Debatt ● Olaug Husabø

Får stipendiatar som fuskar like streng straff som andre studentar?

UHR er i ferd med å kartleggja praksis når det gjeld handsaming av fusk ved institusjonane. Det er viktig at dei inkluderer stipendiatane.

I mediemerksemda rundt fusk den siste tida har det vore mykje kritisert er at det er ulike reglar og ulik praksis ved institusjonane, skriv forfattaren. — Denne kritikken kan i høg grad også rettast mot handtering av saker der stipendiatar fuskar.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Reglane om fusk på eksamen gjeld for alle studentar inkludert ph.d.-studentar. Studentar som fuskar kan bli straffa med eitt år utestenging (og frå 1. august 2024 med to år i spesielle tilfelle). Utdanninga vert med andre ord avbroten, og utsett i eitt år. Men det er ein særregel i universitets- og høgskulelova § 13—1 andre ledd: «Doktorgradskandidater som er ansatt ved et universitet eller en høyskole, er unntatt fra reglene om bortvisning og utestenging …»

Like brot på reglar skal handsamast likt. Lovgivar kan ikkje bestemma at tjuveri skal straffast, men gjera unntak for bergensarar. Eller at tjuvar med postnummer 0202 skal få strengare straff enn andre. Eller at alle studentar skal straffast for fusk, med unntak av stipendiatar.

Og det er jo heller ikkje det som er bestemt. Av forarbeida går det fram at det ikkje har vore meininga at stipendiatar ikkje skal straffast for fusk. Problemet er at lova berre seier kva straff institusjonane ikkje kan gi, ikkje kva straff dei kan gi når ein stipendiat har fuska. 

Rett nok opnar lova for tvungen avslutning av doktorgradsutdanning, men det går fram av forarbeida til 2024-lova at fusk på det nivået ikkje kan vera sjølvstendig grunn til tvungen avslutning. Dermed er det overlate til kvar enkelt lærestad kva som skal vera straffa når ein stipendiat fuskar. 

I forarbeida er det antyda at sakene skal handsamast som personalsaker. Dette er etter mi meining lite føremålstenleg. Sakene gjeld utdanninga og ikkje arbeidsforholdet. Dei må difor behandlast som studiesaker. Eit moment her er at det er vanleg at ph.d.-studentar tek emne ved andre lærestader — det kan til og med henda at nokon er stipendiat ved ein lærestad, tatt opp på doktorgradsprogram ved ein annan og tek emne ved ein tredje.

Sakene gjeld utdanninga og ikkje arbeidsforholdet. Dei må difor behandlast som studiesaker.

Olaug Husabø

Så kva er praksis? Kva straff får ein stipendiat som vert funnen skuldig i fusk i opplæringsdelen? Her er sitat frå nokre av sakene tilsette i sektoren har fortalt meg om gjennom åra:

  • «Det var fleire som fuska på eit doktorgradsemne, men tilfella vart ikkje behandla som fuskesaker. I staden valde dei å stryka kandidatane.»
  • «Ein stipendiat på x fakultet fuska på eit emne i opplæringsdelen, men det skjedde ingenting. Hen er stipendiat framleis.»
  • «Korleis det gjekk med stipendiaten som fuska på y fakultet? Hen fekk ei åtvaring.»
  • «Eg var sensor på eit doktorgradsemne nyleg og melde frå om eit tilfelle av fusk, men saka vart berre lagt bort.».

Eksempla er frå ein høgskule og tre universitet. Det kan sjølvsagt henda at det finst stipendiatar som har fått strengare straff, men det manglar uansett ei norm for kva straff som kan bli gitt.

Det har vore medieoppslag om ein del fuskesakene det siste året. Noko som har vore mykje kritisert er at det er ulike reglar og ulik praksis ved institusjonane. Denne kritikken kan i høg grad også rettast mot handtering av saker der stipendiatar fuskar.

Det er nødvendig å samordna reglar og praksis når det gjeld fuskesaker. Sidan UHR allereie er på bana med nye felles fuskeregler er det naturleg å peika på dei. Ei arbeidsgruppe oppnemnt av UHR har føreslått reglane, og ifølgje oppslag i Khrono skal arbeidet no halda fram. Gruppa skal sjå på behandlingsrutinar, kva institusjonane reknar som fusk og kva reaksjonar som vert brukte. 

I dette arbeidet må fuskesaker som gjeld stipendiatar inkluderast. Det må kartleggast kva institusjonar som har hatt slike saker, korleis sakene blir handtert og kva straff som har vorte gitt. Det bør kanskje også undersøkast om vurderinga av kva som er fusk er den same for desse sakene som for dei andre.

UHR bør i tillegg komma med råd om kva straff som kan reknast som tilsvarande eitt og to år utestenging. Straffa må ha same konsekvens som utestenging; at utdanninga vert forseinka. Dersom det ikkje er heimel for slik straff, må lova endrast.

Og til sist: dersom det ikkje kan fastsetjast streng nok straff for stipendiatar, må regelen om utestenging av andre studentar opphevast.

Powered by Labrador CMS