Ytringsfridom

Sjølvsensur, gruppedynamikk og verdiposering. — Mange i akademia har altfor ukritisk bøygd seg for rare krav

Universitets- og høgskulefolk gir etter for press av frykt for å bli kansellerte, skulda for rasisme eller hamne på «gal side av historia», trur forfattar og journalist Frank Rossavik.

Frank Rossavik er ein av dei mest markante kritikarane i Noreg av den radikale identitetspolitikken, som han fryktar kan undergrave både ytringsfridom og akademisk fridom.

Frontfigurane i akademia risikerer på denne måten å undergrave ytringsfridomen og den akademiske fridomen:

— Dei vil halde seg på den «rette sida av historia» og støtte det dei ser på som ei god sak, som for eksempel mindre diskriminering av minoritetar. Både i Noreg og andre land vil universitetsleiarar generelt ønske å kome det dei ser som legitime krav frå studentar i møte. Det tryggaste kan fort bli å ta omsyn til dei som ropar høgast. Problemet er ikkje eigentleg aktivistane, men folk med forskjellige typar makt som gir etter for aktivistane utan å tenke seg ordentleg om, seier Frank Rossavik.

Fakta

Frank Rossavik

  • Kommentator i Aftenposten og sakprosaforfattar av fleire bøker mellom anna om ytringsfridom
  • Tidlegare politiske redaktør i Bergens Tidende og samfunnsredaktør i Morgenbladet
  • Medlem av Kringkastingsrådet frå 2010 til 2015 og styremedlem i Stiftelsen Fritt Ord sidan 2011. Pressesekretær i SV i 1988-1990 og informasjonssjef i Europabevegelsen i Norge i 1992-1995.

Kjelde: snl.no

Han har i mange år engasjert seg i spørsmål om ytringsfridom, både som kommentator i Aftenposten, som forfattar og gjennom verv i Fritt Ord og Kringkastingsrådet.

I si nye bok, «De korrekte. Identitetspolitikk, kansellering og presset mot det liberale samfunn», dissekerer Rossavik identitetspolitikken. Den både spring ut av og utfoldar seg særleg i universitetsverda, i tillegg til delar av kunst- og kulturlivet.

Om du synest det er vanskeleg å få tak på identitetspolitikk, er du ikkje åleine:

«Å skrive har føltes som å prøve å spikre gelé til veggen. Hvilke ord skal man bruke om alle ordene man ikke helt vet om man forstår, og som dessuten kan være tvetydige», skriv Rossavik.

Retten til å ha rett

— Kva er identitetspolitikk?

— Den klassiske definisjonen er mobilisering av undertrykte grupper på grunnlag av felles erfaring, historie og kultur, med sikte på å betre sin posisjon i storsamfunnet. Det er ein definisjon som ingen vil vere ueinig i. Eg opererer i tillegg med eit skilje mellom gammal og ny identitetspolitikk. Der den gamle handlar om å styrke fridomen til undertrykte grupper og løfte dei opp til nivå med andre, krev den nye i tillegg særlege rettar og privilegium, som skal vege opp for undertrykking i samtid og fortid, seier Rossavik.

Identitetspolitikarane går ofte laus på personar og stemplar folk som seier noko som ikkje er «riktig»

Frank Rossavik

Det er det siste som er problemet: når hudfarge, kjønnsidentitet, etnisitet, religion eller andre identitetar i seg sjølv blir definerande for eksklusive rettar. Ikkje minst blir det problematisk, ifølgje Rossavik, fordi ein av rettane som ofte blir kravd, er retten til å alltid ha rett.

— Eitt av dei største problema er at dei identitetspolitiske aktivistane har mykje høgare toleranse for personangrep enn det som har vore vanleg i det eg vil kalle liberale diskusjonar. Det liberale idealet er jo at rasjonelle argument skal gjelde. Identitetspolitikarane går ofte laus på personar og stemplar folk som seier noko som ikkje er «riktig», for eksempel som rasistar eller transfobe, gjerne utan at det er noko godt grunnlag for det. I staden for å møte opp med argument og diskutere, krev ein at denne personen trekker det tilbake og ber om orsaking. Ein går på person og unngår sak. Eg vil legge til at det sjølvsagt er forskjell på aktivistar. Nokon er meir ytterleggåande enn andre.

— Kven er dei, desse aktivistane?

— Det er studentar, akademikarar, folk i kunstfeltet, ein del journalistar og samfunnsdebattantar. Dette er folk frå intellektuelle miljø, det er ikkje noko ein er opptatt av i arbeidarklassen, for å seie det på den måten. Mykje av dette skjer i sosiale media, på Twitter og Facebook.

Ropet om straff

I boka trekker Rossavik fram mange eksempel, frå utlandet og Noreg, på akademikarar og kunstnarar som er blitt kansellerte av aktivistar, mobba og frosne ut av «sine eigne». Blant eksempla frå akademia er rabalderet om statuane av Ludvig Holberg og Winston Churchill og striden på Kunsthøgskolen i Oslo, og ikkje minst «Hellestveit-saka».

I alle sakene figurerer dei typiske identitetspolitiske markørane: krenking, kansellering, påstandar om strukturell eller open rasisme.

Forskaren Cecilie Hellestveit åtvara om at andelen utanlandske forskarar i visse fagfelt var så høg at det kunne gå ut over viktige, norske samfunnsinteresser. Dei mange reaksjonane ho fekk er etter kvart godt kjende: rektoren som ønskte å kansellere henne (og seinare beklaga). Professoren som ikkje lenger ville la henne halde forelesingar. Skuldingane i sosiale medium om rasisme.

Hellestveit let seg ikkje kansellere. Men måten Hellestveit vart møtt på, meiner Rossavik kan ha skremt andre bort frå å delta i ordskiftet.

Hellestveit vart seinare kåra til «Årets namn i akademia» i Khrono.

«(…) noe som fikk den norske sosiologiprofessoren Alf Gunnvald Nilsen (…) til å si at Norges universitetsavis belønner stigmatisering av utenlandske forskere (…). Når selv ikke privilegerte akademikere i full jobb kan tåle såpass uten å rope om boikott og straff, sender det signaler både ned til studenter, sidelengs til andre akademikere og ut i verden (…) som har fått mange forskere til å frykte for sin frihet», skriv Rossavik.

Ei bjørneteneste

Kor gale er det eigentleg blitt i norsk akademia, etter ditt syn?

— Det er vanskeleg å seie eksakt. Ei meiningsmåling frå i fjor viste at halvparten av dei spurte forskarane av ulike grunnar vegra seg for å formidle sine forskingsfunn i media, mellom anna av frykt for negative kommentarar og reaksjonar. Dei fleste reaksjonane kom frå kollegaer, eigen institusjon og andre forskarar. I USA viste ei frå Heterodox Academy, ein uavhengig organisasjon for meiningsmangfald i akademia, at 25 prosent av forskarane i USA var «veldig bekymra» for at ytringar kunne øydelegge karrieren deira. 29 prosent var «ekstremt bekymra». Til saman er det altså over halvparten som fryktar for ytringsfridomen sin. Ein kan diskutere kor mykje identitetspolitikken bidrar til dette, men at det er ein vesentleg faktor, er heilt sikkert.

— I eit intervju med Khrono i november 2020 sa stipendiaten Tellef Raabe at Hysteriet om trusselen mot ytringsfridomen er større enn trusselen mot ytringsfridomen». Poenget, som også fleire har trekt fram, var at kanselleringskultur er ein myte, funne opp av amerikanske høgreside for å sverte motstandarar, og hausa opp av media med vrangførestillingar om «amerikanske tilstandar» i Noreg. Kva tenker du om dette?

— Han tar feil. Eg kritiserer ein form for aktivisme som eit farleg fenomen. Dei som er aktivistar ser sjølvsagt seg sjølve som eit godt fenomen. Eg vil anta Raabe meiner at aktivistane kjempar for ei god sak og bør få gjennomslag. Det er legitimt. Men eg er ueinig. For sjølv om dei kjempar for ei god sak, undergrev dei det liberale demokratiet. Dei gjer dermed minoritetane dei ønskjer å løfte ei bjørneteneste.

Problemet er, skriv Rossavik, «at altfor mange, særlig i akademia og kulturlivet, ukritisk har bøyd seg for rare krav og sære virkelighetsoppfatninger».

Først når frykta for å hamne på «gal side av historien» fordampar, går det an å lære noko av dei identitetspolitiske aktivistane, trur han: «En del av problemene de tar opp, er reelle. En del av kravene de stiller, er relevante».

Rossavik tar høgde for at kanselleringskultur ikkje berre eit fenomen som kjenneteiknar ein del av dei venstreorienterte aktivistane. Skuldingane om kanselleringskultur kan til tider bli både programmatiske og høglydte. Donald Trump ropar «kanselleringskultur» mot stort sett alt som går imot.

«Likevel tilhører den uoffisielle rekorden nok Trumps venn, Vladimir Putin», skriv Rossavik. I mars 2022 samanlikna han den vestlege kritikken av Russlands invasjon i Ukraina med forsøka på å kansellere Harry Potter-forfattar J.K. Rowling. Rowlings svar: «Folk som slakter tusenvis av sivile fordi de forsvarer seg, og som fengsler og forgifter sine kritikere, er ikke de best egnede til å kritisere vestlig kanselleringskultur».

— Ytre høgre er også ein trussel mot det liberale demokratiet. Problemet med begge ytterkantane er at dei ikkje har respekt for annleis tenkande. Du er enten berre venn eller berre fiende, alt er ein krig om makt, og ikkje ein diskusjon bygd på dei beste argumenta.

Svart, kvitt og kritisk

I «De korrekte» skriv Rossavik om røtene på amerikanske universitet til dagens versjon av identitetspolitikken . Om vokabularet, om rasialisering og trygge soner, woke og interseksjonalitet. Om korleis identitetspolitikk gneg seg inn i ordskiftet. Om korleis forfattaren meiner dette utgjer ein fare for dei grunnleggande verdiane i det liberale demokratiet.

Det fører tilbake til ein artikkel frå 1980 av Derrick Bell, den første svarte professoren som vart tilsett ved Harvard Law School, i 1971.

Bells påstand er at amerikansk høgsterett i 1954 avskaffa raseskiljet på skular, ikkje fordi det var moralsk gale, men fordi det tente dei økonomiske og politiske interessene til den kvite majoriteten. Rase er ifølge Bell eit konsept skapt for å sikre kvit dominans. Rasismen er ikkje berre noko enkeltmenneske gjer seg skuldige i, men ligg i systemet, rasismen er strukturell.

«Implikasjonen», skriv Rossavik, «er at hvis en hvit makthaver sier eller gjør noe som tilsynelatende viser engasjement mot rasisme, er det ikke oppriktig».

Bells tese var med på å legge grunnlaget for det som andre utvikla til kritisk raseteori. Frå utgangspunktet i jussen har teorien i dag eit sterkare feste i humaniora og samfunnsvitskapen. I dag kan studentar ta kritisk raseteori som fag på meir enn 200 lærestader berre i USA. Mange av dei blir identitetspolitiske aktivistar, ifølge Rossavik.

Offeret

Tilhengarane av kritisk teori legg vekt på folks oppleving av rasisme, heller enn at det er noko som må definerast eller førast bevis for.

«Den sier at hvite alltid vil forsvare sine privilegier, bevisst eller ubevisst. Slik sett blir antirasisme derfor en kamp mot hvite». Teorien er kritisk til liberale prinsipp «som rasjonalisme, likhet for loven og «fargeblindhet» — fordi de i praksis anses å sementere maktforhold. Politikk som tilsynelatende er fargeblind, kan i realiteten være rasistisk, vil en tilhenger av kritisk teori si», ifølgje Rossavik.

Med på teorilasset er den franske postmodernismen, med vekt på språk og makt, og mål om å dekonstruere sanninga. Då kan ei utsegn, som kanskje ikkje er meint å vere nedsetjande, likevel bli nedsetjande og kanskje til og med traumatiserande.

Dette blir i identitetspolitikkens språk ofte omtalt som mikroaggresjonar. «Definisjonsmakten er overlatt til offeret, eller den som mener å være et offer», med Rossaviks ord.

«I pakt med denne tenkningen, som i vår tid er svært utbredt, skal synderen i det minste irettesettes, hvis det da vurderes som en sterk nok reaksjon. På norsk oversettes begrepet av noen til «hverdagsrasisme», skriv Rossavik vidare.

Meir enn makt

— Den kritiske raseteorien går ut frå at kvite menneske ikkje har empati, at det berre er eigeninteresse som gjeld. Det er farleg, for då seier ein at mennesket, kvite, ikkje evnar å sjå forskjell på rett og gale. Det er all grunn til å vere opptatt av maktperspektivet, men ein bør ikkje gjere det til det einaste, seier Rossavik.

Overgangen frå teori til praksis er flytande, men ifølgje Rossavik er det i nokre miljø frå 1990-talet at overgangen til politikk og aktivisme i «ny tapning» skjer. Frå cirka 2010 var dette eit godt synleg fenomen, og politidrapet på George Floyd skapte eit gjennombrot.

— Teori er blitt til dogmatikk, oppsummerer Rossavik.

— For aktivistar kan det verke ekstra provoserande at eg har to minoritetskjenneteikn som begge er beskytta mot hatprat gjennom straffelovens paragraf 185, seier Frank Rossavik, som er homofil og høyrselshemma.

Trendar som alt hadde vore synlege ei tid er blitt forsterka fram mot våre dagar:

«Oppfordringene til hvite om å «tenke gjennom sine privilegier». Opprettelsen av «trygge soner» eller «ytringsfrihetssoner» på universiteter (fordi ytringsfrihet er noe farlig, som minoriteter bør kunne velge ikke å utsette seg for)».

Rossavik seier han ikkje samanliknar identitetspolitikk med religion, men at han forstår kvifor andre gjer det. Ein av dei, som Rossavik viser til i boka, er musikaren og låtskrivaren Nick Cave, som har kalla aktivismen for «verdas mest ulykksalige religion», ribba for dei gode sidene. «Kanselleringskultur er antitesen til nåde», med Cave sine ord.

Skeiv, men ikkje rett

«De korrekte» har også ei personleg side, der Rossavik på både djupt alvorleg og humoristisk vis trekker inn sine eigne «minoritetsidentitetar» som homofil og høyrselshemma. Forordet handlar om angrepet på London Pub i Oslo 24. juni.

I ein lystigare tone fortel han om ein debatt han var tilskodar til, om «Kunst, mangfold og redistribuering av makt». Arrangementet var ikkje tilrettelagt for høyrslehemma. Rossavik fekk dermed ikkje med seg eit fnugg av det som vart sagt.

«Helvete heller», tenkte Rossavik, «nå skal disse folkene få en runde identitetspolitikk».

Deretter tar han, ein smule sarkastisk, kontakt med sidemannen, som er den ansvarlege for arrangementet.

— Er det ein fordel eller ulempe i debattane du står i, at du har desse to identitetane med deg?

— På ein måte er det ei ulempe. For aktivistar kan det verke ekstra provoserande at eg har to minoritetskjenneteikn som begge er beskytta mot hatprat gjennom straffelovens paragraf 185. Eg er samstundes eit slags illojalt medlem av to minoritetar. Det er noko av det som gjer at eg blir engasjert. Eg opplever at aktivistar kjempar på mine vegner på ein måte eg ikkje ønsker. Eg seier av og til at eg høyrer til to identitetspolitiske minoritetar. Det er for mykje identitetspolitikk blant homofile og for lite blant høyrselshemma. Der dei døve er veldig aktive, er dei høyrselshemma eigentleg for lite bevisste på dei undertrykkande strukturane som trass alt finst og er svært merkbare.

— Er mangfaldsomgrepet for trongt?

— Vel, dersom ein ønskjer seg ein skeiv kunstnar ein stad, så er det ikkje ein skeiv av min type dei vil ha. Dei vil ha ein skeiv som ser verda på ein bestemt måte. Slik sett er mangfaldsomgrepet like avgrensande som utvidande. Eg meiner mangfald og representasjon er bra. Eg har støtta kjønnskvotering for kvinner som eit nødvendig verkemiddel i periodar. Det kan også vere nødvendig for andre grupper. Det eg er i mot, er dogmatikken, at berre det eine synet skal vere gjeldande.

Det eg er i mot, er dogmatikken, at berre det eine synet skal vere gjeldande

Frank Rossavik

Rossavik meiner han ser teikn til at mottrykket mot kanselleringskulturen han sjølv ønsker å bidra til er i ferd med å bli sterkare. Eit viktig skilje er ifølgje Rossavik at storavisa New York Times tok stilling i ein leiarartikkel i mars i år. Avisa har ifølgje Rossavik vore eit «kraftsentrum for radikal identitetspolitikk».

No har storavisa slått fast at kanselleringskultur i høgste grad finst, og at ytringsfridomen er trua av krefter frå både høgre og venstre av det politiske spekteret.

— Eg veit ikkje heilt kva veg det går. Nokon gonger verkar det som problemet minkar, andre gonger som at det er større enn eg har trudd, seier Rossavik.

Det forståelege

Han har ikkje tru på at universiteta kjem til å gå i front for å skape eit meir forsonleg samtaleklima. Det er lite som tyder på at akademikarar har ei meir danna tilnærming enn andre, meiner han.

— Vi ser mykje verdiposering og gruppedynamikk. Twitter, der mange akademikarar er, premierer korte og krasse utsegner. Rasjonelle argument og søking etter sanning har alltid vore viktige prinsipp i akademia. Men mykje av det som føregår i dag er brot på begge delar, seier Rossavik.

— Finst det likevel ein midtbane mellom jakta og angrepa på alt som kan lukte av rasisme, transfobi eller andre overtramp, på den eine sida — og på den andre: jakta på alt som kan stemplast som ytringsfiendtleg kansellering?

Rossavik er i alle fall ikkje uvillig til å akseptere at delar av identitetspolitikken ber i seg eit gode:

— Identitetspolitikken bidrar til ei bevisstgjering, for eksempel om at det som for nokon er harmlause utsegner og gjerningar, for andre kan vere diskriminerande. Han spring delvis ut av ei forståeleg og korrekt oppfatning av at det går for sakte med frigjeringa av marginaliserte grupper innanfor det liberale demokratiet. Demokratiet treng identitetspolitikken som impuls, men ikkje som dogmatisk sanning, seier Rossavik.

Powered by Labrador CMS