Det er rett før jul
2024, og dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved
Universitetet i Bergen (UiB), Gunn Mangerud, oppsummerer året i bloggen sin.
«Jeg håper», skriv ho, at «vi fostrer en kultur der vi utøver raushet og viser omsorg med
kollegaer når det trengs».
Samstundes er ein medarbeidar ved fakultetet, Dorte Nørgaard Madsen,
på veg til fødebyen København. Mor hennar er død. Juleferien med familien er
avlyst. No ventar bisetting, og alt det praktiske som følgjer med når den siste
i generasjonen over går bort.
Madsen er spent på
framtida, på jobben, ho ventar på å få vite.
Ho har søkt om
opprykk til professor innan fristen 15. september. Ifølgje
reglane er maksimal behandlingstid tre månader. Deretter skal rapporten sendast
til arbeidsgivaren, som utan opphald skal sende den vidare til søkaren.
Ting tar tid, ho tenker at ho må vere
tolmodig. Men kollegaer som søkte opprykk på same tid har begynt å spørje. Dei
har for lengst fått svar og opprykk. Korleis gjekk det med henne?
Etter jul, etter bisettinga, kjem Madsen
tilbake til Bergen. Ho har framleis ikkje fått svar frå fakultetet.
No anar ho
uråd.
«Negativ særbehandling»
«Kritikkverdige forhold ved
NT-fakultetet», er tittelen på eit brev som er sendt til rektor og direktør ved
Universitetet i Bergen frå Forskerforbundet.
Brevet er eit offisielt varsel om
måten Madsen opplever at ho er blitt behandla på av arbeidsgivaren sin.
Forskerforbundet meiner leiinga ved
fakultetet der ho er tilsett har vore «fast bestemt på å stoppe opprykket med
alle midler» — og utsett Madsen for «en negativ særbehandling uten sidestykke
i noen opprykksaker».
Fagforeininga meiner også at fakultetet
kan ha gjort seg skuldig i juridiske overtramp i saka.
— Dette er ei av dei verste sakene eg har
vore borti, seier leiar for Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen,
Steinar Vagstad, til Khrono.
— No forventar vi rett og slett at nokon
vaksne grip inn og ryddar opp.
LES SVARET FRÅ FAKULTETET LENGER NED I SAKA.
Har vore tilsett i tjue år
Dorte Nørgaard Madsen har vore tilsett
ved Universitetet i Bergen sidan 2004. Ho er i dag førsteamanuensis ved
Institutt for fysikk og teknologi. Tidlegare har ho jobba ved Danmarks Tekniske
universitet.
Fakultet for naturvitskap og teknologi, NT-fakultetet,
er tilslutta ei ordning med nasjonale ekspertkomitear for evaluering av
søknader til professoropprykk. Alle teknologi- og realfagsfakulteta ved dei
største universiteta er med i ordninga.
Ifølgje retningslinjene skal samordning av
prosessene for professoropprykk blant anna sikre «høy kvalitet på bedømmelser»
og «ensartet saksbehandling».
Først skal søkaren få tilsendt
rapporten, «så snart den foreligger». Søkaren får kome med eventuelle
merknader. Komiteen får så kommentere, om nødvendig. Til slutt formaliserer arbeidsgivar opprykket (så lenge vurderinga er positiv og det ikkje er dissens i den nasjonale komiteen).
Khrono har lese varselet frå Forskerforbundet og hatt tilgang til dokument og korrespondanse i saka.
«En supplerende komité»
Utpå nyåret 2025 lurer Madsen på kvar det blir av svaret på søknaden. Kvifor høyrer ho ikkje noko?
I midten av januar får ho ein e-post
frå HR-sjefen ved fakultetet, May Britt Skåtøy. I e-posten, som Khrono har
lese, står det:
«I forbindelse med din søknad om
professoropprykk har ansettelsesutvalget ved NT-fakultetet 15.1.2025 gjort
vedtak om å sette ned en supplerende intern komite som skal gå gjennom
bedømmelseskomiteens arbeid knyttet til dokumentasjon og bedømmelsesnorm».
Dorte Madsen har allereie fast stilling.
Den supplerande komiteen, opplyser HR-sjefen, skal likevel legge tilsettingsreglement til grunn for arbeidet sitt.
Det blir opplyst om at det vil ta cirka
ein månad å gjennomføre arbeidet.
«Dette til informasjon», avsluttar
HR-sjefen.
Bunken med dokument og korrespondanse held fram med å vekse i Dorte Madsens opprykkssak. Ho har no frist til 4. juni med å kome med merknader til to rapportar.Paul S. Amundsen
Madsen har enno ikkje fått
evalueringsrapporten frå det nasjonale utvalet.
Ho har ikkje fått konklusjonen, og ho har ikkje fått kjennskap
til vurderingane som er gjort av søknaden ho leverte fire månader
tidlegare.
Derimot har ho blitt bedt, med frist på ei veke, om å levere inn
doktorgradsavhandlinga si frå 2001. Ho får ikkje vite grunnen, kvifor
fakultetet har det travelt med å sjå på avhandlinga hennar.
Forskerforbundet er no kopla inn. Dei har
kontakta fakultetet og etterlyst rapporten frå den nasjonale fagkomiteen som har
vurdert søknaden om professoropprykk.
20. januar — fem dagar seinare, fem veker
etter at dokumenta kom inn frå den nasjonale komiteen, sender fakultetet rapporten til Madsen —
men utan invitasjon til å kome med merknader.
Konklusjon er einstemmig:
«Dorte Madsen
meets the requirements for promotion to full professor».
Men, legg
HR-sjefen til:
« … fakultetet vil understreke at det ikke er
gitt at konklusjonen her blir det endelige utfallet».
Ein konklusjon
Ifølgje det nasjonale
regelverket for vurdering av professoropprykk, kan fakultetet utnemne
ein ny komité, dersom dette blir vurdert som nødvendig — «for søkers
rettigheter». Men Madsen får
ikkje opplyst kva slags rettar det i så fall er snakk om å vurdere på hennar
vegne.
Den supplerande
komiteen skal i tillegg til HR-sjefen bestå av fakultetsdirektør Elisabeth
Lysebo og prodekan ved fakultetet, Øyvind Frette.
Kva slags reglar legg dei til grunn når
dei plukkar ut folk til ein supplerande «komité»?
Det er Forskerforbundet som rettar spørsmålet til fakultetet.
Det får dei
ikkje noko svar på. Men ei veke seinare melder HR-sjefen at dei har gjort eit
«korrigerende vedtak knyttet til komitésammensetning»:
Prodekan Frette, fakultetsdirektør Lysebo
og HR-sjef Skåtøy blir alle tatt ut av komiteen.
FAKTA
Opprykk til professor
Professor er den høgste fagleg
rangerte stillinga ved eit universitet eller ein høgskole. For å kunne bli professor
må ein kvalifisere til
visse krav til vitskapeleg kompetanse, undervisnings- og rettleiarerfaring.
Søknadene om opprykk blir vurdert av ein nasjonal fagkomite
(bedømmingskomite). Krava er regulert av universitets- og
høyskoleloven.
Målet med den nasjonale ordninga er mellom anna å
sikre høg kvalitet og felles nivå og kriterium for vurderingane, bidra til
kjønnsbalanse og mangfald, fleksibilitet og rask saksbehandling (kjelde: uhr, snl.no)
Inn kjem ein professor frå Oslo, som
tidlegare var tilsett ved UiB, og Helge K. Dahle, som tidlegare var dekan, då
Frette var leiar på instituttet der Madsen arbeider. Endringa er, ifølgje
HR-sjefen, gjort for å «møte kravet om at komiteen skal bestå utelukkende av
medlemmer med kompetanse på sakkyndignivå».
Brev til ein professor
Fakultetet set i gang fleire
undersøkingar, igjen utan at Madsen blir informert. Grunnen er tilsynelatande
ein hypotese om at Madsen kan ha gitt uriktige opplysningar i søknaden om
opprykk.
Som eit ledd i undersøkinga kontaktar HR-sjefen
ein professor ved Danmarks tekniske universitet, som Dorte jobba med tidleg på
2000-talet. I Bergen vil dei vite om opplysningane ho har oppgitt om
rettleiingsarbeidet stemmer.
Det stemmer, stadfestar professoren.
Fakultetet går gjennom fleire av avhandlingane
til stipendiatar Madsen har oppgitt å ha vore rettleiar for.
I brev til
professoren i Danmark skriv HR-sjefen at dei finn lite i avhandlingane som
«sier noe om betydningen av Madsens veiledning». No
ønsker dei hjelp frå professoren til å kartlegge denne betydninga. Dei ber om å
få vite kva «funksjon» og «ansvar» Madsen hadde som rettleiar den gongen.
Korrespondansen mellom HR-sjefen i Bergen
og professoren i København i mars 2025 munnar ut i at professoren igjen går god
for Madsens rettleiararbeid.
Utover dette gir han uttrykk for at han finn det
vanskeleg å hugse detaljar frå 25 år tilbake.
Ein konklusjon til, men …
Komiteen, den supplerande, jobbar på si
side med å kome fram til det endelege utfallet i saka. 20. mars er dei
ferdige. 31. mars får Madsen ei orsaking frå fakultetet for at arbeidet har
tatt lang tid.
Den 3. april får Madsen den supplerande rapporten i innboksen sin.
I den supplerande rapporten står det at ein gjerne skulle
ha sett at den nasjonale ekspertgruppa som vurderte professorsøknaden brukte
meir plass på å forklare vurderingane sine. Rapporten opplyser elles at
komitemedlemmene har gått grundig gjennom retningslinjer for opprykk og sett på korleis den nasjonale komiteen har praktisert dette.
Kva så med den supplerande
konklusjonen?
Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet) ved Universitetet i Bergen har sju institutt. Eitt av dei er Institutt for fysikk og teknologi.Njord V. Svendsen
Komiteen meiner «det
kan være grunnlag for å be bedømmelseskomiteen utdype sin vurdering angående
søkers vitenskapelige kvalifikasjonar. Utover dette
dei kjem fram til same resultat som den nasjonale komiteen:
Madsen
«tilfredsstiller kravene for opprykk til professor».
Det ser ut til at ho kan sprette sjampanjen, at ho kan kalle seg professor, at ho endeleg er i mål.
Men opprykkskampen
var ikkje ferdigspelt.
«Ikke konklusiv»
Litt ut i mai, kjem
nok ein e-post, denne gongen signert direktøren og HR-sjefen på fakultetet.
I e-posten får Madsen beskjed om at fakultetet meiner rapporten frå den
supplerande komiteen ikkje er «konklusiv». Det er derfor blitt bestemt at det må opprettast endå ein komité.
Målet er å «sikre
forsvarlig saksbehandling»
Saman med vedtaket om
å opprette ein nok ein «sakkyndig komité», får Madsen vedlagt eit notat, titulert
«tilleggsskriv» om professoropprykk. I notatet, som er verken signert eller
datert, blir det sett fram ei rekke påstandar om Madsen. «Fakultetet» kjem med «øvrig følgende opplysninger»:
Den anonyme avsendaren meiner mellom anna
at Madsen ikkje har tilstrekkeleg dokumentert at ho har rettleia mange nok
stipendiatar for å tilfredsstille kravet til professoropprykk.
Khrono har spurt fakultetet kven som står bak skrivet, men har ikkje fått svar.
Kafka-prosess
Madsen legg ikkje skjul på at ho opplever
prosessen som som vond. I intervju med Khrono legg ho til at det
også ligg eit sinne bak kampen ho har valt å ta.
I 2019 fekk Madsen ein livstruande
diagnose som førte til at ho vart sjukmeldt fram til våren 2021. Etter dette
har ho gradvis kome tilbake til jobb.
— Eg er sint og opprørt, fordi det som er
hendt i denne saka også går ut over barna mine. Det å kjempe seg tilbake frå
ein dødeleg sjukdom, og så skulle ta livet tilbake saman med tre barn, er hardt
nok. Det å kome tilbake til arbeid, og oppleve det eg opplever frå
arbeisgivaren min no — det kan eg rett og slett ikkje forstå at nokon kan
synest er greitt, seier Madsen.
— Eg treng tryggleik for å kunne bli heilt frisk, ikkje å bli marginalisert og bli gjort til last, seier Dorte Madsen. Ho sendte søknad om opprykk til professor 15. september 2024. Saka er enno ikkje avgjort.Paul S. Amundsen
Det ho hadde trengt på vegen tilbake til
full jobb som forskar og undervisar, seier ho, var å kjenne seg trygg, å kunne
få arbeidsro.
— Alle treng det for å kunne fungere
godt, for å kunne gjere ein god jobb.
I staden har ho hamna i det ho opplever
som ein Kafka-prosess.
— Måten ein heile tida blir halden i uvissa på, mangelen på informasjon, måten saka går fram og tilbake på. Det er ein fullstendig absurd situasjon å stå i. Heile tida er ein i alarmberedskap, eg blir møtt med stadig nye rapportar, seier Madsen.
Ho seier at arbeidsmiljøsituasjonen var
svært utfordrande også før ho vart sjuk.
— Det eg har behov for no, som menneske,
er ei oppklaring. Eg treng å vite kvifor folk eg aldri har snakka med sit med gale opplysningar og sterke meiningar om meg. Eg treng tryggleik for
å kunne bli heilt frisk, for å kunne vere til nytte for samfunnet, og ikkje
blir marginalisert og bli gjort til ein last. I staden blir eg møtt med denne
kjempeprosessen. Det er enormt belastande. Utan gode folk rundt meg — ein mann
med ein arbeidsgivar som forstår, gode kollegaer — hadde eg vore ferdig.
«Nidkjær leting etter feil»
Fire dagar før nasjonaldagen er det
Forskerforbundet som sender e-post, til universitetsleiinga, ved rektor
Margareth Hagen og universitetsdirektør Tore Tungodden.
No varslar fagforeininga om saka, til
høgste hald på universitetet.
I
varselet held Forskerforbundet lite tilbake i si tolking av det dei oppfattar
som alt anna enn forsvarleg saksbehandling.
Kontradiksjon,
som Forskerforbundet meiner Madsen aldri har fått reell tilgang til,
«ville ha avslørt grove feil i både den supplerende komiteens rapport og i
tilleggsskrivet».
Mest alvorleg er likevel, ifølgje
Forskerforbundet, at NT-fakultetet «setter en tung nasjonal opprykkskomité helt
til side, med de konsekvenser dette vil kunne få for den nasjonale
opprykksordningen».
Kvifor har fakultetet eigentleg sett i
gang heile den omstendelege prosessen om Madsens professoropprykk?
I varselet til universitetsleiinga legg
Forskerforbundet fram harde påstandar på grunnlag av deira tolking av saka:
Fakultetsleiinga er «fast bestemt på å
stoppe opprykket med alle midler»
Dekan Gunn Mangerud og prodekan Øyvind Frettes «følelse av at Dorte Madsen ikke er professorkompetent veier tyngre enn
den nasjonale komiteens arbeid».
Dette har ført til
«nidkjær leting etter feil og mangler i Madsens søknad» og «en negativ
særbehandling uten sidestykke i noen opprykkssaker».
Forskerforbundet:
Svært alvorleg
Påstanden om at følelse
styrer prosessen, slik det er framstilt i varselet, er utdjupa:
«Frette og Madsen har
vært i konflikt med hverandre før, og det er urovekkende at fakultetet (der
Frette er prodekan) nå vil overkjøre den nasjonale komiteen ved å utpeke den
komiteen de selv ønsker», står det.
Frette er i dag ikkje lenger
instituttleiar, han er blitt prodekan.
Khrono har vore i kontakt med Frette. Han seier han «ikkje opplever å ha vore i konflikt» med Madsen.
Steinar Vagstad, leiaren i
Forskerforbundet, seier til Khrono at dei ser svært alvorleg på saka.
— Dette er ei av dei verste sakene eg har vore borti, seier leiar for Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen, Steinar Vagstad.Njord V. Svendsen
— I staden for å følgje forskrifter
og retningslinjer har fakultetet her rota rundt på eiga hand i fleire månader,
utan å ta kontakt med verken komité eller søkar. Forskrifta legg opp til at
desse to skal konsulterast dersom noko er uklart. Saksbehandlinga tyder på at
fakultetet ikkje er interessert i å opplyse saka, men stoppe eit elles opplagt
opprykk, seier han.
Han legg til at han aldri tidlegare har
sett eller kjenner til andre tilfelle der den nasjonale komiteen som vurderer
søknader om opprykk har blitt sett til side på den måten det har skjedd ved
Universitetet i Bergen.
Khrono har kontakta leiinga ved
Universitetet i Bergen som stadfestar å ha mottatt varselet frå
Forskerforbundet. Rektor Margareth Hagen seier ho ikkje vil uttale seg om saka
no, sidan ho er under behandling.
Ein inkurie
Først 20. mai, ei veke etter
Forskerforbundets varsling, får Madsen invitasjon til å
komme med merknader til rapporten frå den nasjonale komiteen.
Det er
gått fem månader sidan rapporten nådde fakultetet.
Vedlagt er også rapporten frå den supplerande komiteen, den første av dei to
komiteane fakultetet etablerte, etter at svaret på den nasjonale vurderinga av
Madsens søknad kom til dekanen 16. desember året før.
Madsen får tilbod om å kome med
merknader til rapportane og får ein frist på 14 dagar på å svare, til 4.
juni.
Men kvar, i det etter kvart omfattande
sakskomplekset, skal merknadene leggast til?
Madsen, med Forskerforbundet i ryggen,
spør fakultetet.
Svar kjem 23. mai, signert
fakultetsdirektør Lysebo og er på fem linjer: «Anledningen for søker til å
komme med merknader følger av universitets- og høyskoleforskriften § 3—14 (3)»,
og:
«Ved en inkurie falt
denne henvisningen ut av ovennevnte brev, og det beklager vi».
Dekan: — Har tatt for lang tid
Khrono har stilt ei rekke spørsmål og bedt dekan ved NT-fakultetet, Gunn Mangerud, om å kommentere påstandane
som kjem fram i varselet, og kritikken som blir retta mot fakultetet frå Madsen
og Forskerforbundet.
I e-post svarer Mangerud at fordi saka
ikkje er ferdigstilt, kan ho ikkje kommentere — «utover at jeg ikke kjenner
meg igjen i mye av det som her fremsettes».
Ho viser til at Madsen «ble invitert til et møte med fakultetet for å diskutere saken,
men ønsket ikke å stille».
Mangerud beklagar at saka har tatt
tid.
— Eg har forståing for at dette kan vere krevjande for søkaren, skriv dekan Gunn Mangerud. Ho seier samstundes at ho ikkje kjenner seg igjen i påstandar som kjem fram i varselet mot fakultetet.Eivind Senneset
«Jeg vil understreke
at jeg, på vegne av fakultetet, beklager at saksbehandlingen har tatt for lang
tid. Jeg har forståelse for at dette kan være krevende for søker. Varselet det
vises til omhandler fakultetet sin saksbehandling og vil bli håndtert, og beklager
igjen at dette av ulike årsaker har tatt tid».
Vidare skriv ho:
«På generelt grunnlag
vil jeg understreke at i retningslinjene for professoropprykksordningen står
det at «er ansettelsesorganet i tvil om den sakkyndige bedømmelsen er
adekvat og forsvarlig skal ansettelsesorganet foreta det som er nødvendig for å
avklare og eventuelt korrigere en slik uoverensstemmelse men ikke selv foreta
en sakkyndig bedømmelse». Videre står det at «professor opprykk skal være
utvilsom og skal bygge på et forsvarlig grunnlag».
«Det er viktig å
understreke, på generelt grunnlag, at professoropprykk er en kvalifikasjon og
at det er institusjonen som gir opprykk. Som institusjon prøver vi å legge til
rette for planlegging, bl.a. gjennom medarbeidersamtalen, for en
førsteamanuensis til å kvalifisere seg som professor», skriv Mangerud.
Madsen og Forskerforbundet avviser påstanden om at dei ikkje ønskte å stille til møte med fakultetet.
Fryktar anekdata
«Raushet». «Omsorg».
Dorte Madsen har personleg vanskar med å
lese bloggposten dekan Mangerud posta før jul, om godt
arbeidsmiljø, som anna enn hykleri. For henne er erfaringa det motsette, ein prosess ho opplever som stikk i strid med oppmodinga om å fostre ein kultur «der vi «utøver raushet og viser omsorg».
På spørsmål frå Khrono om ho kan sjå
grunnar til at fakultetet burde gå opprykkssøknaden hennar nærmare etter i
saumane svarer ho at ho berre kan spekulere.
— Eg trur nokon har hatt meiningar om
meg. Det finst nokon førestillingar om meg. Eg fryktar anekdotar kan ha blitt
til anekdata.
Ho seier ho aldri er blitt kontakta av
dekanen på fakultetet.
Dorte Madsen bur landleg i Bergen saman med mannen og tre barn. Ho har arbeidd ved Universitetet i Bergen sidan 2004. — Utan gode folk rundt meg hadde eg vore ferdig, seier ho.Paul S. Amundsen
Nesten eit halvt år har gått sidan den
nasjonale fagkomiteen anbefalte opprykk.
No håper Madsen at leiinga ved universitetet,
som har fått varselet, tar ansvar og kjem heilt til botnen av saka.
— Universitetet skal vere rollemodell for
resten av samfunnet. Eg håper dei vil seie, «slik skal det ikkje vere, slik kan
vi ikkje ha det».
— Dette er et viktig steg for norsk teknologisatsing. Kandidatene fra UiB vil være med på å bygge nasjonal kompetanse og sikre at vi har fagpersoner som kan delta i utviklingen av fremtidens teknologi, både som forskere, utviklere og rådgivere, sier rektor ved UiB, Margareth Hagen.
Kvanteteknologi regnes som en av de mest banebrytende teknologiene i vår tid, og gir helt nye muligheter innen blant annet sensorteknologi, kryptografi, materialutvikling og databehandling. Med det nye programmet vil UiB ta en nasjonal lederrolle i utdanning av framtidens kvanteteknologer, står det i pressemeldingen fra UiB.
Fredrik Winther er ansatt som ny administrerende direktør i Sintef Technology Transfer Office (TTO).
Han begynner i stillingen 1. april 2026, skriver Sintef i en pressemelding. Han overtar etter Anders Lian, som har hatt rollen i 24 år.
Med Fredrik på laget ser Sintef fram til videreutvikling og forsterking av sin viktige posisjon, forteller konsernsjef i Sintef Alexandra Bech Gjørv.
Winther kommer fra stillingen som strategidirektør i Katapult, og har bred erfaring med investering, venturekapital, store innovasjonssystemer, og har en doktorgrad i industriell økonomi.
– Venture-drevet innovasjon har vært dominerende i den globale teknologiutviklingen de siste tiårene, en trend som har nådd Norge og Europa, og vil være en avgjørende driver for både norsk omstilling og europeisk innovasjon. Sintef, som et av Europas største forskningsinstitutter, er unikt posisjonert i dette landskapet, sier Winther.
Fredrik Winther er ansatt som ny administrerende direktør i Sintef Technology Transfer Office.Privat
HR- og HMS-direktør Arne Kr. Hestnes skal slutte etter mange år i jobben. Nå er NTNU på utkikk etter hans etterfølger.
I alt 17 søkere hadde søkt på jobben da fristen gikk ut 8. desember.
Det er flere interne søkere på stillingen.
Arve Skjervø er i dag administrativ leder på Institutt for energi- og prosessteknikk. Juristen har tidligere arbeidet i HR- og HMS-avdelingen under Hernes.
Seksjonssjef Hege Margrethe Sand er seksjonssjef og arbeider med HR- og HMS i Fellesadministrasjonen ved NTNU.
Thale Kvernberg Andersen er instituttleder ved NTNUs Handelshøyskole.
Postdoktor Øyvind Eikrem søker også. Det var ledelsen i HMS- og HR-avdelingen, sammen med daværende rektor Anne Borg, som gikk inn for å gi ham sparken. Den turbulente saken endte med et forlik.
Dette er søkerlista, der i alt fire søkere er unntatt offentlighet:
1. Fatima Rasool Baloch, arbeidsledet, Trondheim
2. Nagmeh Dekhoda, forsker, Stavanger
3. Anette Gimnes, HR-konsulent
4. Søker er unntatt offentlighet, kvinne
5. Søker er unntatt offentlighet, mann
6. Charlotte Akerø, arbeidsledig, Ålesund
7. Hana Klak Ustolin, Destination Manager, Trondheim
Styret ved Universitetet i Innlandet vedtok på møtet 16. desember å tilby Nicoline Frølich stillingen som prorektor for utdanning ved Universitetet i Innlandet.
Nicoline Frølich tilbys stillingen som prorektor for utdanning ved Universitetet i Innlandet..Nifu
— Tusen takk for tilliten styret ved Universitetet i Innlandet har vist. Nå skal jeg først snakke med rektor Peer Jacob Svenkerud og vurdere tilbudet nøye, sier Frølich til inn.no.
Frølich er professor og senterleder ved Link-Senter for læring og utdanning ved Universitetet i Oslo. Tidligere har hun blant annet vært forskningsleder og forsker ved Nifu (Nordisk institutt for studier i innovasjon, forskning og utdanning).
Hennes felt er blant annet studier av høyere utdanning, styring, ledelse og organisering av høyere utdanning, offentlig politikk rettet mot UH-sektoren, utdanningsreformer og kunnskapspolitikk.
Prorektorstillingen ved Universitetet i Innlandet ble ledig etter at Stine Grønvold takket ja til å bli organisasjonsdirektør ved universitetet. I dag er Kai Tore Bakke konstituert i stillingen.
Trump-administrasjonen ønsker å splitte opp National Center for Atmospheric Research (NCAR) i Boulder i Colorado, som karakteriseres som et av verdens viktigste miljøer for klima- og værforskning.
NCAR er føderalt finansiert og har siden 1960 vært sentralt i utviklingen av moderne værvarsling og klimaforskning. Ifølge administrasjonen skal senteret gjennomgås for det de kaller «klimaalarmisme», og forskningsaktivitet knyttet til klima kan bli fjernet. Viktige funksjoner som værmodellering og superdatabehandling skal flyttes til andre institusjoner eller steder.
Planen innebærer blant annet å stenge Mesa-laboratoriet i Boulder. Tiltakene skal settes i gang umiddelbart, skriver USA Today News.
NCAR har rundt 830 ansatte og drives av University Corporation for Atmospheric Research (UCAR), et konsortium av over 130 universiteter og høyskoler. Det er uklart hvor mange arbeidsplasser som kan forsvinne.
Beslutningen kommer samtidig som Trump-administrasjonen foreslår store kutt i den amerikanske vær- og havforskningen, blant annet i NOAA. Flere forskere reagerer kraftig. NCAR er internasjonalt kjent for banebrytende arbeid innen værvarsling, blant annet forbedrede orkanprognoser.
Den folkekjære norske artisten, Bjørn Eidsvåg, blir æresdoktor ved Lunds universitet.
Nyheten ble offentliggjort tirsdag denne uken.
— Dette så jeg ikke komme. Du verden så stas! skrev Bjørn Eidsvåg selv på sin Facebook-profil tirsdag.
— Eidsvågs lyrikk kjennetegnes av en dypt menneskelig eksistensialisme der religiøse motiver integreres med livsnære og ofte kampfylte uttrykk. Hans musikk kretser rundt den menneskelige erfaringen, kampen mellom tanker og følelser, relasjonenes sårbarhet og søken etter mening, står det blant annet i begrunnelsen for æresdoktoratet.
Dekan ved Det teologiske fakultet ved Lunds universitet, Alexander Maurits, uttaler følgende i en kommentar på universitetets nettside:
— Gjennom sin musikk har Bjørn Eidsvåg utviklet et felles kulturelt rom der tradisjonelle grenser mellom tro og sekularitet løses opp og erstattes av en samtale som er både tilgjengelig og teologisk meningsbærende.
Bjørn Eidsvåg blir æresdoktor i Sverige. Artisten er utdannet prest.Heiko Junge
Nokut har ansatt Gry Ulvedalen som direktør for den nye avdelingen for høyere yrkesfaglig utdanning. Hun er i dag rektor ved Fagskolen Diakonova.
Avdelingen har 22 medarbeidere, og har blant annet ansvaret for akkreditering, tilsyn og veiledning innen høyere yrkesfaglig utdanning.
– Jeg gleder meg til å bli en del av Nokut og til å samarbeide med dyktige kolleger i avdelingen og ledergruppen, sier Gry Ulvedalen.
— Det er spennende å få bidra i et arbeid som har stor betydning for kvaliteten i høyere yrkesfaglig utdanning. Fagskolesektoren er i sterk utvikling, og Nokuts rolle er avgjørende for å sikre tillit og kvalitet. Jeg ser frem til å ta del i dette viktige oppdraget, sier hun.
Gry Ulvedalen går fra Fagskolen Diakonova til Nokut.Jeanette Bækkevold/Nokut
Forskningsrådet tildeler støtte til 23 innovasjonsprosjekter i norske bedrifter.
Bedriftene skal blant annet utvikle ny løsning for høytemperatur varmepumper, batterisystemer for storskala solcelleanlegg og undersøke hvordan kunstig intelligens kan brukes for å overvåke oljesøl.
185 millioner kroner går til næringslivsaktører innen miljøvennlig energi og 86 millioner til petroleumsforskning.
— Energiforskning er avgjørende for å styrke Norges økonomi, miljø og energisikkerhet. Næringslivet spiller en nøkkelrolle. Jeg ser frem til å følge prosjektene som skal utvikle ny energiteknologi som vi trenger for å øke energieffektiviseringen og konkurransekraften, sier energiminister Terje Aasland.
Nylige artikler
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Hvem får definere hva som er legitim kunnskap?
Deler ut 48,2 milliarder. Krever tøffere prioritering
Rødt og SV bekymret for konsekvensene av ny finansieringsordning
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene