
Norsk og nynorsk i lærarutdanninga
Meining. Lærarutdanning. Nynorsk er ikkje eit eige fag som kan veljast bort. Det er ein sjølvsagd del av norskfaget og i lese- og skriveopplæringa heilt frå første klasse i grunnopplæringa.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I eit innlegg i Khrono 5.2. spør førsteamanuensis Eli Anne Eiesland om det er nynorskkrise i lærarutdanningane. Sikker dokumentasjon finst ikkje, men etter alt å døme er svaret er ja. Både Eieslands eiga kartlegging og Nynorsksenteret sin kontakt med LU-institusjonane dei siste åra tyder på det står dårlegare til enn det bør gjere. Ikkje berre med studentane sin eigen nynorskkompetanse, men også med kunnskapen om korleis undervise på og om nynorsk. Det er eit like stort problem.
I den nye læreplanen for grunnopplæringa (LK20) går det klart fram at så og seie alle skuleelevar i Noreg skal introduserast for begge dei norske skriftspråka alt i småskulen. Lesing og etter kvart skriving på «det andre» språket skal inn i opplæringa lenge før den meir formelle sidemålsopplæringa byrjar på ungdomstrinnet.
Det bør difor vere sjølvsagt at lærarkandidatar som blir sertifiserte for å undervise i heile landet må ha fullverdig norskkompetanse. Ikkje berre av omsyn til nynorskelevane, som Eiesland skriv mest om, men også for det store fleirtalet som har bokmål som opplæringsmål.
Det er ei kjensgjerning at mange lærarstudentar med bokmålsbakgrunn byrjar på utdanninga si med svært dårleg nynorskgrunnlag. Desse har ei særleg stor utfordring med å oppfylle rammeplanforskrifta sitt krav (både i 1-7- og 5-10-utdanninga) om at kandidaten skal «beherske norsk muntlig og skriftlig, både bokmål og nynorsk, og bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng».
Formuleringa er ikkje til å misforstå, og kan ikkje ignorerast av utdanningsinstitusjonane som sender kandidatane sine ut med papir om at dei er kvalifiserte til å undervise etter gjeldande læreplanar i norsk skule.
Nyeste artikler
Humaniora i møte med virkeligheten
Blar opp milliardar for å lokke amerikanske forskarar til EU. — Godt nytt for oss
Gransking: Norges mest publiserende forsker opptrådte vitenskapelig uredelig
Studentene krever akademisk boikott
Da de nektet å forlate rektors kontor ringte NTNU politiet. — En skamplett
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære