgrensast til anonym og «dobbelt blind» vurdering som i dei reint vitskaplege publikasjonane.
Som vi har vore inne på, veit vi lite om stoda og utfordringane for den norskspråklege kunnskapslitteraturen. Vi vil derfor oppmode statsråden til å ta initiativ til ei utgreiing om situasjonen og moglegheitsrommet for norsk kunnskapslitteratur slik vi har definert den.
Utgreiinga bør både kartlegge kva som faktisk har blitt gitt ut i Noreg dei siste tiåra, kva for viktige bokprosjekt som har stranda på grunn av manglande finansiering og kva som er vilkåra for å skrive, publisere og gjere slik litteratur tilgjengeleg.
Vidare bør utgreiinga gi eit oversyn over eksisterande offentlege og private finansieringskjelder for kunnskapslitteratur. Den bør gjere framlegg om konkrete verkemiddel som kan auke omfanget av, kvaliteten på og utbreiinga av denne litteraturen.
La oss avslutte med å kaste ut to idear til tiltak:
1. Det blir skipa ein tilskotsordning for kunnskapslitteratur, der forlaga kan søke Kunnskapsdepartementet om tilskot til produksjonsutgifter, medrekna forlaget sitt redaksjonelle arbeid med konkrete bokprosjekt. Det skal setjast klåre krav om at forlaga aktivt skal formidle og marknadsføre bøkene og rapportere frå denne verksemda.
2. I Forskingsrådet skal det under Frie prosjekt (Fripro) opnast for forskingsprosjekt som har som primært utkome å gi ut ein publikasjon etter kriteria for kunnskapslitteratur. Sekundære utkome kan vere omsetjing av boka og vidare publisering og formidling i andre format og på andre språk.
(Innlegget er en forkortet versjon av en kronikk publisert i Prosa)
Les også:
Følg fleiere debattar i akademia på Khronos meiningsside
Nyeste artikler
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Norge publiserer tredje mest i forhold til folketallet
Stort tematisk mangfold i romjulsfilmene
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Disse universitetslederne publiserer minst og mest
Ikke lønnsøkning før i mars og april. Advarer mot skattesmell
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake