Saksøkarane sin advokat, Per Andreas Bjørgan (t.v.), gjer ei kjapp avklaring med regjeringsadvokat Torje Sunde før retten vart sett i sal 227 i Oslo tingrett i dag. Ved sidan av Bjørgan sit advokat Christie Erichsen Hurlen og Hilde Kristin Ellingsen. Foto: Ragnhild Vartdal

ELTE-rettssaka: Forventar dom innan tre veker

Autorisasjon. Den åtte dagar lange rettsaka mellom dei 163 psykoligstudentane frå ELTE-universitetet i Ungarn og staten er over.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein time på overtid var advokatane i dag ferdige med to dagar lange prosedyrer i søksmålssaka mellom studentane frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn og den norske stat.

Fakta

Dette skjedde i retten

Mandag 14. okt til og med onsdag 16. okt:

Innleiingsforedrag frå saksøkarane og staten

Torsdag 17. oktober:

  • 09.00 - 10.30: Partsforklaring Tor-Arne Haugland, ein av saksøkarane
  • 10:30 - 11:30: Partsforklaring Alexander Lundgreen Flottorp, ein av saksøkarane
  • 12.15 - 13.15: Partsforklaring Håkon S. Nordnes, ein av saksøkarane
  • 13.15 - 14.15: Vitneforklaring Jarle Eid, instituttleiar ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitna for staten.
  • 14.30 - 15.30: Vitneforklaring Bente Wold, dekan ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitna for staten.

Fredag 18. oktober 2019:

  • 09.00 - 10.00: Vitneforklaring Rasmus Dynna (per telefon), psykologspesialist ved Sjukehuset-Innlandet, DPS Gjøvik. Har vore rettleiar for ELTE-studentar og vitna for saksøkarane.
  • 10.15 - 11.15: Vitneforklaring Christer Gavén (per telefon), spesialist i klinisk psykologi, Helgelandssykehuset. Har vore rettleiar for ELTE-studentar og vitnar for saksøkarane.
  • 12.00 - 13.15: Vitneforklaring Anne Farseth, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Divisjon helseøkonomi og kompetanse, avdeling autorisasjon. Vitna for staten.
  • 13.30 - 14.45: Vitneforklaring Zsolt Demetrovics, fakultetsleiar (dekan) for utdanning og psykologi ved ELTE-universitetet. Vitna for saksøkarane.
  • 14:45 - 15:30: Vitneforklaring Tamás Fehér, advokat ved Jalsovszky law firm, Budapest, Ungarn. Vitna for staten.

Mandag 21. oktober 2019:

  • 09.00 - 10.30: Vitneforklaring Arne Holte, tidlegare visepresident for Psykologiforbundet. Vitna for saksøkarane.
  • 10.30 - 11.30: Vitneforklaring Roar Solholm, universitetslektor ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitna for staten.
  • 12.15 - 13.00: Vitneforklaring Christian Zimmermann, forhandlingssjef i Psykologforeningen. Vitna for staten.
  • 13.15 - 14.15: Vitneforklaring Per M. Aslaksen (per telefon), professor ved UiT-Norges arktiske universitet, vitna for staten.
  • 14.15 - 15.00: Helge Holgersen, førsteamanuensis ved Universitet i Bergen, og Christian Moltu, psykologspesialist i Helse Førde. Vitna for saksøkarane. Vart lagt til som vitne, etter at dei reagerte på dekan Bente Wold sine utsegn i vitneforklaringa hennar (etter å ha lest Khrono sin artikkel)

Tirsdag 22. okt til og med onsdag 23. okt:

  • Prosedyrer frå saksøkarane og staten.

Retten har høyrt partforklaringar frå tre av dei 163 psykologistudentane som har saksøkt staten. I tillegg har totalt 13 vitne forklart seg. Vitna har vore alt frå dekanar i Noreg og Ungarn, til professorar i psykologi, rettleiarar for ELTE-studentar, representantar frå Psykologiforbundet og Norsk psykologforeining.

Vi har høyrt sterke historier om unge menneske som har investert betydeleg med tid og ressursar i dette utdanningsløpet.

Per Andreas Bjørgan

Ein dom er venta innan tre veker, opplyste dommar Sven Olav Solberg før retten vart heva.

Det har vore ei rettssak med mykje følelsar involvert. Tre av dei 163 som er omfatta av gruppesøksmålet heldt partsforklaringar der dei snakka om forvirring, fortviling og usikkerheit.

— Vi har høyrt sterke historier om unge menneske som har investert betydeleg med tid og ressursar i dette utdanningsløpet og som har blitt gjenstand for denne praksisendringa, og vore svært usikre sidan, sa saksøkarane sin advokat Per Andreas Bjørgan i starten av si prosedyre tirsdag.

I tillegg til dei 163, så er det fleire som framleis ikkje er uteksaminerte frå ELTE enno, det er pårørande og andre som saka røyrer ved.

Det har tidvis også vore høg temperatur, både under vitneforklaringane og under prosedyrene dei siste dagane.

Om saksøkarane får medhald, kan saka truleg skape presedens for liknande saker, ifølgje saksøkarane sin advokat, Per Andreas Bjørgan.

Saksøkt

Årsaka til at dei 163 studentane endte opp med å saksøke staten var på bakgrunn av ei praksisendring Helsedirektoratet gjorde i 2016.

I 13 år før saksøkarane vart uteksaminerte, så har studentar med master i klinisk- og helsepsykologi frå ELTE-universitetet fått innvilga lisens i Noreg. Dei har jobba i eitt til to år under rettleiing på lisens, for deretter å bli autoriserte psykologar.

I 2016, basert på nye opplysningar frå ungarske styresmakter som tilsa at ELTE-kandidatane ikkje var utdanna til det same yrket som ein norsk psykolog, endra Helsedirektoratet praksis. Sidan har dei uteksaminerte studentane fått avslag på sine søknader om både lisens og autorisasjon.

Målet til saksøkarane er å få retten til å slå fast at avslagsvedtaka er ugyldige. Staten står på sitt og hevdar dei er gyldige.

Tvisten

Hovudspørsmålet retten skal ta stilling til lyder difor slik, ifølgje rettsboka:

Regjeringsadvokat Torje Sunde og Kaija Bjelland førebur sine prosedyrer like før rettssaka starta onsdag. Foto. Ragnhild Vartdal

«Har saksøkarane krav på å bli autoriserte som «psykolog» i Noreg etter fullført masterutdanning i psykologi ved ELTE-universitetet i Ungarn jf. helsepersonellova § 48a bokstav b) jf. yrkeskvalifikasjonsdirektivet artikkel 13 nr. 2. Eventuelt etter kompenserande tiltak jf. yrkeskvalifikasjonsdirektivet artikkel 14.»

Forståinga av helsepersonellova, men kanskje spesielt EU-direktivet om yrkeskvalifikasjonar, som Noreg er forplikta til å følgje gjennom EØS-avtalen, står sentralt i tvistesaka.

Den store juridiske tvisten dreier seg om saksøkarane er utdanna til det same yrket som ein norsk profesjonsutdanna psykolog. Og med det same yrket, meiner dei at ferdigutdanna i Ungarn og i Noreg skal kunne utføre dei same arbeidsoppgåvene, som er utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.

Partane sine hovudargument

Advokatane til saksøkarane hevder at dei 163 saksøkarane er utdanna til det same yrket og at ein difor, ut i frå føresegner i yrkeskvalifikasjonsdirektivet, kan treffe eventuelle kompenserande tiltak, dersom saksøkarane har mindre manglar i utdanning eller kvalifikasjonar.

Saksøkarane har bachelor og ei mastergrad, altså ei fem-årig utdanning, medan norske profesjonsutdanna psykologar har ei seks-årig utdanning. Partane er samde om at ELTE-kandidatane har manglande praksis.

Difor meiner saksøkarsida at eit naturleg kompenserande tiltak er å vende tilbake til gammal praksis, å gi saksøkarane rett på lisens og dermed rettleia praksis i eitt år, før dei kan søke om autorisasjon.

Staten meiner på si side at ELTE-kandidatane ikkje er utdanna til det same yrket, fordi dei ikkje har rett til å yte helsehjelp sjølvstendig før etter eit vidareutdanningsløp.

Regjeringsadvokatane hevdar ELTE-kandidatane har så store manglar, som i tillegg til praksis også dreier seg kurs og studiepoeng i klinisk teori og ferdigheitstrening, at dei ikkje lét seg reparere med eitt års rettleia praksis på lisens. Difor er avslaga gyldige.

Spørsmål som partane er usamde om er mellom andre: På kva grunnlag skal ein samanlikne kandidatane frå Ungarn og i Noreg? Kva skal ein anerkjenne og ikkje på tvers av EU og EØS? Kor sjølvstendig arbeider ein nyutdanna psykolog i Noreg, kontra ein nyutdanna psykolog i Ungarn? Ikkje minst: Kven har rett i sine tolkingar av direktiv og lovverk?

Dette er blant spørsmåla dommar Solberg vil svare på gjennom sin dom om ei tre vekers tid.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS