griegakademiet

Håpar på bursdagsgåve til nybygg

Universitetet i Bergen håpar at når Griegakademiet fyller 25 år neste veke, kan dei få eit nybygg i gåve.

Med unntak av to år har Frode Thorsen hatt leiaransvar ved Griegakademiet sidan 1999. Lokalisering av utdanninga har vore ei pågåande sak alle desse åra, men framleis held musikkstudentane til i den gamle sentrumsskulen i Bergen.
Med unntak av to år har Frode Thorsen hatt leiaransvar ved Griegakademiet sidan 1999. Lokalisering av utdanninga har vore ei pågåande sak alle desse åra, men framleis held musikkstudentane til i den gamle sentrumsskulen i Bergen.
Publisert

I 1999 vart Frode Thorsen første gong instituttleiar ved Griegakademiet - Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen (UiB). Sidan den gong har han jobba med lokaliseringsproblematikken.

Griegakademiet held til i gamle Nygård skole, midt i Bergen sentrum. Øvingsromma er små, og ikkje lydtette, og rapportane om naudsynt vedlikehald har vore mange dei siste åra.

I 2013 lanserte dåverande instituttleiar Thorsen planane om ei ombygging av Nygård skole. I 2016 kom ideen om eit nybygg på Møllendal, der resten av Fakultet for kunst, musikk og design har flytta inn i eit nytt bygg. I 2019 kom det prosjekteringsmidlar inn på statsbudsjettet. Men for 2020 kom det ingenting, og det er heller ikkje lagt inn midlar i forslaget til 2021-budsjett.

No ber UiB om å sjølve få bruka pengar.

— Me har sett av 10 millionar i 2021-budsjettet vårt. Men me treng godkjenning frå departementet, sidan det er Statsbygg som skal gjera jobben, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

På politikarane sitt bord

Martine Jordana Baardholm er nestleiar i Studentparlamentet ved UiB og leiar for FpU i Vestland. Ho seier til Bergens Tidende at ho har teke kontakt med Framstegspartiet si stortingsgruppe.

Partifelle Roy Steffensen leiar utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. 7. desember skal komiteen koma med si innstilling til neste års statsbudsjett.

Steffensen skriv i ein epost til Khrono at Frp ikkje har lagt inn pengar i det alternative budsjettet sitt.

— Men me har sagt at me har forståing for rektor si tilnærming, og vil difor i arbeidet med statsbudsjettet i utdanningskomiteen utfordra regjeringspartia på kvifor UiB ikkje kan få bruka eigne avsette midlar til å halda fram med prosjekteringa.

Steffensen skriv vidare at det så vert opp til regjeringspartia å grunngi kvifor dette eventuelt ikkje kan eller bør gjerast.

— Så får me vurdera svaret deira då.

Fyller 25 år

Men Frode Thorsen har eit ønske. 24. november fyller Griegakademiet 25 år - på sjølvaste Nina Grieg sin fødselsdag.

— Det hadde vore ei passande gåve å få beskjed om at det kan verta nytt bygg. Det er endå ikkje for seint, seier Thorsen, og legg til:

— Den einaste fordelen med Griegakademiet sine lokale i dag, er at dei ligg like ved Grieghallen. Men framtida for Griegakademiet er ikkje i sentrum, den er på Møllendal.

Heis skulle koma i 1989

— Dåverande Bergen musikkonservatorium flytta inn i Nygård skole i 1987. Då var bygget delvis ombygd, men aldri skikkeleg ferdig, fortel Thorsen.

I dag er han dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design.

UiB kjøpte bygget i 2009. Bergen kommune hadde ein avtale om å få leiga i inntil ti år. No har kommunen flytta ut, og deler av Griegakademiet flytta inn i den delen - i nokre gamle klasserom.

— Det er meiningslaust å lappa på ein gamal bygning. Dersom det vert ombygging, må Griegakademiet ut i to år, seier dekanen.

Dersom eksisterande bygningsmasse skal byggast ut, må ein bygga rom i rommet for å få det lydtett. Det er dyrt.

Journalisten fortel at ho sjølv var på øving i Griegakademiet sine lokale, for snart tjue år sidan.

— Det er ganske tungt å bera instrumenta opp alle trappene...

— Sidan du var der, har det faktisk kome ein heis. Den kom i fjor. Etter planen skulle den kome i 1989, seier Thorsen.

Gunnar Sævig sal er Griegakademiet sin konsertsal, men vert òg nytta til undervisning. Ein kan høyra støy frå den trafikkerte Nygårdsgaten som ligg like utanfor.
Gunnar Sævig sal er Griegakademiet sin konsertsal, men vert òg nytta til undervisning. Ein kan høyra støy frå den trafikkerte Nygårdsgaten som ligg like utanfor.

Freda

Både dekan Thorsen og rektor Olsen var med då Bergens Tidende nyleg vitja bygget. Til Bergens Tidende fortalde musikkstudent Kristoffer Strømme, som spelar tuba, om korleis det er å øva i det gamle skulebygget frå 1918.

Studentane uroar kvarandre på grunn av dårleg lyddemping, seier Strømme.

— Det er veldig irriterande å høyra personen som sit fem rom bortanfor deg. Det gjer det vanskeleg å jobba, særlege på eit så detaljert nivå.

Bergens Tidende fortel òg om ei fersk støymåling bedriftshelsetenesta ved UiB har gjennomført. Dei meinere romma er for små, har for dårlege lyddemping og er lite eigna til øving.

— Manglande akkustisk regulering og lydisolering er det største problemet, seier Thorsen til Khrono.

— Brukar ein ikkje romma rett, kan ein få høyrselsskade.

I 1993 vart Nygård skole freda. Men det er i hovudsak eksteriøret og skulegarden utanfor som er omfatta av fredingsvedtaket.

Kunsthøgskolen i Bergen fusjonerte med Griegakadeemiet og vart eit felles fakultet. Kunst- og designfaga held til i nye lokale på Møllendal. Hit kjem det bybanestopp, og nabotomten er i utgangspunktet klar for nybygg for Griegakademiet.
Kunsthøgskolen i Bergen fusjonerte med Griegakadeemiet og vart eit felles fakultet. Kunst- og designfaga held til i nye lokale på Møllendal. Hit kjem det bybanestopp, og nabotomten er i utgangspunktet klar for nybygg for Griegakademiet.

Asheim: Kan ikkje prioritera alle

Universitetsstyret ved UiB uttrykte at dei var uroa for Griegeakademiet då dei handsama sak om budsjett for 2021. I ei anna sak i same møte, masterplan for areal, heiter det at «arealene i Nygård skole er nå nedslitt og lite funksjonelle. Behovet for oppgradering av Nygård skole er tydelig og siden 2006 har det vært utarbeidet plandokumenter for nye arealer for Griegakademiet».

Allereie i 2011 vart det i ein rapport peika på skilnadane mellom forholda for musikkstudentar i Bergen og andre nordiske byar.

— Det er mange store byggeprosjekt for tida, og me har ikkje moglegheit til å prioritera alle saman. Pengar til vidare prosjektering for Griegakademiet vil verta vurdert i komande budsjett, skriv forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ein epost til BT.

Asheim seier at det er UiB sitt ansvar å syta føre at bygga deira tilfredsstiller krav til helse, miljø og tryggleik.

UiB-rektor Dag Rune Olsen svarar på dette til Khrono:

— I 2019 og 202 brukte me 17 millionar til utbetring, og har sett av seks millionar til. Men det er grenser for kor mange lydtette rom me skal bygga dersom me skal ut av bygget, og det er òg eit spørsmål kor mykje me skal bruka av fellesskapets pengar på noko som ikkje er framtidsretta.

Powered by Labrador CMS