Mats Alvesson vil gjerne setje ord på dumskapen han meiner fortrenger fornuft, fridom og kreativitet i samfunnsinstitusjonar og på arbeidsplassar, ikkje minst i den akademiske sektoren. Foto: Roger Larsson/Hallandsposten

Planfetisjisme, offertrengsel og organisatorisk ekstremisme:
— Det pregar akademia meir og meir

Vegen til helvete. — Du må vere forsiktig med kva du seier, elles vil nokon fortelje deg at du er problematisk eller krenkande, seier forskar og forfattar Mats Alvesson. Han seier det likevel.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Alt på!

Eller extra allt, som dei seier i Sverige når du køyrer på med heile stasen, kvitløk, chilli, saus og dressing i alle kategoriar i kebabsjappa. Extra allt er også tittelen på Mats Alvessons siste bok.

Om det er litt ironi inne i bildet, ja, så er det er ikkje akkurat ein dødstrussel

Mats Alvesson

Det er i ferd med å bli altfor mykje, det tyt ut og renn over, meiner Alvesson, forfattar, organisasjonsforskar og professor ved Lunds universitet. Samfunnet, og ikkje minst universitetssamfunnet er i ferd med å drukne i powerpointiserande policy-ryttarar med stor lyst til å kontrollere, administrere og løyse alle problem som måtte dukke opp, også dei som i utgangspunktet ikkje eksisterer.

Med identitetspolitikkens inntog, ein god dose offermentalitet og lågterskel krenkekultur på kjøpet er rommet for kva som kan seiast og gjerast i ferd med å bli farleg trongt, slik Alvesson ser det. Svenske tilstandar?

Også norske, er han redd, i alle fall kan det sjå slik ut på NTNU.

Kva i all verda held vi eigentleg på med?

Det er Alvesson sjølv som stiller spørsmålet i forordet til boka.

«Fryktkulturstyrt utdanningsfabrikk»

— Vi ser ein tendens og vilje til heile tida å skulle rette ein kvar mangel på perfeksjon. Alt som kan opplevast som problematisk utløyser ein intervensjon. Ekspertise og eit regelverk skal handtere alt som kan bli oppfatta som litt problematisk. Det oppstår eit vell av retningslinjer, planar og policies, eit formalistisk system der alt skal korrigerast. Konsekvensen er eit overskot på problemløysing, seier Alvesson til Khrono.

Fakta

Mats Alvesson

Mats Alvesson er professor ved Ekonomihögskolan på Lunds universitet i Sverige.

Han er forfattar av 27 rad bøker og er rekna som ein grunnleggar av Critical Management Studies.

Han er kjent for ei tverrfagleg tilnærming til organisasjonsteori, og er kjent som ein skarp kritikar mellom anna av leiarskapsmodellar ved universitet og høgskular.

Eller som han kallar det i boka si, organisatorisk ekstremisme.

Når dette får bite seg fast i ein institusjon og ein organisasjonskultur, går den sosiale prisen for å gå i utakt opp. Det blir vanskeleg å gå imot sjølv dei merkelegaste retningslinjer. Vi har kurs inn i ein bizarro world der funksjonærane er forventa å løyse alt.

Det finst ei heil ordliste i Extra allt, eit semantisk, lite opprør mot ei narsissistisk tid der bullshit er blitt mainstream. Lurer du på kva ein handlingsplan er? Svar: surrogat for handling. Stress? Nesten alt av forbruk, studiar og arbeidsliv, litt som i sosiale media, universalforklaring på det aller meste. Homo Granscicus, denne arten har vist seg svært forplantningsdyktig, mellom anna i universitets- og høgskulesektoren: Den er «dokumentasjon- og konsumproduksjonens ukrona heltar/heltinner, planfetisjismens frontkjemparar».

Universitet?

«Eldre tiders samfunnsinstitusjon, i dag delvis erstatta av statsideologi og fryktkulturstyrt utdanningsfabrikk».

Det blir til slutt ei avgrensing av ytringsfridomen og den akademiske fridomen.

Mats Alvesson

I all den hardhendte analysen er det mykje humor, eller tragikomikk, for dei som ikkje er for lettkrenkte.

— Ein overlevingsstrategi, kanskje, seier Alvesson, om humoren.

Boka karakteriserer han som ei blanding av forsking og svart komedie. Lunds universitet, der han arbeider, stifta i 1666, har nedfelt i strategien at dei skal støtte opp om humor, og det er ikkje meint som ein spøk.

— Eg prøver å ta det på alvor, seier Alvesson.

Trass alt er universitetet, i alle fall det gamle og tradisjonsrike han sjølv arbeider ved, framleis ein stad der ikkje alle går eller må gå i takt — enn så lenge. Tiltakande planfetisjisme og organisatorisk ekstremisme truar også der.

Flaumen av flosklar

— Stabane blir utvida, leiinga bygd ut, ein lagar fleire planar og strategiar, fleire funksjonar. Konsekvensen er at grunnverksemda blir strippa ned, det blir meir usikkerheit, ulike typar inngrep, folk blir meir forsiktige. Det blir til slutt ei avgrensing av ytringsfridomen og den akademiske fridomen, seier Alvesson.

Ikkje for det, han er ikkje tvil om at intensjonane kan vere gode både i HR og PR, men så var det dette med korleis intensjonane brulegger vegen til, ja, du veit.

Det er når planar, reglar og administrasjon og (mellom)leiing i alle fasettar går over stag, at jakta på problem som ingen har visst om startar. Også jobbar som er tomme titlar må fyllast med innhald.

— Du må vere forsiktig med kva du seier, forsiktig med kritikk, elles vil nokon rykke ut og fortelje deg at du er problematisk eller krenkande. Det oppstår ei jakt etter problem, det kan handle om etikk, spørsmål om mangfald, betre arbeidsmiljø…

Kunne han ha skrive dette om han ikkje var professor, men ein ung, mellombels tilsett, med håp om å komme seg opp og fram i akademia?

Tja, jag vet inte riktigt, seier Alvesson, han er ikkje sikker.

Alvesson er for både mangfald og godt arbeidsmiljø.

— Men ikkje når ideen om eit godt arbeidsmiljø blir at alle skal vere veldig snille med kvarandre, og ingen må krenkast. Balansen mellom ytringsfridom og høg toleranse vil alltid vere eit dilemma. Det er det ekstreme eg peikar på her, når ein går for langt den eine vegen. Konsekvensen av at ingen må få høyre noko dei ikkje bør få høyre, av at ein intensiverer forsøka på å hindre diskriminering og stramme inn, seier han.

Det skulle vere unødvendig å påpeike at dette er krise for den antatt autonome, akademiske sektoren.

Grandiost tullprat

For dei som følgjer med i kritiske krikar og krokar innan organsiasjonsforskinga, er Alvesson neppe ein framand. Extra allt er den tredje boka i det han kallar dumhetstrilogien. Den første, Tomhetens triumf (2006/2019) tar for seg tendensen til storslått, men substanslaust omdømmeprat, holrrommet bak fasadane. Ein av Alvessons norske fans, pedagogikkprofessor på NTNU, Oscar Amundsen, trekte for eit par år sidan namnet OsloMet fram som eit stjerneeksempel.

Alvesson sjølv synest NTNUs Challenge everything også kan passe godt inn.

Konsulentbransjen, høgskular og universitet er i tet på tomprat, ifølgje Alvesson.

Neste bok var Dumhetsparadoxen (2018, saman med André Spicer). Der pirkar han vidare i det han skildrar som idiotisk management-teori og absurd «overtru på varemerke og image», og korleis dette kan føre til funksjonell dumskap — med farefulle følgjer for organisasjonar som blir ramma. Funskjonell dumskap er diagnosen han set på ein arbeidsstokk som er så regelstyrt og synkron at alt fungerer, før alt sluttar å fungere. Tilstanden lammar gradvis kreativitet og sjølvstendig tankeverksemd.

Lund-professor Mats Alvesson er kritisk til styringsoverskotet ved universitet og høgskular. — Men studentar kunne godt blitt styrte til å jobbe meir, seier han. Foto: Roger Larsson/Hallandsposten.

Extra allt er komponert rundt ei rad lover, som Alvesson formulerer i eit forsøk på å setje ord på det som karakteriserer samfunnsinstitusjonar i dag, «ikkje minst i ei tid der grandiost tullprat — business bullshit — er notidas kanskje mest populære språk». Lovene pretenderer det gode samfunnet, velfungerande og harmoniske menneske, men dette slår tilbake med full «rekylkraft», skriv Alvesson.

Den første lova er lova om lovstiftinga, trua på at lovar og reglar kan løyse alt, men som altså får svært uheldige konsekvensar. Neste lov er lova om offerhierarkiet, som nærer seg av krenkekultur og identitetspolitikk.

Offerhierarkiet er ei verd i svart-kvitt, der nyansar er viska ut, og det foregår ein kamp om vere eit viktig og riktig offer. Klasse, kjønn, etnisistet og funksjonshemmingar er klassikarar i dette hierarkiet. Men det blir stadig trongare om plassen, Alvesson talar om offertrengsel. Og kategoriane blir utvida, meiner Alvesson, ettersom offerstatusen gir sympati, ressusar og makt, sosialt og politisk.

Likevilkårsspesialitet

Lista er lang, den åttande lova er lova om bumerang-effekten, eller rekylen. Der argumenterer han for korleis summen av lovene, dei gode intensjonane, kulminerer i ein bumerangeffekt: Strevet etter likestilling endar i mindre likestilling, anti-rasisme føder rasisme, meir utdanning fører til fordumming og så vidare.

— Tendensane gjer seg gjeldande overalt, særleg i det offentlege. Akademia blir meir og meir prega av dette, seier Alvesson.

Kritiske studiar kan ende med å ikkje bli gjort fordi nokon meiner det er problematisk.

Mats Alvesson

— I verste fall kan konsekvensen bli at ein ikkje lenger kan gjennomføre viktig forsking. Kritiske studiar kan ende med å ikkje bli gjort fordi nokon meiner det er problematisk.

Han trekker fram eit ferskt eksempel frå Uppsala universitet i heimlandet, der ei gransking vart sett i sving etter at ein universitetslektor uttalte n-ordet i si fulle lengde i ein paneldebatt for studentar på bibliotek- og arkivstudiet. Bakgrunnen skal ha vore spørsmål frå om korleis ein kan søke etter materiale om rase i kjelder og katalogar. Fire studentar reagerte og sendte e-post med klage til universitetet der dei påpeikte at lektoren verken var svart eller rasifisert, og dermed ikkje hadde nokon rett til å bruke n-ordet.

Dette førte til ei gransking frå administrasjonens side, der lektoren vart kalla inn på teppet til universitetsdirektøren og ein likevilkårsspesialist. Ein rapport konkluderte, på grunnlag av universitetets regelverk, med at lektoren burde valt andre ord for å unngå å krenke studentane.

Det er no vi snakkar om svenske tilstandar?

Nei, like gjerne norske, eller trønderske.

Norske tilstandar

Alvesson har registrert oppstusset på NTNU, om det konfliktramma Institutt for historiske studier (IHS), og universitetsleiinga sine forsøk på å temje konflikten med ordensstraff og ymse organisatoriske grep. Særleg episoden der NTNU-leiinga skal ha irettesett ein professor og skulda han for å krenke medarbeidarar, etter at han hengde opp gule lappar med påskrifta «velkommen tilbake», retta til ein omstridd kollega.

— Det verkar som NTNU har ei triggerhappy leiing. Det er jo ein sjanse for at dei gule lappane kan vere uttrykk for at ein vil vere vennleg. Om det er litt ironi inne i bildet, ja, så er det er ikkje akkurat ein dødstrussel.

Professor Alvesson synest hendinga er ein treffande illustrasjon for trongen i tida, til å gripe inn i alt og løyse problem som ikkje er problem.

Det er neppe ei overdriving at Alvesson og forfallstesene hans er i familie med den kvasse kritikken frå norske stemmer, som NTNU-professor Aksel Tjora, redaktør for boka Universitetskamp.

Så kva bør vi eigentleg gjere?

Ikkje ta alt på, mindre saus, droppe dressing. Avstå frå regelrytteri, problemjakt og offerstrev. Alvesson blandar inn både psykologi, sosiologi, økonomi og kritisk teori med Horkheimer og Adorno i spissen. Men til slutt landar han på Lennon og McCartney

Berre slepp litt taket, ikkje ta alt på, du klarar deg best utan extra allt.

Hear all the words of wisdom, seier professor Alvesson. Let it be!

Her kan du se opptak intervju med professor Alvesson hos Studio Axess.

(Funksjonell dumskap kom inn som nyord i det svenske språket i 2013 saman med brexit og selfie, mellom andre.)

Powered by Labrador CMS