Debatt ● Dagrun Astrid Aarø Engen og Gunn Engelsrud
Ph.d.-rettleiing: Er meir formell opplæring det som trengst?
Meiningsfullt innhald skapast i samtalar mellom kurshaldarar og deltakarar, ikkje i formelle kurs, meir institusjonell regulering og obligatorisk opplæring.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Vi har følgt debatten om ph.d.-rettleiing som har reaktualisert seg i Khrono utover våren og sommaren. Han bringar oss ikkje noko nytt under sommarsola. Dessverre.
Vi kjenner att problemstillingane og ikkje minst forslaga om tiltak som kjem på bordet: klarare og strengare reglar, meir opplæring av rettleiarar, betre «system». Vi kjenner også att mangelen på drøfting av føresetnader for problema og konsekvensar av tiltaka. Debatten om problem og tiltak gjer oss ikkje klokare på kva doktorgradsrettleiinga er og kva ho handlar om. Vi får derimot demonstrert nok ein gong at ordskiftet er dominert av eit språk der utdanning og rettleiing blir forstått og handsama gjennom eit økonomisk-rasjonelt språk.
Ordskiftet og språket kjenner vi igjen i våre eigne institusjonar. Språket reduserer høgare utdanning til eit politisk forvaltningsområde. I dette forvaltningsspråket er mennesket ein statist. I hovudrollene glitrar Justitia og Formalia — med Byråkratia som instruktør. Språket klargjer ikkje forsking, utdanning og doktorgradsrettleiing som menneskelege fellesskapsprosjekt, og følgjeleg snakkar vi rett og slett utanom saka sjølv — dei utdannande prosessane som verkeleggjerast i doktorgradsrettleiing.
Vi stiller oss tvilande til at vi treng meir detaljerte eller strengare formelle kontraktar, standardiserte rettleiingsmetodar, universelle «beste praksisar», «å tette hol» i system og ordningar, og lage felles «køyrereglar». Kontraktane om ph.d.-rettleiinga er tilstrekkelege og tydlege nok. Problema som oppstår er sjeldan formelle problem, men mellommenneskelege. Å fylle på med meir standardisert, formell opplæring av rettleiarar vil, slik vi tenkjer, ikkje i seg sjølv løyse det stipendiatar og rettleiarar opplever som vanskeleg i praksis. Det vi ønskjer no på tampen av sommaren er at institusjonane ser seg sjølv kritisk i spegelen og dreier drøftingane frå tiltak til føresetnadsproblematikk. Forteljingar frå stipendiatar og rettleiarar kan tyde på at vi treng å ta opp grunnleggande spørsmål. Eit slikt spørsmål er: Kva for rom skapar vi for at stipendiatar og rettleiarar kan delta i utdannande prosessar slik ph.d.-utdanningane er institusjonalisert? For å drøfte dette spørsmålet, treng ein å få auge på andre fenomen enn dei som er språkleggjorte i forvaltningsspråket.
Som alternativ til forvaltningsspråket trengst diskusjonar om føresetnadane for å gripe rettleiing som pedagogisk fenomen der vi driv med kunnskapsutvikling og fagkultivering. Forskingsarbeidet og kunnskapinga som føregår i doktorgradsprosjekta bidreg til å utvikle fagfelta, somme tider til å flytte grensene for kva fagfellesskapa er i stand til å forstå. Dersom målet er å betre rettleiinga, må rettleiing bli forstått som eit komplekst, uføreseieleg og ikkje-føreskrivbart mellommenneskeleg fenomen; som føregår i den sosiale røynda, der livet, forskinga og det faglege arbeidet skjer.
Vi må forstå at rettleiing alltid føregår som konkrete praksisar, i spesifikke, faglege prosjekt. Svaret på kva som er rett og godt å gjere i rettleiing, er at «det kjem an på». Denne innsikta er ikkje ei relativiserande fallitterklæring. Tvert imot er dette den nødvendige, klargjerande erkjenninga som dannar utgangspunktet for det didaktisk-analytiske medvitet vi utviklar og nyttar i verksemda vår som undervisarar og rettleiarar. For å mobilisere dømmekrafta og handlekrafta mi som rettleiar, må eg aktualisere mitt allmenne menneskesyn og kunnskapssyn, min spesifikke kjennskap til faget, til menneska eg samhandlar med, doktorgradsprosjektet, situasjonen her og no, og moglege konsekvensar av mine og våre handlingar.
Ei forbetring av rettleiingspraksis føreset dermed at rammer og opplæring er funderte på meiningsfulle førestillingar om kunnskapande prosessar i menneskelivet og fellesskapslivet som gjer oss i stand til å verkeleggjere det pedagogiske oppdraget — å skape rom for utdannande prosessar.
Og det er her problemet ligg. Så enkelt og så krevjande på same tid.
Vi menneske har ein tendens til å forveksle representasjonar av fenomena med fenomena sjølve. Vi forvekslar tekst med kunnskap, publiseringstal med forsking, vitnemål og gjennomstrøymingstal med utdanning. Vi forvekslar også praksisar som skal støtte institusjonaliseringa av utdannings- og forskingsverksemder, altså dei byråkratiske praksisane, med dei kunnskapande verksemdene, det vi ideelt ser på som høgare utdannings kjerneverksemder.
I verste fall fører det til at tid og medvit er fanga i dei byråkratiske praksisane, at dei får prioritet over utdanningspraksisar. Når vi som rettleiarar og stipendiatar forventar å drive med noko anna, opplevast denne forvekslinga og dominansen av dei institusjonaliserte rutinane som meiningslaus. Det er som å dekke bordet i det uendelege utan å komme i gang med å ete. Kvalitetssikringssystem, rutinar og opplæring er nødvendige borddekkingsaktivitetar i ein høgare utdanningsinstitusjon, men dei kan ikkje ta plassen til det dei skulle legge til rette for, måltidet, og i denne samanheng, rettleiingsmøtet.
Det er i samtalar med andre at rettleiarar får høve til å framheve og klargjere sin erfaringsbaserte og fagbaserte kunnskap.
Dagrun Astrid Aarø Engen og Gunn Engelsrud
Vi deler ikkje utan vidare trua på obligatoriske kurs som den beste løysinga på dei problema som vi har sett nokre eksempel på i debatten i Khrono den siste tida. Alle som har «haldt» eller «teke» kurs i rettleiing veit at kursopplegget berre er ei formell ramme, måla for kursa berre retningsintensjonar. Meiningsfullt kursinnhald skapast i samtalar mellom kurshaldarar og deltakarar, samtalar som aktualiserer erfaringar, litteratur, fag, håp, stad, tid og rom.
Det er i samtalar med andre, at rettleiarar får høve til å framheve og klargjere sin erfaringsbaserte og fagbaserte kunnskap. Av den grunn legg mange kurshaldarar i dag vekt på å inspirere rettleiarar til å skape fellesskap og moglegheiter for å diskutere faglege spørsmål som er vesentlege i rettleiing og for rettleiarar på tvers av fag, for med dette å gjere diskusjonar om rettleiing til noko kontinuerleg, og som ikkje kan sluttførast med å krysse ut i forvaltningssystemets skjema. Vi kan skape meiningsfulle her og no i rammene av kurs. Men det meiningsfulle oppstår mellom oss i møtet. Kva eit einskild kurs vil ha å seie for kvar og ein av oss når vi sit som rettleiarar i rettleiingspraksis året etter, er det ikkje så lett å svare på. Det kjem an på, det også.
Vi ser også at fleire av problema vi opplever — både som kandidatar og som rettleiarar — ikkje har sitt opphav i rettleiinga. Men rettleiinga nettopp blir det rommet der mange av dei komplekse aspekta i eit ph.d.-forløp kjem til uttrykk, får liv, får form, kan omtalast og delast. Dette rommet, der det har verdi å arbeide med vanskelege, faglege spørsmål over tid, må vi verne om. Rettleiingsrommet der arbeidet går føre seg skapast av fagpersonar i unike, biografisk bestemte situasjonar som møtast i felles, aktuelle samhandlingsprosjekt, der deltaking i forskingsprosjektet kviler på samhandlingsprosjektet å finnast til for kvarandre i ei fellesmenneskeleg verd.
Vi meiner at det er langt meir framtidsretta å jobbe systematisk med å utvikle eit pedagogisk og teoretisk informert språk og førestillingsapparat enn å lage obligatoriske kurs for den einskilde. Fagspråket og institusjonsspråket må gjere oss i stand til å forstå rettleiing som kvalitative, menneskelege erfaringar. Vi treng det for å handle godt når det trengst.
Å gje rom for å skape fagmiljø — der vi har kvarandre sitt beste som felles mål — er eit institusjonelt ansvar. Og løysinga ligg ikkje åleine i obligatorisk rettleiaropplæring, men i å gje tid og opningar for at kvar og ein åleine og saman med sine feller kan utforske moglegheitsrommet for utdannande prosessar som kunne bli brakt til live i rettleiing.