Advokaten til saksøkarane Per Andreas Bjørgan (t.v.) meiner overvakingsorganet ESA no må ta opp igjen traktatsbrotssaka med det same. Regjeringsadvokat Torje Sunde, som representerer Helse- og omsorgsdepartementet i saka, er på si side nøgd med tingrettsdommen. Foto: Ketil Blom Haugstulen.

Ungarn-studentane sin advokat anbefaler dei å anke

Autorisasjon. Advokaten til studentane, Per Andreas Bjørgan, er overraska og skuffa over dommen. Helseminister Bent Høie meiner på si side at dommen gir ei viktig avklaring.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det vart i dag kjent at dei 163 studentane frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn har tapt mot den norske stat i Oslo tingrett.

Avslagsvedtaka som studentane har fått på sine søknader om lisens og autorisasjon i Noreg er gyldige, konkluderer dommar Sven Olav Solberg.

Advokaten til saksøkarane, Per Andreas Bjørgan, seier dette om konklusjonen:

— Vi er veldig overraska og skuffa over dommen. Vi meiner den legg til grunn ei klart uriktig tolking av EØS-reglane. Retten er samd med oss i at den ungarske utdanninga er retta inn mot arbeid i kliniske psykologstillingar, men legg likevel avgjerande vekt på at norske psykologar kan arbeide meir sjølvstendig enn nytutdanna ungarske psykologar. Det er det einaste kriteriet denne dommen bygger på, seier Bjørgan til Khrono. Han legg til:

— Den legg altså avgjerande vekt på nyansane i yrkesutøvinga og det er ganske enkelt feil. I vurderinga om kandidatane er utdanna til den «same yrket» så må ein vurdere om arbeidsoppgåvene dei er utdanna til å utøve er samanliknbare eller ikkje.

Meiner studentane bør anke

Mitt råd er at saka klart bør ankast.

Per Andreas Bjørgan

— Vil du råde studentane til å anke dommen?

— Mitt råd er at saka klart bør ankast. Det er opp til dei og det er klart det har vore ei stor påkjenning å stå i dette. Men at dette skal bli siste ord i saka vil vi anbefale å ikkje akseptere. Det som trass i alt er lyspunktet, er at dei står mange saman og når ein er så mange, så går det an å utfordre det enorme statsapparatet og stå i det.

Dommen er ikkje rettskraftig før ankefristen til lagmannsretten løper ut. Ankefristen er ein månad.

Inger-Lise Bråthen er ein av saksøkarane og er skuffa over utfallet.

— Vi var førebudde på at dette kunne skje. Sjølv om eg hadde ein god magefølelse under rettssaka, så kom det ikkje som ei overrasking. Men det er sjølvsagt kjipt, men vi har også stått i dette i tre år. Dommen i dag betyr eigentleg berre at vi må stå i meir av det same også framover, seier Bråthen til Khrono.

— Trur du at de vil anke saka?

Inger-Lise Bråthen er ein av dei 163 studentane som saksøkte staten. Foto: Privat

Eg har ikkje fått lest gjennom alle sidene i dommen enno. Men planen no er å lese dommen og drøfte planen vidare med dei andre og med våre advokatar, seier Bråthen.

— ELTE-kandidatane er ikkje utdanna til det same yrket

Regjeringsadvokat Torje Sunde er på si side nøgd med at tingretten har kome til at avslagsvedtaka helsestyresmaktene har kome til er gyldige.

— Staten meiner tingretten har gitt ein grundig og velskriven dom. Vi er fornøgde med at tingretten har kome til at helsestyresmaktene sine avslagsvedtak har vore korrekte og gyldige, seier Sunde til Khrono. Han legg til:

— I saka sitt sentrale tvistespørsmål konkluderer tingretten med at saksøkarane er utdannet til eit anna yrke enn ein norsk psykolog. Det sentrale her er at saksøkerane sin mastertittel ikkje kvalifiserer for å utøve sjølvstendige kliniske arbeidsoppgåver i Ungarn. Då kan dei heller ikkje få godkjenning som norsk psykolog, kor nettopp det å jobbe klinisk og sjølvstendig er ein sentral del av yrkesutøvinga.

Sunde meiner tingretten har hatt eit solid grunnlag for si vurdering, etter at partane brukte 8 dagar på å omtale både den faktiske og rettslege situasjonen i Noreg og Ungarn.

— Det er for øvrig også rett – slik som tingretten skriv – at saksøkarane sine masterutdanningar gir rett til å utøve ei rekke stillingar med psykologfagleg innhald, men altså ikkje rett til å bli godkjent som klinisk psykolog, seier Sunde.

Anbefalte retten å søke råd frå EFTA-domstolen

Bjørgan løfter fram at i saksførebuingane, så anbefalte han at retten skulle hente inn råd frå EFTA-domstolen. Alle norske domstolar kan legge føre sine saker for EFTA-domstolen for å få hjelp til å tolke EØS-regelverket.

— Staten ynskte ikkje dette og tingretten meinte det heller ikkje var naudsynt. I staden er det ein dom frå EFTA-domstolen frå 2003 som har blitt avgjerande, der tingretten ordlydstolkar ei setning.

Bjørgan og retten viser til denne dommen: C-330/03, Colegio de Ingenieros, avsnitt 20, kor det går fram i denne setninga at:

«the expression 'the profession in question', employed in Article 3(a) of the Directive, must be construed as covering professions which, in the Member State of origin and the host Member State, are identical or analogous or, in some cases, simply equivalent in terms of the activities they cover.»

Dommar Solberg skriv i sin dom at «både «analogous» og «equivalent» kan oversettes til norsk rett frem som analogisk og ekvivalent. Analogiske betyr ifølge Det norske akademis ordbok:

«som ved sammenligning viser seg i de store trekk å stemme overens med noe, uten at likheten er gjennomført; tilsvarende; parallell».

Ekvivalent er i samme ordbok forklart som følger: «noe som har samme verdi eller gyldighet, noe som er likeverdig.»

— Det er veldig spesielt, for det er berre ei handfull tilsvarande dommar som har nokon som helst relevans i denne saka. Men inga sak gjeld ei tilsvarandre problemstilling som den vi står overfor her. Det i seg sjølv er eit sterkt moment for å be om rådgjeving, seier Bjørgan.

Vi forventar at ESA tek opp igjen denne saka med det same.

Per Andreas Bjørgan

I tillegg meiner Bjørgan det er spesielt at ein ikkje har søkt råd frå EFTA-domstolen, fordi EFTA sitt overvakingsorgan ESA har innleiia traktatsbrotssak mot Noreg i nettopp denne saka.

— Der er det utførleg grunngjeve kvifor nasjonale reglar om utøving av yrket, som for eksempel reglar om rettleiing og grada av sjølvstende i arbeidet, ikkje har betydning for om noko er det same yrket. Dersom ein domstol seinare vurderer å legge til grunn ei anna tolking enn ESA, bør den først nøye vurdere å legge spørsmålet føre for EFTA-domstolen, meiner Bjørgan.

Regjeringsadvokat Sunde svarer dette på spørsmål om kvifor staten ikkje ynskte at retten skulle hente råd frå EFTA-domstolen:

— Det opp til tingretten å bestemme om det skal skje. Det avgjerande vil vere om tingretten meiner det er naudsynt å innhente ei utsegn frå EFTA-domstolen om tolkinga av den EØS-retten som kjem opp i saka. Det er ikkje grunn for dette dersom det aktuelle tolkingsspørsmålet allereie er løyst i rettspraksis, seier Sunde og legg til:

Helseminister Bent Høie. Foto: Øyvind Aukrust

— Her i saka fann tingretten etter ei konkret vurdering at dei aktuelle EØS-tolkingsspørsmåla allereie var tilstrekkeleg løyst i rettspraksis, og at det å legge spørsmålet føre for EFTA-domstolen ikkje var naudsynt. Dette var i tråd med staten sitt syn. Tingretten avsa eigen kjenning om dette, heilt tilbake i 30 .november 2018.

— Forventar at ESA går vidare med saka

Saksøkarane sin advokat, Bjørgan, meiner det no er på sin plass at ESA tek opp igjen saka.

— Vi forventar at ESA tek opp igjen denne saka med det same. Dei har nok avventa inntil dommen i tingretten var klar, men når det no er klart at domstolen har valt å ordlydstolke ei setning frå ein dom i 2003, så forventar eg at dei tek si sak vidare, seier Bjørgan til Khrono.

Helseminister Bent Høie kommenterer dommen slik:

— Dersom dommen blir ståande, er dette ei viktig avklaring. Pasientar og brukarar skal ha tillit til at helse- og omsorgstenestene er forsvarlege og trygge, og at Helsedirektoratet difor kun gir autorisasjon og lisens som psykolog til personar som er tilstrekkeleg kvalifiserte, seier Høie i ei pressemelding.

Nina Sandberg (Ap) meiner alle partar er taparar i denne saka. Foto: Siri Øverland Eriksen

— Alle er taparar

Arbeiderpartiet sin talsperson for høgare utdanning og forsking, Nina Sandberg, meiner regjeringa no må rydde opp i autorsasjonsordningane.

— Dommen stadfestar det vi i Arbeiderpartiet heile tida har frykta, at regelverket ikkje fungerer godt nok. Dette viser saman med ESA- saka og riksrevisjonen sin rapport at regjeringa må rydde opp i autorisasjonsordningane, seier Sandberg. Ho legg til:

— Det er meiningslaust at hundrevis av unge menneske investerer tid, innsats og pengar i ei utdanning Noreg treng, og så blir dei nekta å jobbe i Noreg. Staten «vann» rettssaka, men i denne saka er alle taparar, avsluttar Sandberg.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS