Forskar Sigurd Haga. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Haga: Bra, Handal!

Lærarutdanning. Utdanningsforbundets bekymring for den type akademisering som føregår ved OsloMet er høgst relevant, skriv forskar Sigurd Haga.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bra Handal!

Du nemner to ting som vil styrke lærarutdanninga:

1) Lærarerfaring bør være ein nødvendig føresetnad for å bli lærarutdannar.

Dette hovudkravet utelukkar sjølsagt ikkje lærarar med andre kvalifikasjonar. Slike kvalifikasjonar er også nødvendige (i alle profesjonsutdanningane). Løysinga er som du seier:

Utdanningsforbundets bekymring for den type akademisering som føregår ved OsloMet er høgst relevant.

Sigurd Haga

a) både–og. Men med eit heilt nødvendig tillegg. Vi må også svare på spørsmål b): Kva kvalifikasjonstype og kva kvalfiseringsgrunnlag skal vera overordna i profesjonsutdanningane?

Les også: Handal går for både praksis og phd

Utgangspunktet for dette kravet er at det finnes ulike typer kunnskap. Det er altså ikkje berre tale om meir kunnskap, om eit kontinuum, ein glidande overgang frå praksiskunnskap til (ein tatt-for-gitt) PhD-basert kunnskap. Ved OsloMet praktiserer leiinga denne tattforgitt-heten; at det finst berre ein type kunnskap. Utdanningsforbundets bekymring for den type akademisering som føregår ved OsloMet er derfor høgst relevant.

2) «Utdanningsforbundet må bruke tid og krefter på å følge med det som foregår i lærarutdanninga».

Bra Handal; at Utdanningsforbundet nå skal engasjere seg i lærarutdanninga, i verknadene av den makt- og målforskyvinga som strukturreforma i 1994 førte til. Før 1994 hadde rektorane i profesjonsutdanningane same bakgrunn som dei fleste lærarane. Dette var i tråd med den gamle funksjonsbeskrivinga; fremst blandt likemenn, «primus inter pares».

Situasjonen ved OsloMet i dag er for ein stor del ei følge av at kravet om djupinnsikt i den faglege verksemda vart vraka og erstatta av heilt andre leiande motiv. Kursendringa vart driven fram av eit symbiotisk forhold mellom New Public Management-inspirert økonomisk-administrativ styring, av universitetsstatus- og karrierejag ut frå ei snever og uproblematisert forståing også av forskingsuniversitetets kunnskapssyn, til dømes kravet om forskingsbasert kunnskap.

Profesjonshøgskolen HiO, no OsloMet, vart oppretta for å utdanne og danne dugande praktikarar. Det er framleis institusjonens primære oppgåve. Andre motiv, mangelen på grunnleggjande fagdebatt og leiingas manglande (be)grep om utdanningane sin eigenart har imidlertid styrt utviklinga bort frå primærverksemda: Det samfunnsoppdraget denne institusjonen primært er oppretta for å ivareta.

Alternativ til denne utviklinga, det vil seie avviklinga av den praksisorienterte profesjonsutdanningsinstitusjonen, finst. Konkrete, fagleg begrunna alternativ som vil ivareta det overnemnde kravet i pkt b) er føreslått i del II i boka «Men slikt forekommer da ikke i Norge!» ved Svein Sandnes Bokforlag, og referert med anna i Khronoinnlegga Ytringskulturen og fagligheten ved OsloMet, og i Elefanten ved OsloMet.

Er det ikkje eit slikt alternativ du etterlyser, Handal?​​

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS