Maktforhold og prestisje, strukturelle forhold og motstridande tenkemåtar er tema vi ikkje har kultur for å diskutera. Slik burde det ikkje vera i akademia, skriv Sgurd Haga . Foto: Ketil Blom Haugstulen

Elefanten ved OsloMet

Kritikk. Integrert fagkritisk refleksjon kunne bidradd til at det i vår faglege kvardag vart uproblematisk å drøfta skiljet mellom t.d. legitim og illegitim maktutøving og mellom maktkritikk og moralisering, skriv Sigurd Haga.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I Motstridande tenkemåter

Det finst ein elefant ved OsloMet. Det spesielle ved denne elefanten er at leiinga ikkje er i stand til å (be)gripe den. Eit tydeleg eksempel på dette fekk vi demonstrert på jubileumsseminaret om ytringsklimaet i akademia som Khrono arrangerte i samband med sitt femårsjubileum: Rektor Curt Rice kjente seg overhodet ikkje igjen i dei konkrete beskrivelsane av ytringsvegring og av manglande kultur for åpenhet og kritisk refleksjon som paneldeltakarane, Khronos redaktør og innlegga frå salen fortalte om.

Eg meiner det er ein konstruk-sjonsfeil at fag-og vitskaps-kritikk ikkje er blitt integrert og prioritert i alle profesjons-utdan-ningane ved OsloMet.

Sigurd Haga

Eg meiner dette har ei heilt naturleg forklaring: Curt Rice (som så mange andre tilsette i den hierarkiserte høgskolen etter 1994) kjenner ikkje den verksemda og den røyndomen han er sett til å leie. Og då meiner eg ikkje berre «kjenner til», men erfaringsbasert djup innsikt. Og slik innsikt - i den einskilde profesjonsutdanning sin eigenart og tenkemåte - kan vi ikkje venta at lingvisten Curt Rice skal ha. For det ein ikkje har begrep om, og då meiner eg djup kunnskap, det er det lett å oversjå og lett å avvise som ikkje eksisterande.

Men elefanten i rommet, metaforen for det vi ikkje ser, eller for det vi unngår å snakka om, eksisterer aldri i eit vakum. I tillegg til mangelen på erfaring og profesjonsutdanningsfagleg innsikt, er også maktforhold og prestisje, strukturelle forhold og motstridande tenkemåtar tema vi ikkje har kultur for å diskutera. Slik burde det ikkje vera i akademia.

Eg meiner det er ein konstruksjonsfeil at fag-og vitskapskritikk ikkje er blitt integrert og prioritert i alle profesjonsutdanningane ved høgskolen/OsloMet. Integrert fagkritisk refleksjon kunne bidradd til at det i vår faglege kvardag vart uproblematisk å drøfta skiljet mellom t.d. legitim og illegitim maktutøving og mellom maktkritikk og moralisering. I ein slik fagkultur vil det vera forståing for at ulike typar kunnskap og motstridande tenkemåtar finst, og at eit innlegg som dette ikkje dreier seg om personen Rice. (Han har jo ikkje tilsett seg sjølv. Men vi har alle ansvar for det vi tenker og for den måten vi arbeider på).

Elefanten ved OsloMet er altså ingen nykommar. Den ytringsfrykt som i dag eksisterer ved OsloMet er for ein stor del eit biprodukt av at HiO-leiinga ikkje skjøna verknadene av maktforskyvinga og den vertikaliserte styringskulturen som strukturreforma i 1994 la til rette for. Det er mangelen på grunnleggande fagdebatt og leiingas manglande (be)grep om utdanninganes eigenart som held liv i elefanten.

Ei kvar historie har ei forhistorie. La oss ta eit steg attende og sjå på nokre døme frå vår nære fortid:

- Då dei mange statlege høgskolane var slått saman til Høgskolen i Oslo i 1994, vart det etablert to nye nivå over utdanningane. Desse nye niva henta dei fleste av sine arbeidsoppgåver frå utdanningane. Dei skaffa seg dermed definisjonsmakt over utdanninganes innhald og utvikling. Og utdanningskollektivet som læringsarena vart redusert.

- Avskaffinga av utdanninganes lærarråd, høgskolens mest utdanningskompetente organ, var eit vedtak med same verknad.

- Eit tredje døme er det kupparta nedleggingsforsøket av den utdanninga som SPS-forskinga utpeikte som høgskolens beste utdanning, med «ekstremt tilfredse studentar». Nye forsøk på å demolere denne utdanninga dukkar stadig opp. I dag, tjue år etter kuppforsøket, har utdanninga fått tildelt to nye år – på høgskoleleiingas death row.

Desse døma dokumenterer eit brot i den faglege dannings- og utdanningshistoria. Eit kulturbrot. Overstyringa og overtakinga av mykje av det problemløysande og fagutviklande læringsarbeidet, og maktarrogansen, har ført til eit fagleg og demokratisk tilbakesteg for utdanningane. Dette perspektivet er så godt som ikkje blitt problematisert.

Profesjonsutdanningane er oppretta for å utdanne dugande profesjonsutøverar. Det er det som framleis er høgskolens, nå OsloMets primære oppgåve. Den oppgåva er det få som snakkar om i dag.

I dei siste åra har høgskoleleiinga prioritert ei oppgåve: Å bli universitet. For å oppnå universitetsstatus har det blitt brukt mange ressursar og mykje maktutøving. Skilnaden mellom forskinguniversitetet og ein profesjonsutdanningsinstitusjon har blitt oversett. Det er ingen tvil om at universitetskopieringa, med tellekantproduksjon og nye profesjonsframande meritteringsinsentiv har hatt stor påverknad på høgskolens primære verksemd. Det særeigne ved profesjonsutdanningane, utdanning og danning til deltaking, er blitt oversett. I denne situasjonen er det viktig å minna om at det er ein ikkje-kumulativ utdanningsrasjonalitet som er (dei fleste) profesjonsutdanningane sin overordna utdanningslogikk.

I tillegg til leiingas manglande forståing av profesjonsutdanninganes eigenart, kan den utbreidde New Public Management-tenkemåten også bidra til å forklare tyngdeforskyvinga bort frå utdanningsnivået. I følge NPM treng ikkje leiarar å ha innsikt i den verksemda dei skal leia. Leiing er styring. Frå eit økonomisk-administrativt bedriftsperspektiv blir maktforskyvinga, frå høgskolens primære verksemd og til dei «overordna» nye nivåa, sett på som eit styringseffektivt rasjonaliseringstiltak.

Kombinasjonen av den hegemoniske, disiplinorienterte universitetstenkemåten og den administrative styringslogikken har ført til ei grunnleggande endring; bort frå rekruttering av utdanningsleiarar, med profesjonserfaring og den innsikt som krevst for å kunne røkte den finstemte ballansen mellom dei mange elementa som må ivaretas i utdanningskvardagen. Overskrifta på dette innlegget er eit uttrykk for dette.

Og er det ikkje rart at dei som ivaretar høgskolens primæroppgåve, sjølve samfunnsmandatet: å utdanne og danne studentar til dugande praktikarar, har sakka akterut både økonomisk og med omsyn til arbeidsforhold og status, samanlikna med tilsette i høgskolens sekundære verksemd?

Ved ein akademisk institusjon, i vårt samfunn, burde avsløring av elefantar være ei sentral fagdemokratisk oppgåve. Ved HiOA, nå OsloMet, har Khrono aksla denne oppgåva. Men også rektor Rice skal ha takk for at han så tydeleg framstår i debatten, som keisar, utan profesjonsfagleg bakgrunn og bunad.

II Frå paradigmestrid – til både - og

Del I bygger på den antakinga at det fins motstridande faglege tenkemåtar. Og på at uroa og konfliktane ved OsloMet er ein konsekvens av den hegemoniske utdanningstenkemåten sin dominans. Eg har m.a. peika på skiljet mellom ein kumulativ utdanningslogikk og ein ikkje kumulativ utdanningstenke- og organiseringsmåte.

Frå vitskapshistoria veit vi at slike grunnleggande motsetnader vanskeleg kan løysast ved hjelp av argument. Det er så godt som umogleg der makta er så ulikt fordelt og så etablert som ved OsloMet. Debatten i Khrono og i andre media tyder på at vi nå er inne i, eller på veg inn i, det som Th. Kuhn omtalar som ein paradigmatisk fase. Det blir sagt at ei anna utvikling er først mogleg når dei som eig sannheten blir pensjonerte eller døyr. Eller blir fråtatt sine maktposisjonar. Det betyr bitre kampar.

Eg meiner det finst ei betre løysing. Den må ta omsyn til at profesjonsutdanningane ved OsloMet er ulike. Og at mange av dei fusjonerte forskingsinstitusjonane ikkje er profesjonsutdanningar. Derfor treng vi ei både /og-løysing, som kan ivareta både den kummulative utdanningsrasjonaliteten og den ikkje kumulative tenkemåten. Forslaget går ut på å etablere to lærings- og meritteringsløp. I kapittel VI i boka: Men slikt forekommer da ikke i Norge! har eg beskrive eit forslag til ei slik både/og-løysing.​

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS