Ytringskulturen og fagligheten ved OsloMet

Publisert
Khrono feiret fem år og markerte det med debatt om ytringskultur og ytringsmot, tidligere i år. F.v. Elisabeth Eide, Anine Kierulf, Marit Boyesen og Curt Rice i panelet. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Khrono feiret fem år og markerte det med debatt om ytringskultur og ytringsmot, tidligere i år. F.v. Elisabeth Eide, Anine Kierulf, Marit Boyesen og Curt Rice i panelet. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Ytringskultur. Sigurd Haga er ikke sikker på at «elefanten» ved OsloMet er lagt død og at ytringskulturen er slik som rektor ved universitetet mener den er.

Åpent brev til rektor Curt Rice: Under overskrifta Ja til maktuavhengig ytringsfrihet, kommenterer du debatten som oppsto i forlenginga av Khronos jubileumsseminar. Du seier innleiingsvis at du er «svært opptatt av å debattere og få innspill i arbeidet med å utvikle universitetet vårt» - og etter m.a. å ha kommentert mitt innlegg, Elefanten ved OsloMet, avsluttar du slik:

«OsloMet er en arbeidsplass der det er lov å si fra, og der institusjonen gjør mye for å oppfordre til debatt. Jeg er enig med Åmås og Haga at noe annet er ikke et universitet verdig, og nettopp derfor finner jeg det viktig å ytre meg.

Eg er ikkje overtydd om at elefanten er lagt død og at ytrings-kulturen er slik du framstiller den.
Sigurd Haga
Seniorsenteret, OsloMet

I blant er det viktig å setja ord på det som burde vera sjølvsagt, t.d. at ytringsfriheten skal vera maktuavhengig. Slike utsagn kan vera ei god rettesnor for praksis.

Utsagnet at «det er lov å si fra» er sjølvsagt i vårt samfunn. Men det kan skjerpes. Dersom retten til «å si fra» dreier seg om retten til deltaking, i tydinga medverknad og medbestemming, og at OsloMet skal vera ein institusjon der fagleg engasjement, erfaringar og argument blir tatt på alvor, stiller det krav til fagkulturen, til avgjerdsprosessane, til Det bedre argument. Og då er det den faglege innsikten som tel mest. Slik har det ikkje alltid vore ved HiO/HiOA. Er det nå blitt slik ved OsloMet?

I ditt tilsvar i Khrono stiller du deg uforståande og avvisande til hovudinnhaldet i mitt innlegg. Du unnlet t.d. å reflektera både over synspunktet at det finst motstridande tenkemåtar og over konsekvensane av fråværet av ein institusjonalisert refleksjonskultur. Heller ikkje dei konkrete døma eg nemner vart kommenterte. Eg er derfor ikkje overtydd om at elefanten er lagt død og at ytringskulturen er slik du framstiller den.

Som rektor ønsker du deg «innspill i arbeidet med å utvikle universitetet vårt». Mitt innspel er todelt.

Først eit konstruktivt innspel om å ta vare på og å utvikle OsloMet som profesjonsuniversitetet. Utgangspunktet er HiOs, nå OsloMet, sitt primære samfunnsoppdrag. Eg skal nå nemne fire føresetnader som eg meiner er viktige for å ivareta og vidareutvikle praksiselementa i profesjonsutdanningane. Desse elementa heng saman, dei er gjensidige, både føresetnader og konsekvensar for kvarandre.

1) Profesjonsutdanningane er samfunnet sine utdanningar. Dei er oppretta for å utdanne og danne dugande profesjonsutøverar. Dette er ikkje utdanningar for særinteresser eller for karrieristar. Kva som er legitime interesser krev kontinuerleg debatt. Fagkritisk refleksjon må derfor vera ein del av faget.

2) Ideen om det faglege fellesskapet. Lærarkollektivet, eller meir presist læringskollektivet, er profesjonsutdanningsinstitusjonens, nå OsloMet, si grunneining. Det er dette kollektivet som har det reelle, konkrete ansvaret for kvaliteten på institusjonens primærverksemd.

3) Ideen om dei praktiske fagas/utdanningane sin eigenart. Dette er ein leiings- og organiseringsmodell som forutset kunnskap og innsikt i det som skal leiast.

4) Ideen om innanfrådriven, eller lokal teori- og praksisutvikling. Andre kunnskapsinstansar sin kommentatorkompetanse må ivaretas.

I den hierarkiserte høgskolen etter 1994 har det blitt innført alternative føringar til desse fire føresetnadene. Det har endra utdanningskulturen, ført til målforskyving, utan at innhalds- og kursendringa har blitt gjenstand for grunnleggande drøfting.

Mitt andre innspel er eit svar på det du etterlyser: at påstandene om ytringsfrykt «må begrunnes i forskning, og at anekdoter ikke er nok». I boka Men slikt forekommer da ikke i Norge! (Svein Sandnes Bokforlag, 2017) dokumenterer eg, med konkrete døme (i del I), at ytringsfridom og rettssikkerhet blir tilsidesett, og at elefanten i rommet, metaforen for det vi «ikkje ser, eller for det vi unngår å snakka om» er ein høgst verksam realitet også ved OsloMet. Dokumentasjonen viser ein styringskultur som «ikke er universitetet verdig».

Boka er omtalt av litteraturkritikeren Espen Grønlie i ein serie om Aktuelle klassikere i Vårt Land (Den absurde prosessen, 10. juni 2017). Boka vart brukt som eit aktuellt døme på ein Kafkaprosess. I ingressen står det at «Franz Kafkas Prosessen har vært fortolket som en roman om et moderne overvåkingssamfunn. Mer presist kan den forstås som en kritikk av teknokratisk styring og overdreven byråkratisering.»

Boka er også omtalt av Runo Hellvin i Khrono og i tidsskriftet Replikk (UiB). Men leiinga ved OsloMet har valt å vera tause. Det synes eg er like sensasjonelt og uverdig som det dokumentasjonen avdekker. Og det forventar eg at du som rektor ikkje lenger vil tillate. Derfor ser eg fram til eit framhald av denne innleiande meiningsutvekslinga om ytringskulturen og fagligheten ved OsloMet.

​​

debatt

Har du noe på hjertet?

Send oss et debattinnlegg, en kronikk eller en meningsytring. Alle innlegg signeres med fullt navn og tittel.

Film. Regissør Håvard Bustnes sitt prosjekt ser ut til å være å fortelle om den politiske utviklingen i Hellas, men også å åpne opp nordmenns forestilling om et land vi først og fremst kjenner gjennom strender, ouzo og fetaost.

Lik rett. Vi vil aldri la vårt universitet bli Trumpifisert, skriver studentlisteleder Maren Bakkevoll som svar til at studentleder på Facebook applauderte Trumps oppfordring om å slutte å kvotere for mangfold ved amerikanske universiteter.