sakprosa

Professor: Ser latskap i sakprosa-skriving

Debatten går, om sjølvplagiering, sitering og tjuveri av kunnskap. Sakprosaprofessor Johan Tønnesson trur det som ser ut som vanskar med sakprosa-skriving dels skuldast latskap.

Sakprosa-professor Johan Tønnesson trur mange vitskapeleg tilsette, som er vane med å skriva vitskapelege artiklar, trur det er heilt andre krav til kjeldebruk og sitering når dei skal skriva sakprosa.

Det byrja i Morgenbladet tidleg i 2019. Avisa sin bokansvarlege, Bernard Ellefsen, slakta Hugo Lauritz Jenssen si ferske bok «En samisk verdenshistorie».

Ellefsen peikar i meldinga på mykje han finn problematisk, men særleg trekkjer han fram bruken av andre sitt arbeid. «Leseren som tar seg bryet med å følge fotnotenes henvisninger, vil se at Jenssen lener seg svært tungt på kildene sine, ja faktisk at mange av delavsnittene er lette sammentrekninger av andres arbeid og fremstilling», skreiv Ellefsen, og kalla det Jenssen hadde gjort for «et kunnskapstyveri».

Forfattaren sjølv var ikkje samd. Han svara i same avis at

hele poenget med å publisere doktorgrader og vitenskapelig arbeid, er å bringe kunnskapen ut til dem som vil benytte den. Hvem som helst skal kunne ta den i bruk, bruke kunnskapen, bygge videre, tilføye nye biter av viten. Og det kan også en journalist og sakprosaforfatter som meg. Selvsagt knyttes et immaterielt «eierskap» til funnene. Æren av å ha funnet nye kunnskapsbrikker tilfaller finneren, og skal krediteres denne. Men den akkumulerte og publiserte kunnskapen ligger utvilsomt i en kunnskapsallmenning, den kan ikke være noens eiendom.

Debatten gjekk etterkvart i fleire aviser, og same vår kunne Morgenbladet melda at Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), foreininga som organiserer norske sakprosaforfattarar med ei etisk sjekkliste. Denne lista, Etisk sjekkliste for sakprosa, vart klar året etter.

Uklåre normer

Så vart det stille. Ei stund. Før jul 2021 blussa debatten opp på ny. Då var det Simen Sætre som skreiv, først i Prosa, deretter i Aftenposten. Han var svært kritisk til både Ellefsen og til handsaminga Jenssen har fått:

Forfatteren Jenssen ville godt. Han ville skrive om en undertrykt minoritet, la ned et stort arbeid, han elsket det, han ville bruke den informasjonen han fant hvor enn den fantes. Han plagierte ikke, brøt ingen etiske regler som han kjente til eller som var klargjort for ham, men han ble målt i gråsoner og fordømt med harme. Han tilhørte et laug der ingen stilte opp for ham eller forsvarte hans rett til å bruke informasjon der den måtte finnes,

skreiv Sætre i Prosa. Han meiner normene for sakprosaskriving er uklåre, seier han til Aftenposten.

Ville hatt retningslinjer

Professor Johann Tønnesson er ikkje samd. Han er ekspert på retorikk og sakprosa, og tilsett ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo. I 2006 var Tønnesson med i utvalet som vart sett ned etter Karsten Alnæs-saka, og han var òg med på å gi råd då det vart laga ei sjekkliste i 2020.

— Eg ville gjerne ha kalla det anten retningslinjer eller etikkplakat, seier Tønnesson til Khrono.

Han har sagt til Aftenposten at presisjonsnivået i kjeldebruken i Jenssen si bok ikkje er godt nok, og vil ikkje ha eigne sakprosareglar for journalistar, slik Sætre har teke til orde for.

Men boka om samisk verdshistorie er ikkje den einaste det har vorte debatt kring.

Khrono skreiv måndag om Runar Bakken si nye bok. Tellef Solbakk Raabe, som melde boka for Forskerforum, nytta ordet «sjølvplagiering». Han meiner ein del av innhaldet er for likt boka Bakken gav ut i 2018. Bakken sjølv, og forlaget Cappelen Damm, er ikkje samde.

Er det eigentleg andre krav?

— Tønnesson, kva er det som er så vanskeleg med sakprosa?

— Eg trur mange som skriv sakprosa anstrengjer seg for å skriva noko lesevennleg. Innan akademisk litteratur er det ganske strenge normer, både når ein skriv masteroppgåver, doktoravhandlingar og vitskapelege artiklar som skal fagfellevurderast. Men når forskarar skriv sakprosa, trur eg dei tenkjer at det er heilt andre krav. Dei tek det for lite alvorleg, og eg trur det skuldast noko latskap, seier sakprosaprofessoren.

Han viser til den svenske forfattaren og filmskaparen Maja Hagerman, som òg underviser på Högskolan i Dalarna.

— Ho snakka om det kjedelege halve året på slutten - der ein lagar litteraturliste, humrar Tønnesson.

I samband med boka til Bakken, sa Tønnesson til Khrono at den viktigaste grunnen til å opplysa om kva kjelder ein har brukt, er at lesaren skal få hjelp til å finna ut kor ein kan finna ut meir.

Han understrekar at lange lister med fotnotar ikkje alltid er det mest lesevennlege. Men det kan finnast andre løysingar:

— Eg har mellom anna vorte spurt om korleis ein bør gjera det når ein skriv faktabøker for barn. Då har eg teke til orde for at ein til dømes i eit etterord kan opplysa presist om kjelder og skriva at «dersom du vil lesa meir om dette kan du sjå her og her».

Peikar på forlaga

Tellef Solbakk Raabe sa til Khrono at han vil ha forlaga på bana. Tønnesson er samd.

— Eg synest forlaga burde ansvarleggjerast meir når det handlar om sakprosa og kjeldebruk. Ein kan av og til tvila på om forlaga tek kvalitetsarbeid like alvorleg i sakprosa som i fiksjonsprosa, seier Tønnesson.

Powered by Labrador CMS