Debatt ● Kristin Bakken
Samfunnet treng humanistisk forsking
Nokre av oss meiner at vi treng humaniora og humanistisk forsking i ei krisetid. Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning varslar heller om ei krise for humaniora, skriv administrerande direktør Kristin Bakken ved NIKU.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Kulturarv og forsking på kulturarv er samfunnsnyttig. Dette er fordi slik kunnskap byggjer kulturell berekraft. For meg er dette opplagt. Etter å ha finlese den nye Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, sit eg litt handfallen tilbake.
I denne planen finst det ingen refleksar av at kulturarvforsking – eller kulturforsking i stort - er viktig. Tvert imot, humaniora er så fråverande i denne planen at det ikkje kan tolkast som anna enn at Ola Borten Moe (Sp) og Kunnskapsdepartementet er heilt usamde med meg i at humanistisk forsking er samfunnsnyttig.
Planen uttrykkjer ein sterk vilje til å bruke forsking som eit verkemiddel for å løyse dei store samfunnsutfordringane våre. Det er svært positivt, for det er heilt klart at forskarsamfunnet kan gje delsvar på mange av dei store problema vi uroar oss for i dag som klimakrise, krig, ressurskrise, velferdskrise m.m.
Likevel må eg etterlyse humaniora og dei vilkåra humanistisk forsking får i denne planen. Det er delvis gitt av jobbansvaret mitt som omfattar å yte tenester, oppdrag og forsking i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, men slett ikkje berre det. Samfunnet treng humanistisk forsking.
For å forstå og agere på dei ulike krisene verda no står oppe i, er den historiske og kulturelle bakgrunnen heilt avgjerande for å skape forståing for det mange no opplever som skremmande kaoskrefter. Vi spør etter fortolking og meining, og det trøystar samtidig å bli mint på alle dei positive og kreative overskotsprodukta menneska til alle tider har skapt. Vi treng kultur som motkraft til kaos.
Kva for rolle har så humanistisk forsking fått i langtidsplanen? Det er ikkje overraskande at dei tre overordna måla, dei seks tematiske satsingane eller dei to nasjonale samfunnsoppdraga ikkje speglar kulturspesifikke utfordringar. Det er ikkje å vente, for det er klart at desse måla er lagt på eit ganske overgripande nivå. Men ein må kunne vente at nokre av underkapitla til dei tematiske satsingane hadde relatert kulturell berekraft og humanistiske forskingsoppgåver meir direkte til desse satsingane.
Det blir, så langt eg kan sjå, forsøksvis gjort på eitt punkt, ikkje uventa i Kapittel 3.6 «Tillit og fellesskap». Her blir det sagt i innleiinga at den høge graden av tillit i Noreg «har lange historiske røtter, og har sammenheng med opplevelsen av fellesskap og kulturell identitet». For å bevare denne høge graden av tillit, blir det tatt til orde for tverrvitskapleg forsking med bidrag «særlig fra humaniora, samfunnsvitenskap og profesjonsfagene». Mange stader i dokumentet blir humaniora nemnd når det blir tatt til orde for tverrvitskaplege løysingar, men det er berre her at utfordringa som skal løysast faktisk er definert som klart kulturelt betinga.
Lenger nede i kapittelet «Tillit og fellesskap» finn vi fire liner som er det nærmaste denne planen kjem til å adressere spesifikke mål og ambisjonar for humanioraforskinga dei neste ti åra. Det står: «Vi har behov for forskning på kultur- og identitetsspørsmål, inkludert historiske og religiøse dimensjoner ved dette. Det norske forskningssystemet har et særlig ansvar for å frembringe solid forskning om norsk og samisk språk, kultur, historie, økonomi og andre samfunnsforhold, herunder forskning på regionale forhold.»
Som forskingsprogram for humaniora i Noreg dei neste ti åra er dette rett og slett for tynt. Det er ikkje meir enn fem år sidan den førre regjeringa la fram Humaniorameldinga, og ein skulle tru at noko derifrå kunne gjenbrukast? Sjølvsagt har vi ansvar for å forske på vår eigen kultur; ingen andre nasjonar akslar den oppgåva. Men dette er ikkje tilstrekkeleg for å gå laus på dei samfunnsutfordringane som langtidsplanen har trekt opp. Forsking på internasjonalt kultur, som til dømes slaviske språk, kultur og historie er heilt uomgjengeleg for å manøvrere klokt. Det same gjeld til dømes forsking på religion, kultur og historie til alle dei folkeslaga vi tar imot og skal inkludere.
I Humaniorameldinga blei det tatt til orde for å inkludere humanistiske perspektiv betre i forskingsprosjekt som hadde andre overordna mål. Ein ville inkludere humaniora betre i tverrvitskaplege prosjekt. Det er kanskje det denne Stortingsmeldinga freistar å følgje opp når dei under dei fleste tematiske satsingane nemner humanistisk forsking.
Eg fann fleire ganske like og formelaktige formuleringar. I essens går denne formelen ut på at ei utfordring blir identifisert og beskrive. Det blir ganske konkret skissert ulike forskingsfelt som må mobiliserast for å gå laus på forskingsutfordringane, og så blir det lagt til noko om behovet for tverrvitskap, der humaniora også blir nemnt. Dette er blitt til ein «regel» i dokumentet: «Som en hovedregel bør derfor relevante fagområder slik som samfunnsvitenskap, humaniora og jus involveres i alle tverrfaglige prosjekter.»
På vegner av humaniora må eg berre seie at måten humaniora er «inkludert» på, ikkje er overtydande. Humaniora blir nemnd som eit siste påklistra tillegg i formelen der ein tar til orde for tverrvitskaplege tilnærmingar, men det er uklart korleis og kva for fag som skal tenkjast inn her frå forskingsoppgåve til forskingsoppgåve.
Handlar det om litteraturvitskap, musikkvitskap, språkvitskap, religionsvitskap, filosofi, idéhistorie, arkeologi, kulturarvstudium eller historie? Med mykje kreativitet kunne kanskje forskarar i desse faga greie å relatere seg til nokre av alle dei velutvikla forskingsbehova som blir diskutert i Langtidsplanen, men ein får fint lita hjelp på vegen.
Sidan NIKU er eit forskingsinstitutt som skal arbeide anvendt, er det spesielt interessant for meg å sjå korleis kulturarv eventuelt er omtalt i planen. Ordet kulturarv blir nemnt éin gong: «Forskning på hvilke muligheter urfolk, nasjonale minoriteter og andre minoritetsgrupper har for å ivareta egen kulturarv og utøve egen kulturell praksis på tvers av landegrenser og i møte med majoritetssamfunnet.»
Dette er slett ikkje så dumt. Dette er jo eit viktig aspekt av den kritiske kulturarvforskinga, men det blir hengande litt i lause lufta. Kanskje dette kunne ha blitt utvikla i det eine avsnittet der behova for humanioraforsking blir eksplisitt tematisert? Ein må forstå både eigen og andre sin kulturarv for å byggje tillitssamfunnet.
Og for oss som arbeider med fysiske kulturminne er det fint å sjå at det er «behov for kunnskap om metoder for å etablere og bevare grønne arealer og kulturhistorisk verdifulle miljøer». Men dette avsnittet handlar eigenleg om korleis ein skal ta vare på natur i bystrok. Det verkar som om «og kulturhistorisk verdifulle miljøer» er hengt på som ein ettertanke utan kopling til problembeskrivinga framfor.
Eg forstår at denne langtidsplanen må adressere dei store samfunnsutfordringane. Eg ser også at idealet er tverrvitskaplege løysingar. Men forståinga av dei reelle bidraga humaniora og humanistisk forsking kan bidra med i samfunnsutviklinga, ikkje minst i ei krisetid, finn eg ikkje reflektert i denne langtidsplanen. Den er slik sett i utakt med forskingsprogramma i EU, der til dømes kulturarven sine potensielle bidrag i samfunnsbygginga er gjort eksplisitt.
På kort sikt vil den svake innarbeidinga av humaniora i dette forskingspolitiske dokumentet gje seg utslag i manglande utlysingar i Forskingsrådet. Første utslag av slik nedprioritering er det vel at midlar under FRIPRO ikkje blir utlyst i 2023. Men på sikt kan følgene blir mykje meir inngripande. For Langtidsplanen skal jo føre til at «målene og prioriteringene i langtidsplanen på sikt vil føre til [at] ressursbruken vris i retning av disse». Dermed les eg denne langtidsplanen som ei innvarsling av ei inngripande strukturell omprioritering i akademia bort frå humaniora.
Sjølv om nokre av oss meiner at vi treng humaniora og humanistisk forsking i ei krisetid, varslar altså langtidsplanen heller ei krise for humaniora.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Satte ny doktorgradsrekord i vår