universitetet i bergen

Stoppa doktorgrad i tolvte time

Camilla Wright si avhandling er einstemmig godkjend for disputas av den sakkunnige komiteen. Men i tolvte time stoppa fakultetet prosessen.

Camillia Wright har levert avhandling ved Institutt for arkeologi, historie, kultur-og religionsvitskap, som er ein del av Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen.
Publisert Oppdatert

19. juni i år leverte Camilla Wright doktoravhandlinga si for andre gong. Vel to månader seinare, 31. august, fekk Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB) rapporten frå den sakkunnige komiteen. Konklusjonen var einstemmig: Avhandlinga er god nok for disputas.

Komiteen peikar på nokre svakheiter, men skriv òg mellom anna at «the dissertation is original in its scope and brings valuable insights to an understudied aspect of contemporary Orthodox Christian practice in Ethiopia — and is, as such, a highly welcome and important contribution to Ethiopian Studies and the study of religion in general».

Dekanatet ved fakultetet er ikkje samd. 20. september gav fakultetsleiinga, ved prodekan Ole Hjortland, beskjed til den sakkunnige komiteen om at dei vil ha ei utdjuping av argumentasjonen: Korleis meiner komiteen at avhandlinga svarar til krava i ph.d.-forskrifta?

Dersom kandidaten sin disputas skal kunne gå som planlagt, må avhandlinga verta godkjent seinast 23. september. Den sakkunnige komiteen leverer difor ein revidert rapport 22. september.

Same dag, like før normalarbeidsdagen er slutt, får Wright ein e-post. Der får ho vita at det skal oppnemnast nye sakkunnige. At ho har fått ei einstemmig, positiv innstilling får ho ikkje vita før etter at Forskerforbundet har teke kontakt med fakultetet.

— Saka er prinsipielt viktig: Kva status har faglege komitear, spør Helge Holgersen i Forskerforbundet. Han er kritisk til bruken av paragraf 12 i ph.d.-forskrifta.

Knapt fleirtal i styret

I fakultetsstyremøtet 25. oktober skulle styret formelt ta stilling til om det skal oppnemnast to nye sakkunnige, som skulle vurdera om dei synest avhandlinga er god nok for disputas.

Fakultetsleiinga skriv i saksframstillinga at dekanatet har fullmakt til å godkjenna avhandlingar for disputas i dei tilfella der det er ei einstemmig innstilling frå sakkunnig komite.

Det er det i denne saka. Men: «I dette konkrete tilfellet var kritikken i komiteens innstilling så omfattende og så substansiell, at vi ikke kjente oss sikre på at innstillingen ga oss et godt nok beslutningsgrunnlag til tross for en positiv konklusjon», heiter det.

Vidare heiter det at i ein situasjon der den reviderte rapporten ikkje gav dekanatet eit betre grunnlag for å fatta vedtak enn den første rapporten, vart neste steg å oppnemna to nye lesarar.

Fakultetsstyret gjorde, med knappast mogleg fleirtal, vedtak om at avhandlinga no skal sendast til to nye sakkunnige, som skal koma med kvar sin individuelle uttale.

Camilla Wright veit ikkje når, eller om, ho får disputert.

Rettleiar: Rigid

Wright fortvilar.

— Eg sit med ei einstemmig positiv innstilling. Og det er altså ikkje på grunn av avhandlinga, men på grunn av innstillinga at dette kan gå gale, seier ho.

— Og når fakultetsleiinga meiner at positiv tilbakemelding frå tre skal trekkast i tvil, kan ein då trekka to nye i tvil òg?

Wright er tilsett ved Norsk Gestaltinstitutt Høgskole.

— Så eg har ein annan jobb. Men eg taper mykje på å ikkje få doktorgrad, både inntekt og moglegheiter for karriere. Dersom dette ikkje går bra, får eg rett og slett ikkje doktorgrad.

Dersom ei avhandling vert underkjent for andre gong, har ein ikkje fleire sjansar.

Jan Heiret er professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og har vore Wright sin bi-rettleiar. Han er opprørt.

— For meg som rettleiar er det forstemmande at dekanatet brukar reglementet så rigid at det kan føra til underkjenning av ei avhandling som ein enstemmig komité meiner skal godkjennast. Stipendiatar er sårbare, og her vert regelverket brukt mot ein stipendiat, seier Heiret.

Han har sjølv sete fire år i fakultetsstyret og deretter åtte år som instituttleiar. Men ei sak som dette har han aldri vore borti.

— Det er ikkje uvanleg at det vert peika på uklarheiter i ein sakkunnigrapport. Men i dei sakene eg kjenner til, har ein gått i dialog og alltid klart å koma til ei avklaring. No vel dekanatet ein ny måte å gjera det på, og det råkar stipendiaten, seier Heiret.

Khrono har vore i kontakt med professor Knut A. Jacobsen, som leia den sakkunnige komiteen. Han ønskjer ikkje å kommentera saka. Men i ein e-post til dekanatet skriv han at han reagerer på at komiteen si vurdering vert overprøvd utan ein reell dialog som kunne avklart om det her berre er snakk om usemje om skrivestil.

— Dersom fakultetet er villig til å gå i dialog, vil komiteen gjerne bidra til å gjera klart grunnlaget for komiteen si einstemmige godkjenning av avhandlinga, skriv Jacobsen.

Forskerforbundet: Prinsipielt viktig

Tillitsvald og styremedlem Helge Holgersen i Forskerforbundet seier til Khrono at han ikkje synest dekanatet tek vare på stipendiaten på ein god måte.

— Ho vert ikkje informert om saksbehandlinga på ein korrekt måte, og for meg ser det mest ut som om fakultetet er mest opptekne av hemmeleghald.

I paragraf 12 heiter det at «dersom fakultetet selv finner at det foreligger begrunnet tvil om komiteens innstilling eller dersom komiteen avgir delt innstilling, kan fakultetet selv søke nærmere avklaring fra bedømmelseskomiteen eller oppnevne to nye sakkyndige som avgir individuelle uttalelser om avhandlingen». Både Holgersen og Heiret reagerer på bruken av denne.

Holgersen seier han synest det er underleg at dekan Hjortland meiner seg å ha sakkunnig kompetanse på eit anna fagfelt enn sitt eige.

— Dette må òg vera eit inngrep i den fagleg autonomien ein komite og eit fagfelt skal ha. Vidare meiner eg at paragrafen i forskrifta ikkje kan vera meint for at dekanar skal overprøva einstemmige faglege komitear, seier Holgersen.

— Eg trur alle som har disputert og hugsar gleda ved å få ein einstemmig komiteuttale vil forstå ubehaget dersom dei så etter ei tid får høyra utan nærare grunngiving får vita at dei må utsetja festmiddagen og så ei tid etter dette får vita at dekanen har stoppa disputasen.

Kva status har faglege komitear, spør Helge Holgersen i Forskerforbundet.

Lurer på kva som skjer ved usemje

Wright seier at det no er uklårt kva mandat dei to nye sakkunnige skal ha.

— Det finst ingen retningslinjer for korleis ein skal vekta det dei seier opp mot det den einstemmige komiteen allereie har sagt. Dersom ein no får ein positiv og ein negativ rapport, korleis vektar ein det då? Eller dersom det vert to negative?

Fakultetsstyret har vedteke at dei to nye sakkunnige ikkje skal vita noko om kva den første komiteen har sagt om avhandlinga.

— Når dei får spørsmål om å vurdera avhandlinga vil dei fort kunne tru at noko heftar ved avhandlinga. Kva briller har ein på då, spør Wright.

— Dette handlar ikkje om at eg ikkje har tru på fagfolk. Men eg fryktar at dei vil leita etter noko gale når dei ikkje får vita, òg fordi det å be om ytterlegare vurdering når det ligg føre ei einstemmig positiv innstilling er uvanleg praksis.

Rettleiar Heiret stiller spørsmål ved det same.

— Kvifor skal ikkje dei nye sakkunnige få vita at det her har vore ein einstemmig positiv komite? Ved underkjenning vil ein kunne be om å sjå den førre vurderinga, seier han.

Professor: Innstillinga var klår

Det var gruppe B sin representant i fakultetsstyret, Pernille Reitan Jensen, som formelt bad om at saka skulle verta teken opp der. Dette skjedde etter at Wright /sjølv hadde sendt sine merknader til nokre av medlemmene i fakultetsstyret og bede om at styret fekk saka på sitt bord.

— Dette er ei viktig sak å drøfta prinsipielt. Eg synest det er ei vanskeleg sak, fordi ein overprøver ein einstemmig komite, seier Jensen.

Laura Saetveit Miles røysta for at avhandlinga skulle verta godkjend.

Ho var ikkje sjølv i møtet, men hadde formidla til stipendiaten at ho hadde gruppe B si støtte.

— Eg hadde ønskt eit anna utfall, seier Jensen.

Det same hadde Laura Saetveit Miles. Ho er professor ved Institutt for framandspråk og representerer vitskapeleg tilsette i fast stilling i fakultetsstyret.

— For meg var rapporten veldig klår: Den godkjende avhandlinga, seier Miles.

Ho seier at kommunikasjonen med stipendiaten ikkje har vore god nok.

— Stipendiatar er ei sårbar gruppe, særleg når dei er på slutten av stipendiatperioden. Då er det viktig med ein god, profesjonell kommunikasjon.

Etter styremøtet har Wright fått eit brev der det står at det skal oppnemnast to sakkunnige, og at ho vil få beskjed når dette har skjedd. Ho vil òg få beskjed om kva tidsfrist dei har fått.

— Førebels veit eg ingenting om tidsramma, seier ho.

Det betyr at ho heller ikkje veit når det kan verta disputas.

— Det komiteen peikar av svakheiter i avhandlinga hadde eg rekna med å kunne utdjupa der.

Prodekan: Me overprøver ikkje

Ole Hjortland ,professor og prodekan for forsking og formidling ved Det humanistiske fakultetet, seier til Khrono at han ikkje ønskjer å kommentera detaljar i ei einskild sak som er til behandling.

— Når ein sakkunnig komite leverer ein rapport, er det normal gang at fakultetet kan godkjenne avhandlinga for disputas. Så er det slik at dersom det er grunngitt tvil om komiteen si innstilling, har fakultetet nokre reiskapar etter forskrifta. Ein kan be om ei ytterlegare utgreiing frå komiteen eller ein kan oppnemna to nye sakkunnige. Det er nettopp dette fakultetsstyret har gjort, seier Hjortland.

Han seier vidare at fakultetet har vore i dialog med den sakkunnige komiteen.

— Dersom dette berre hadde handla om skrivestil, hadde me ikkje gått vidare med saka, seier han.

Når avhandlinga no skal lesast på nytt, skal dette skje utan føringar, seier prodekanen. Uansett kva dei nye sakkunnige konkluderer med, er det fakultetsstyret som skal fatta eit vedtak, basert på dei tilrådingane ein får.

— Har de i dekanatet lese avhandlinga?

— Me opererer ikkje som ein komite, og dette er ikkje noka fagleg overprøving, seier Hjortland.

Han seier at dekanatet har rådført seg med Forsknings- og innovasjonsavdelinga og fått ei tilråding om at dei nye sakkunnige ikkje skal få informasjon om historikken i saka, for at dei skal kunne arbeida så uavhengig som mogleg.

— Kvifor tok det tre veker frå de fekk den sakkunnige rapporten til stipendiaten fekk beskjed?

— Igjen, eg ønskjer ikkje å kommentera detaljar i ei sak. Me gjer vårt ytste for å vareta stipendiatane, òg i slike prosessar. Men det er krevjande når ein brukar regelverk som ein ikkje brukar så ofte, og diverre er det tilfelle der saksbehandlinga tek for lang tid. Me arbeider generelt for å informera så snart som råd, seier Hjortland.

— Når kjem saka tilbake til fakultetsstyret?

— No skal prosessen gå så raskt som mogleg og vera så skånsam som mogleg. Men dei nye sakkunnige må òg få tid. Det er vanskeleg å seia når saka kjem tilbake, men det er lite sannsynleg at det skjer på neste møte i fakultetsstyret.

Endringslogg: Forskerforbundet tok kontakt med fakultetet, ikkje med Wright. Deretter fekk ho vita at innstillinga var positiv. Endra 2.11 kl 08.44.

Powered by Labrador CMS