Over halvparten får jobb før endt utdanning på NTNU
Kandidatundersøking. Fleire kandidatar frå NTNU har sikra seg jobb før dei er ferdige med utdanninga, samanlikna med andre store universitet i Noreg. Det viser ei fersk kandidatundersøking frå Kantar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Seks av ti uteksaminerte studentar frå NTNU heldt enten fram i jobben dei hadde i studietida (to av ti) eller fekk jobb før fullført grad, men byrja i jobben først etter dei var ferdig uteksaminerte (fire av ti).
Det er om lag ti prosent fleire enn kandidatane frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Agder, Norges miljø-og biovitskaplege universitet (NMBU) og UiT Norges arktiske universitet, ifølgje tilsvarande undersøkingar Kantar har gjort i tidsrommet 2015-2019.
Vi er veldig godt nøgde med å få så god tilbakemeldingar både på kvaliteten i våre utdanningar.
Marit Reitan
Dette er blant nøkkeltala som kjem fram i den ferske kandidatundersøkinga Kantar har gjort på oppdrag frå NTNU. 7 000 studentar som vart uteksaminert i tidsrommet 2016-2018 deltok.
— Vi er veldig godt nøgde med å få så god tilbakemeldingar både på kvaliteten i våre utdanningar og samfunns- og arbeidslivsrelevansen. Vi er heile tida opptekne av å utvikle oss på alle område der vi ser vi kan strekke oss, seier dekan Marit Reitan ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap, på vegne av leiinga.
Det er spesielt kandidatar uteksaminerte frå Fakultet for medisin- og helsevitskap (71 prosent) og Fakultetet for økonomi (65 prosent) som dreg opp delen som har sikra seg jobb før dei er ferdige med utdanninga.
På motsett ende av skalaen er kandidatar uteksaminerte frå Det humanistiske fakultet (43 prosent) og Fakultet for naturvitskap (49 prosent).
Det totale biletet viser at 81 prosent no er tilsette i enten fast (65 prosent) eller mellombelse stillingar (16 prosent). 13 prosent har gått vidare med nye studium, medan tre prosent opplyser at dei er jobbsøkarar.
Ved Reitan sitt eige fakultet er det heile 62 prosent som har fått seg jobb før enda studium.
— Dette stadfestar dei tala som over lang tid har kome fram i andre nasjonale undersøkingar: det er ein god arbeidsmarknad for samfunnsvitarar, seier Reitan til Khrono.
Fleire kandidatar tek vegen til Oslo
Det er Oslo fylke som tiltrekker seg flest kandidatar frå NTNU. 8 prosent av kandidatane som studerte i Trondheim budde i Oslo før studia. I 2019 jobbar 25 prosent av kandidatene i Oslo, syner undersøkinga.
På plass nummer to kjem Trøndelag, og primært Trondheim. Medan 31 prosent av kandidatane budde i Trøndelag før studia, så er det 38 prosent som jobbar der i 2019.
Verken Gjøvik eller Ålesund, eller tilhøyrande fylke, opplever nemneverdig tilvekst av arbeidskraft i form av uteksaminerte kandidatar frå NTNU, ifølgje rapporten.
Etterlyser tettare kontakt med arbeidslivet
Blant spørsmåla kandidatane vart stilte i samband med overgangen til arbeidslivet, trekk fleire fram eit ønske om tettare kontakt med arbeidslivet medan dei studerer.
Fire av ti kandidatar etterlyser blant anna betre moglegheiter for praksis i utdanninga og meiner det hadde gjort dei betre rusta til arbeidslivet.
— Vi er opptekne av å gjere utdanningane våre enno meir samfunns- og arbeidsmarknadsrelevante. Det å integrere meir arbeidslivserfaring i utdanningane er eit satsingsområde for NTNU, seier Reitan.
Ho peiker på to utgreiingar dei har gåande no, som dei kallar «Framtidas HUMSAM» og «Framtidas teknologistudier», der målet er å utvikle studieprogramma og gjere dei relevante med tanke på framtidas samfunnsutfordringar og behov.
Der vil samfunns- og arbeidslivsrelevans og FN sine berekraftsmål vere overgripande perspektiv for arbeidet, ifølgje dekanen.
— Vi skal tilpasse oss det arbeidslivet oppfattar er behovet, men faga våre skal også vere med å påverke dagsordenen for kva som er naudsynt kunnskap i samfunnet, seier Reitan. Ho legg til:
— Eg meiner det ikkje bør vere vanskeleg å kombinere ønsket om meir nærleik til arbeidslivet og det å halde på universitetet sin autonomi.
Kandidatundersøkinga blei lagt fram under eit frukostmøte i Dokkhuset i Trondheim fredag morgon.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!