eigedom
Kan gå mot løysing for Griegakademiet
Eit fleirtal i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget har vedteke at Universitetet i Bergen skal kunne få halda fram arbeidet med å planlegga nybygg for Griegakademiet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Stortinget ber regjeringen sørge for at UiB får anledning til å bruke egne avsatte midler til å fortsette prosjekteringen av nye lokaler for Griegakademiet, i samarbeid med Statsbygg.»
Det heiter det i eit vedtak frå utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Khrono har skrive om Universitetet i Bergen som ønskjer eit nytt bygg for Griegakademiet. Dekan Frode Thorsen har i tjue år jobba med å få musikkutdanning ut frå gamle Nygård skole og inn i meir eigna lokale.
Det låg pengar inne i statsbudsjettet til forprosjekt både i 2018 og 2019, men pengane var ikkje med i statsbudsjett for 2020, og låg heller ikkje inne i forslaget til statsbudsjett for 2021.
Student tok saka
— Eg jubla då eg såg dette. Det er på tide, seier Martine Jordana Baarholm.
Ho er nestleiar i Studentparlamentet ved UiB og i tillegg fylkesformann for FpU i Vestland. Ho tok opp saka med stortingspolitikar Helge André Njåstad.
— UiB får beskjed om at dei sjølve har ansvar for å forvalta eigne bygg. Og det er jo det UiB prøver å gjera, seier Baarholm.
UiB har sett av 10 millionar til prosjektet i 2021-budsjettet. Men fordi det er Statsbygg som på sikt skal bygga, og UiB leiga, trengs det godkjenning frå departementet før ein kan gå i gang.
Optimist
Baarholm meiner eit nytt bygg vil kunne bety mykje både for musikkstudentane, men òg for kulturlivet i byen. Ho fortel om då ho var på besøk på Griegakademiet og høyrde musikk frå alle kantar.
Lydisolering er nemleg ei av utfordringane med det gamle bygget, og òg det som gjer at det vert svært dyrt å bygga om eksisterande bygg.
— Eg er forsiktig optimist no, skriv dekan Frode Thorsen i ein sms til Khrono.
— Dette er eit lite, men tydeleg skritt i rett retning.
Nylige artikler
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Ikke legg ned Akademisk dugnad
NTL og de andre
Mann (58) sverger til ukulele
Forskningsrådet myker opp reglene for karantene
Mest leste artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Svarer «langsom professor»: — Ikke mulig å drive toppforskning med norsk arbeidsmoral
Hardt ut mot stempel som ekstrem. — Orwellsk nytale
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert