Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda forklarer her kvifor han ikkje blei med på Kina-reisa til forskings- og høgreutdanningsminister Iselin Nybø. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Høgskular flest er i Kina

Kina-tur. Det var ikkje berre mangel på snakk om akademisk fridom som gjorde at Volda-rektoren blei heime. Fagområda til høgskulen var i liten grad tema på Kina-turen, skriv Johann Roppen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nettavisa Khrono tok kontakt med meg i samband med at over 200 representantar frå høgskular og universitet reiste til Kina på offisielt besøk i lag med Kunnskapsministeren og Kunnskapsdepartementet, blant anna dei fleste høgskulerektorane.

Sidan dei fleste rektorar deltok på reisa lurte Khrono på kvifor eg ikkje deltok. Det kort svaret mitt er sitert i Khrono (her omsett tilbake til nynorsk):

«Vi er ein spissa og profilert høgskule og våre fagområde var i liten grad tema på denne turen. Viss akademisk fridom, ytringsfridom og minoritetsspråk blir tema for seinere turar skal vi vurdere å bli med».

Vi er ein spissa og profilert høgskule og våre fagområde var i liten grad tema på denne turen. Viss akademisk fridom, ytringsfridom og minoritetsspråk blir tema for seinere turar skal vi vurdere å bli med.

Johann Roppen

Eg har fått fleire positive kommentarar frå tilsette og leiarar på Høgskulen i Volda (HVO) for denne korte kommentaren, og gjennomgangsmelodien var at dette var ei haldning som HVO kunne stå for. Det er eg glad for. Høgskulen i Volda er og skal vere internasjonalt orientert, men også ei kritisk røyst i samfunns- og utdanningsdebatten. Vi skal ikkje vere redde for å seie frå om at det også var problematiske sider ved å reise, noko både Khrono og Forskarforum har synt gjennom mediedekninga av denne reisa (sjå nedst i innlegget).

No vart svaret mitt kutta til berre siste setninga i ein liten plakat på Khrono – og det er kanskje den som har vorte lagt mest merke til.

Eg står for det som er sagt og eg er sitert på – men i tillegg vil eg gjerne få fram at dette ikkje var eit forsøk på å drive utanrikspolitikk eller å kritisere Kunnskapsdepartementet eller ei nedvurdering av institusjonane som valde å delta på reisa. Eg er sikker på at dei har gjort gode og grundige vurderingar på førehand av kva dei kan oppnå med denne reisa. Og eg er sikker på at akademisk dialog er viktig og nødvendig, men også at den fungerer ulikt på ulike fagområde og i ulike land og kulturar.

Men denne reisa var det i stor grad teknologi, naturvitskap og næringsperspektiv som var i fokus. Høgskulen i Volda er spissa og profilert inn mot heilt andre fagområde, ikkje minst mediefag. Men skulle vi hatt eit samarbeid innanfor mediefag og journalistikk ville det vere nokså uråd å ha ein meiningsfylt diskusjon utan å kome innom spørsmål som gjeld ytringsfridom og pressefridom.

Dette har blant anna professor Svein Brurås ved Høgskulen i Volda blogga om etter erfaringar med samarbeid med russiske universitet.

Det har vore godt informert om denne Kina-reisa på førehand. Datoane har vore klar lenge, tematikken likeeins og Universitets- og høgskulerådet (UHR) har også kopla seg på reisa med eigne arrangement. Tidlegare har vi fått tilsvarande invitasjonar til å reise til Brasil i lag med Kunnskapsministeren og resten av sektoren.

Mi vurdering av å eventuelt reise til Brasil i 2015 og til Kina i 2017 gjorde eg i lag med leiar for Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda – Arne Humberset. Spørsmåla vi stilte oss var om vi hadde etablert samarbeid med fagmiljø i dei to landa som skulle tilseie at vi burde reise for å forsterke og vidareutvikle slike samarbeid. Konklusjonen var at vi har liten utvekslingsaktivitet og få faglege samarbeid med Brasil og med Kina. Vi har nok hatt sporadiske besøk begge vegar, men ikkje nok til at eg vurderte det slik at vi burde vere til stades.

Eg fekk også gode råd frå rektorar som har vore med på slike reiser tidlegare, og dei gjekk ut på at det var lite produktivt å berre reise aleine som rektor. Det er nødvendig å ha eit følgje på fleire som kan konkretisere aktuelle samarbeidstiltak, og ikkje minst var dette viktig å førebu før reisa. Og då blir det eit veldig mykje større spørsmål enn berre å delta på ei reise. Det bør altså gå inn i ein større internasjonaliseringsstrategi.

Høgskulen i Volda har i nærare 20 år hatt utvekslingsavtalar med eit indisk universitet og vi har dei siste åra fått ei forsterka samarbeid med det japanske universitet Rykkio – og har utvekslingsstudentar der no. Eg har merka meg at desse to landa frå somme ekspertar blir peika på som mindre kompliserte samarbeidspartar enn Kina, og håper at vi kan utvikle desse samarbeida vidare.

Frå mediedekninga av Kina-reisa:

Kina nekter Aftenposten-journalist visum (Khrono 13.04.2018)UiO-forsker fikk ikke Kina-visum (Khrono 16.04.2018)Kinesiskprofessor får ikkje visum til Kina (Uniforum, 18.04.2018)Studentene kommer til å stille spørsmål om akademisk frihet (Khrono 16.04.2018)Studentene kom ikke til orde på Kina-arrangement (Khrono 19.04.2018)Reiser med egne mobiler og PC-er til Kina: – Pinlig og naivt (Forskerforum 18.04.2018)Forskningsrådet i Kina: Tok bare tomme PC-er og telefoner med seg til Kina (Universitetsavisa, 19.04.2018)– Jeg er definitivt bekymret for at Nybø ikke tar IT-sikkerhet på alvor(Forskerforum 20.04.2018)Svein Stølen: – Relasjonsbygger, ikke politiker (Universitetsavisa, 20.04.2018)​

Innlegget er først publisert på bloggen til Johann Roppen

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS