Debatt Olaug Husabø

Overprøving av sensurvedtak. Er det eigentleg lov?

Leiinga ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen, har vedteke å stoppa ei doktorgradsvurdering. Avhandlinga blei levert inn ved Institutt for arkeologi, historie, kultur-og religionsvitskap som er ein del av fakultetet.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I følgje Khrono har Universitetet i Bergen (UiB) vedteke å stoppa ei doktorgradsvurdering etter at sensorane hadde gitt ei samrøystes positiv innstilling. Bakgrunnen er at UiB er i tvil om konklusjonen. To nye sakkunnige skal no uttala seg om avhandlinga.

Kan ein institusjon gjera eit slikt vedtak? «Ja, det er ein regel om det i UiB si forskrift», vil nokre svara, og kanskje leggja til: «Det er ikkje sensorane som bestemmer ved bedømmelse av doktorgrad, det er det universitetet som gjer». Ja, det stemmer at forskrifta opnar for eit slikt vedtak: «/d/ersom fakultetet selv finner at det foreligger begrunnet tvil om komiteens innstilling …, kan fakultetet selv … oppnevne to nye sakkyndige som avgir individuelle uttalelser om avhandlingen.»

Det er ikkje berre UiB som har ein slik regel. Kvar enkelt institusjon vedtek sine eigne forskrifter, men dei er bygde på mal for retningslinjer som UHR har utarbeidd. Difor er dei nokså like. Dermed har dei fleste institusjonane, kanskje alle, tilsvarande regel i sine doktorgradsforskrifter.

Forskriftene om doktorgradar legg føring for ein omstendeleg sensurprosess der institusjonen kan gripa inn på inntil tre stadium:

  • Når innstillinga er mottatt, vurderer institusjonen om avhandlinga er verdig forsvar (disputas) eller ikkje.
  • Etter innstilling frå sensorane godkjenner institusjonen prøveførelesinga eller ikkje. Enkelte institusjonar legg innstillinga frå sensorane direkte til grunn.
  • Etter innstilling frå sensorane godkjenner institusjonen disputasen eller ikkje. Enkelte institusjonar legg innstillinga frå sensorane direkte til grunn.

Dersom alt går fint, får kandidaten graden og blir kreert.

Det hadde vore heilt greitt og veldig hyggeleg dersom institusjonen sin medverknad i sensuren hadde vore formalitetar som skulle markera på høgtideleg vis at ein kandidat no er ferdig med den høgaste utdanninga i landet.

Saka nemnt ovanfor viser at det ikkje er tilfellet. Det kan faktisk skje at institusjonen seier «Nei, vi tvilar på at sensorane kjem med rett konklusjon. Dette vil vi undersøka nærare». Dersom dette skjer når eit fleirtal av sensorane konkluderer med ikkje bestått, kan det sjølvsagt vera ein fordel for kandidaten; hen får ein ny sjanse! Men når komiteen har gitt ei positiv innstilling og institusjonen gjennomfører ny vurdering, er det noko heilt anna. I staden for å få høve til å forsvara avhandlinga i disputas, må kandidaten venta på ny vurdering. Kanskje det endar med at avhandlinga ikkje blir godkjent. Dette er eit alvorleg inngrep. Eit slikt inngrep krev lovheimel.

Så spørsmålet er om det er heimel i universitets- og høgskulelova (uhl.) til §12 i UiB si forskrift og tilsvarande reglar hjå andre institusjonar. Uhl. § 3-9 Eksamen og sensur er ramma. No vil nokre seia: «Paragraf 3-9 gjeld ikkje for doktorgraden.» Men så lenge det ikkje er fastsett særlege reglar for doktorgrad, er det dei generelle reglane som gjeld. Kort sagt er dette reglane:

  • Det skal være minst to sensorer hvorav minst én ekstern ved bedømmelse av kandidatens selvstendige arbeid i høyere grad (frå § 3-9 andre ledd).
  • Sensur skal vera klar innan tre veker viss ikkje særlege grunnar gjer det naudsynt å bruka meir. (Frå fjerde ledd, og NB! Institusjonane har fått heimel for å gi lengre frist i siste setning av fjerde ledd: Styret selv kan i forskrift etter sjuende ledd fastsette lengre frist for avhandlinger og større skriftlige arbeider).

I § 3-9 sjuande ledd er det oversikt over kva institusjonane kan gi forskrift om. Verken der, eller for den del i § 4-13 Graden philosophiae doctor, er det opning for å bestemma at institusjonane kan gjennomføra ei tilleggsvurdering dersom dei er i tvil om det er fagleg grunnlag for sensuren.

I ei forskrift skal det stå kva som er heimelen for dei reglane som er vedtatt – kva som gir vedkommande organ lov til å bestemma. Uhl. § 3-9 er heilt korrekt gitt opp som ein av heimlane i doktorgradsforskriftene. Det ser likevel ikkje ut til at UHR/institusjonane eigentleg har vurdert om gjeldande reglar er innafor rammene. Dette er overraskande. (Som tidlegare doktorgradsadministrator sit eg i glashus her.)

Noko anna som gjer at dagens reglar er overraskande, er forhistoria. Organisert forskarutdanning starta på 70-/80-talet med gradane dr.scient, dr.art. m.v. Departementet fastsette forskrifter (reglement) for utdanningane den gongen. Reglane om sensur var stort sett dei same som for sensur på dei andre utdanningsnivåa. Det var ikkje snakk om at institusjonane skulle gjera noko anna enn å leggja til grunn sensuren. Når disputasen var gjennomført og bestått, vart det skrive vitnemål. Det var ingen kreering. (Men berre for å ha nemnt det: Sjølv om det ikkje er kreering som formell del av sensuren, går det godt an å ha ei høgtideleg avslutning for doktorane.)

Så når og korleis vart reglane om sensur (bedømmelse) av doktorgradar endra? Det ser ut som om dei kom etter at institusjonane fekk fullmakt til å fastsetja forskrifter sjølv. Som nemnt ser det ut til at det ikkje vart vurdert kva spelerom lova gav. Men ei sannsynleg forklaring er at reglar eller praksis frå før forskarutdanninga vart etablert – den gongen vi berre hadde dei frie gradane dr.philos., dr.juris. med vidare – har vorte kopierte utan tanke for om det var heimel for det eller ikkje. (På same måte som doktorgradsforskriftene i nokre år hadde reglar om tvungen avslutning utan heimel.)

Dersom gjeldande reglar har som konsekvens at nokon kan mista høvet til å avslutta doktorgraden trass i at sensorane har gitt positiv innstilling, må det vera ein tydeleg heimel for det. Dette gjeld trass alt den høgaste utdanninga ved universitet og høgskular. Institusjonane bør setja i gang ei vurdering av om lov om universiteter og høyskoler gir nødvendig heimel. Dei må finna ut om forskriftene er godt nok forankra i lova, eller om dei må endrast.

(Endringslogg sundag 13.11.2022 kl. 22.48: Presisert i bildetekst at det er leiinga ved Det humanistiske fakultet ved UiB som har stoppa doktorgradsvuredingane og ikkje instituttet der avhandlinga blei levert inn. Khrono beklagar feilen som no er retta.)

Powered by Labrador CMS