Debatt ● Gunnar yttri og andrea grutle

Seinsommarens vakraste tid er her

Fleire tusen nye studentar kjem no til Høgskulen på Vestlandet (HVL). I Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord vil me ta imot dei på beste vis.

Høgskulen på Vestlandet tek imot studentar til fem ulike campus. Det kjem 4000 nye studentar neste veke, og i tillegg kjem dei som skal ta masterutdanning og etter- og vidareutdanning.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Å ta fatt på høgare utdanning er ei viktig hending for eit ungt menneske. Det er starten på noko nytt. Ny kunnskap, ny innsikt og nye perspektiv. Ny plass, nytt miljø og nye venner. Vekst og modning. Danning og utdanning. Haldningar, verdiar og engasjement vert sett på prøve.

Ved studiestart i august ventar Høgskulen på Vestlandet (HVL) i alt 4000 nye studentar. Utetter hausten kjem det ytterlegare fleire tusen studentar til på master-program, etter- og vidareutdanningar og eit spekter av enkeltemne.

Høgskulen på Vestlandet med tilsette og fadrar er godt førebudde. Velkomstveka er høgtid. Ein god start på studietida er viktig. Tida som står føre kan verta den rikaste tida i livet. Eit ope og inkluderande studie- og læringsmiljø opnar for vekst og modning.

Utdanning og forsking ved HVL har ein høg grad av samfunnsnytte. Det er særs viktig for samfunnsutviklinga at våre studentar lukkast. Kvart år sender me ut 3000 kandidatar til arbeidslivet, langt dei fleste på Vestlandet.

Små og store private verksemder, kommunar, fylke og stat — våre kandidatar går ut i og formar arbeidslivet. Fleire skaper nye arbeidsplassar. Dette skjer innanfor økonomi, næring og teknologi, innanfor helse, velferd og omsorg, innanfor oppvekst, idrett og opplæring, og innanfor natur, kultur og samfunn.

Vestlandet er kjenneteikna av ein mangslungen og rik arbeidsmarknad. Den profesjons- og arbeidslivsretta høgskulen er kjenneteikna av ei rekkje samfunnsberande utdanningar. Fleire av våre studentar får tilbod om arbeid lenge før dei er ferdige med utdanninga.

Aktive og engasjerte studentar er viktige for høgskulen og for utviklinga av lokalsamfunna kring campusane. Studentane bringar inn nye impulsar og måtar å sjå verda på. Dei tek på seg verv og roller i det friviljuge lags- og organisasjonslivet. Dei går inn i deltidsjobbar. Dei har praksis i skular, i barnehagar, i kommunar, på sjukehuset, i næringslivet og meir. Dei skriv oppgåver i samarbeid med verdsleiande verksemder og utfører utviklingsarbeid med høg verdi.

Den enno ferske UNG-rapporten frå Opinion gir nokre peikepinnar på kva som opptek unge i alderen 15—25 år. Dei unge sin optimisme har dalt noko. Fleire har bekymringar enn tidlegare, og uroar seg over eiga framtid. Uroa har rot i økonomi og framtidsmoglegheiter, klima og miljø, krig og uro, og spreiing av falske nyhende. Trening, kosthald, trivsel og helse er område som opptek dei unge.

HVL har lange tradisjonar med utdanning og forsking på Vestlandet. Støttespelarar og samarbeidspartnarar i regionen har bidrege: Vertskommune, studentsamskipnad, næringsliv og offentlege verksemder, frivillig sektor og politiske miljø. Men i dei tider me er inne i trengst det eit endå betre og meir offensivt samspel for å styrka og utvikla studiestadane vidare. Attraktive regionar og gode lokalsamfunn er viktige når dei unge skal velja studiestad.

Gode studiestader er kraftsenter for læring og utvikling av ny kunnskap. Gode studiestader er stader der dei unge finn kraft til å utvikla seg sjølv, mot til å satsa på kunnskap og glede over å bidra til ei god utvikling for einskildmenneske og for samfunnet.

Seinsommarens vakraste tid er her. Studentane er tilbake i by og bygd! Ta vel imot studentane!

Powered by Labrador CMS