Debatt ● per esben svelstad

Oslo er verdas Storhove

For professor Bernt Hagtvet er det tydelegvis slik at embetsmannsskulen på Blindern er noko fundamentalt anna enn det han kallar «Distriktshøgskolen på Storhove».

Mange studenter på Blindern, Universitetet i Oslo
Hagtvet målber ikkje noko anna enn den same distriktsforakta vi har sett gjennom alle dei åra dei små storbyane her til lands har forsøkt å distansere seg frå dei landlege strok.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er ingen grenser for kva slags bygdeskular som får lov til å kalle seg universitet. I 1813 vart det oppretta ein institusjon med berre fem professorar i ein tettstad med 10–15.000 innbyggjarar. 

Opprettinga av Det Kongelege Frederiks Universitet i Kristiania var eit distriktspolitisk tiltak for å utdanne embetsmenn (i det vi i dag kunne kalla profesjonsutdanningar) og vitskapsfolk til den nye nasjonen Noreg.

Slik kunne ein fortalt historia om starten på det som i dag er Universitetet i Oslo. Om hovudstaden har vakse, er og blir han ein småby i verdssamanheng, der han så vidt bikkar ein million innbyggjarar dersom ein tek med bygdene i omlandet. Og universitetet slit med å kara seg til ein plass mellom dei 120 beste universiteta i verda på QS-rankinga.

For professor Bernt Hagtvet er det tydelegvis slik at embetsmannsskulen på Blindern er noko fundamentalt anna enn det han kallar «Distriktshøgskolen på Storhove». Som nord-gudbrandsdøl med røter på Toten kan eg ikkje unngå å leggje merke til at retorikk av dette slaget berre blir nytta om visse regionar. At flatbygdfolket kring Mjøsa er trege, er noko alle veit; det er dette som gjer at «Distriktshøgskolen på Storhove» har retorisk effekt. At noko liknande skulle seiast om Høgskulen på Vestlandet – ein landsdel der folk har rykte på seg for å vera kvikke, turrvituge og oppfinnsame – er nesten utenkjeleg. Denne selektive oslosjåvinismen ville vore støytande viss han ikkje var så tåpeleg.

Hagtvet målber ikkje noko anna enn den same distriktsforakta vi har sett gjennom alle dei åra dei små storbyane her til lands har forsøkt å distansere seg frå dei landlege stroka. Debatten om kva eit universitet skal vera, er for viktig til å reduserast til denne evinnelege polemikken mellom sentrum og periferi som i røynda er eit svært lokalt identitetsprosjekt for dei med tilhald i storbyane. Den som er trygg på seg sjølv, treng ikkje å rakke ned på andre. I retorikken om at distriktshøgskulane for all del ikkje må bli universitet, kjem den manglande sjølvtilliten til universitetsfolk i dei norske regionsentera fram. Den som vil vera ein av dei store – i liga med Paris, London og Berlin – kan ikkje tillate at endå mindre byar hist og pist skal ha institusjonar med universitetsnamn. Kva blir spesielt med Oslo då (og kven var det som sa noko om «regionalsnobbisme»?)? Oslo er verdas Storhove, og inst inne veit dei det.

Powered by Labrador CMS