Debatt ● Vegard Enerstvedt

Skal ikkje stipendiatar ha same stillingsvern som andre i UH-sektoren?

Viss ei fuskesak for ein stipendiat kan føra til utestenging, er det i realiteten er ein oppseiingsprosess. Då forsvinn stillingsvernet ut døra.

Eit sterkt stillingsvern heilt sentralt i å bevara den akademiske fridomen, skriv NHH-stipendiaten. — Viss ein kan mista jobben gjennom ein fuskeprosess, kva andre prosessar kan brukast for å bli kvitt nye, og kanskje plagsame, forskingsresultat?
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I sitt innlegg i Khrono stiller Olaug Husabø seg undrande til om stipendiatar blir behandla lettare enn andre studentar, og om det er «lite føremålstenleg» at fuskesaker blir handsama som ei personalsak. Mi tilsetting ved Noregs handelshøgskole føresett at eg er del av høgskulen sitt doktorgradsprogram. Skulle eg ikkje lenger vera del av programmet ville eg derfor ikkje lenger vera tilsett, i praksis få sparken. 

Viss ei fuskesak for ein stipendiat kan føra til utestenging, er det i realiteten ein oppseiingsprosess. Kor blir det då av stipendiatens stillingsvern?

Underteikna er einig med Husabø om at det er viktig at det er likskap for lova. Problemet er at argumentet for at fuskesaker skal bli oppseiingssaker skapar ei enda større ulikskap for lova. Då vil det vera ein forskjellsbehandling mellom stipendiatar og andre tilsette.

Stipendiatar har ei dobbeltrolle ved ein høgskule eller universitet. Ein er tilsett som forskar, og samtidig er ein student. Dette er på mange måtar motstridande roller, ikkje er ein fullt og heilt student og heller ikkje tilsett på lik linje med dei faste tilsette. Dei aller fleste stipendiatar og postdoktorar er mellombels tilsette, og har dermed ein svakare stilling enn andre vitskaplege tilsette, til dømes i samansetning av styrer og utval. 

Skal vår stilling ytterlegare svekkast ved at me skal mista retten til ein skikkeleg oppseiingsprosess?

Vegard Enerstvedt

At me er mellombels tilsette er i utgangspunktet greitt, det er slik akademia må fungera viss me skal operere på den internasjonale arbeidsmarknaden, men skal vår stilling ytterlegare svekkast ved at me skal mista retten til ein skikkeleg oppseiingsprosess?

Stillingsvern er sentralt i å oppretthalda fri og uavhengig forsking. Det å utfordre etablert kunnskap kan vera vanskeleg og skremmande. Skal ein i tillegg risikere å miste jobben blir motet til å stå opp for Sanning med stor S svekka. Derfor er eit sterkt stillingsvern heilt sentralt i å bevara den akademiske fridomen. Viss ein kan mista jobben gjennom ein fuskeprosess, kva andre prosessar kan brukast for å bli kvitt nye, og kanskje plagsame, forskingsresultat?

Det er også verdt å reflektera litt rundt korleis fusk blir handsama. Me har dei siste åra sett grelle dømer på korleis studentar kan bli behandla i slike saker. Til dømes, å bli tatt til høgsterett av staten for sjølvplagiat. Ein må jo spør om måten ein del studentar blir behandla på i slike saker er hensiktsmessig. 

Det er også eit djupare spørsmål om kva form for fusk og plagiat som er mest problematisk. Eg vil argumentera for at å bruka om att ein bibliografi eller standardformuleringar i eit litteratursamandrag er mindre problematisk enn at nokon stele idear, argument, data eller resultat, sjølv om dei brukar andre ord på det. Den andre typen fusk er sjølvsagt vanskelegare å bevisa, men det illustrerer eit grunnleggande problem med måten fusk blir behandla.

Likskap for lova er viktig, men det er feil veg å gå dersom stipendiatar skal mista sine rettar som tilsette.

Powered by Labrador CMS