Ved OsloMet har lærarutdanninga dei siste tjue åra tatt nynorskopplæring på alvor. Bilete frå velkomstseremoni OsloMet, St. Hanshaugen. Arkivfoto: Ketil Blom Haugstulen

OsloMet med varig nynorskoffensiv

Lærarutdanning. Vi jobbar intensivt med å endre haldningane til studentane som når dei kjem hit ofte er hjernevaska med negative haldningar til nynorsk, skriv Mette Elisabeth Nergård og Vibeke Bjarnø.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

At nynorsk kan verte svekt i skolen i nær framtid, er ein spådom ein ikkje treng å vere klarsynt for å komme med. Etter læreplanen som tar til å gjelde frå august 2020 skal separat karakter i sidemål ikkje setjast, det skal berre vere ein karakter i norsk både på ungdomstrinn og i vidaregåande. Dette vil senke statusen til nynorsk som frå før er sårbart. Ved OsloMet har lærarutdanninga dei siste tjue åra tatt nynorskopplæring på alvor. Trass i dette må vi slå fast at vi framleis har mykje ugjort på feltet.

«Dei viktigaste slaga for nynorsk står i skolen. Når vi kjempar for nynorskens plass blant barn og unge, kjempar vi og for at framtidige generasjonar skal oppleve dette som eit dugande bruksspråk». Dette skriv Astrid Marie Grov på leiarplass i årets første nummer av Norsk Tidend.

Vi må vedgå at vi ikkje har brukt moglegheitene vi kunne ha hatt til å styrkje språkkompetansen i norsk dei to siste åra av det femårige løpet i lærardanninga ved OsloMet — storbyuniversitetet. Dei to siste åra av studiet har i dag minimalt med nynorsk. Nynorskopplæringa i norskfaget dei første åra er derimot ikkje forsømt. Norskmiljøet ved lærarutdanninga har nemleg dei siste tjue åra jobba hardt for å styrkje nynorsk blant dei framtidige lærarane. For det er dei som skal bringe nynorsken ut til folket.

Dei to siste åra av studiet har i dag minimalt med nynorsk. Nynorskopplæringa i norskfaget dei første åra er derimot ikkje forsømt.

Vibeke Bjarnø og Mette Elisabeth Nergård

Det er ingen løyndom at vurdering ved karakterar har vore ein motivasjonsfaktor for å lære nynorsk hos elevar som bruker bokmål. I halvårsvurderingane til 8. og 9. trinn og vg1 og vg2 skal læraren no berre gi ein karakter i norsk munnleg og ein i norsk skriftleg, men karakteren skal spegle kompetanse i skriving så vel i nynorsk som i bokmål. Regjeringa hevda at føremålet med endringa var å leggje til rette for ei meir heilskapleg skriveopplæring og for å gi elevar og lærarar høve til å jobbe grundigare med tekstane. Leiaren for Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, meiner derimot at den nye læreplanen vil senke kompetansen i nynorsk som sidemål i samfunnet og auke språkskiftet til bokmål på vidaregåande skole.

At faga i stor grad vert digitaliserte ved bruk av til dømes ulike appar, er òg eit trugsmål mot nynorsken i skolen enda det burde ha vore motsett. Det er nemleg slik at det er stor mangel på digitale læremiddel på nynorsk, noko ingen pr i dag vil ta ansvar for. Forlaga meiner det er for lite økonomisk vinst å hente ved produksjon av slike læremiddel. Grov meiner at det beste kommunane kan gjere for å betre læremiddelsituasjonen er å slå seg saman og krevje læremiddel på nynorsk. Eit openbert forum for dette meiner ho kan vere samanslutninga av nynorskkommunar (LNK). (Norsk Tidend, nummer 1 – 2020).

I slike tider har lærarutdanningane stort ansvar for norsk språk og kultur. For norsk er nynorsk og bokmål, og viss ei av målformene vert svekt, vil det ramme heile kulturen. Fleire av våre fremste skjønnlitterære forfattarar skriv nynorsk. Viss nynorsken, som frå før av er i ein underlegen posisjon, (noko som vert slått fast i den nye språklova), vert svekt enda meir, ser det ikkje lyst ut.

Vi skal vere ærlege: Lærarstudentar i Oslo og andre bokmålsdominerte strok har generelt ikkje vore overivrige etter å lære nynorsk. Lærarutdanninga ved OsloMet har derfor gjennom dei siste tjue åra tatt ei offensiv tilnærming til arbeidet med nynorsk. Denne satsinga kan beskrivast som eit varig arbeid for auka medvit om nynorskens verdi hos studentane, intensivering av skriveopplæringa deira, didaktiske øvingar med tanke på lærargjerninga og bokbading med nynorsk skjønnlitteratur.

Det er altså ikkje berre eldsjeler blant lærarane som har drege studentane med på Det norske Teatret eller til Litteraturhuset på ulike arrangement der nynorsken er i sentrum, det er kvardagsarbeidet til studentane som har fått størst fokus. Og dette arbeidet er alle som underviser i norsk i lærarutdanninga pliktige til å følgje opp.

I norskfaget skal halvparten av pensum vere på nynorsk og halvparten på bokmål. Slik er gjengs praksis ved lærarutdanninga ved OsloMet. Vidare er det er det gjort fleire grep for å intensivere og styrke opplæringa i nynorsk. Dette har skjedd i mappevurdering, både i løpet 1-7 og 5-10 der ein har kravd at alle tekstane i mappa skal vere på nynorsk for at studentane skal få kontinuitet i nynorskopplæringa. Det er og ved institusjonen drive utstrekt forsking på denne praksisen som no har vore i gang ca. 15 år (til dømes av Skjong og Vederhus).

Norsklærarane har i deira tilbakemeldingar gått inn for å lære studentane nynorsk. Fleire av oss har opplevd at studentane etter tilbakemeldingar har lagt inn aktiv innsats for å betre kompetansen i denne målforma, og dei har hatt ein påviseleg progresjon, noko som og har gitt resultat til eksamen. Den enkelte studenten vert sett og får individuell rettleiing, og kan hende har dette ført til ekstra motivasjon.

I undervisninga møter studentane lærarar som både skriv nynorsk og bokmål. Vidare har utdanninga hatt regelmessige besøk av forfattarar slik at studentane har kunna setje seg inn i forfattarskap og møte forfattarar som bruker nynorsk.

Ved lærarutdanninga ved OsloMet må alle studentane levere nokre av arbeidskrava på nynorsk, og dei som ikkje har valt norsk som fag. Ordninga er langt frå god nok, og utdanninga må diskutere korleis opplæringa kan bli betre også for studentar som ikkje har valt norsk som fag. No når alle studentane går på eit integrert masterstudium, kan det gje høve til å utvikle nynorskkunnskapane hos alle studentane.

Torgeir Parr Dimmen ved Høgskulen i Volda skreiv i eit innlegg i Khrono: «Det bør difor vere sjølvsagt at lærarkandidatar som blir sertifiserte for å undervise i heile landet må ha fullverdig norskkompetanse. Ikkje berre av omsyn til nynorskelevane, men også for det store fleirtalet som har bokmål som opplæringsmål». Vi er sjølvsagt samde i dette. Fullverdig norskkompetanse, der sa du det.

Vidare slår han fast noko vi opplever dagleg i arbeidet som norsklærarar ved OsloMet: «…at mange lærarstudentar med bokmålsbakgrunn byrjar på utdanninga med svært dårleg nynorskgrunnlag. Desse har ei særleg stor utfordring med å oppfylle rammeforskrifta sitt krav (både i 1-7 og 5-10 utdanning) om at kandidaten skal «beherske norsk muntlig og skrifltig, både bokmål og nynorsk og bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng».

Takk, men trong vi denne påminninga? Vi jobbar intensivt med å endre haldningane til studentane som når dei kjem hit ofte er hjernevaska med negative haldningar til nynorsk frå heimen, frå tidlegare skolegang og frå den generelle motstanden, negativiteten og den tillatne mobbinga av nynorsk som framleis er høgst vital i samfunnet.

Haldningane deira kan endrast ved kunnskap. Denne kunnskapen legg vi all vekt på at studentane aktivt skal tileigne seg, og den kan skaffast ved at dei vert medvitne om den uendelege verdien som ligg i at elevane og dei sjølve får uttrykke sin eigen identitet på skolen, noko som berre kan skje på ein god måte ved at ein får bruke eigen dialekt. I dette prosjektet har nynorsken spela ein så viktig rolle historisk og didaktisk at lærarstudentar som vert kjende med saka, ikkje kan unngå å verte oppglødde. Det trur vi, for det har vi erfart. Så kan vi leie studentane inn i romma der det finst eit vell av tekstar, gamle og nye som kjem til heile tida. Så kan vi la dei møte levande menneske som bruker nynorsk i liv og tekstarbeid. Nynorsk er eit levande språk med vital produksjon av tekstar av ulike slag.

Torgeir Parr Dimmen skriv at kravet om språkkompetanse hos lærarstudentar ikkje er til misforstå og heller ikkje kan ignorerast. Nei, kravet om at kandidaten skal meistre nynorsk og bokmål og kunne bruke språket på ein kvalifisert måte i yrket sitt, er ikkje til å misforstå. Vi overser det heller ikkje, men er smerteleg klare over utfordringa vi har med å lage eit opplegg som inneber fullverdig jamstilling mellom målformene i lærarutdanninga vår. Vi må arbeide aktivt for at nynorsken kjem inn sterkare enn i dag.

Powered by Labrador CMS