Debatt gunnar yttri og anne-grethe naustdal

Opne campus er ein oase i pandemien

Her er ti gode grunnar til å vera på campus for å hindre einsemd, mismot og passivitet.

— Universitet og høgskular tek ansvar for å leggja til rette for fagleg utvikling, fellesskap og tilhøyrsle under dei vilkåra pandemien og smitteverntiltaka gir. Opne campus er ein særs viktig del av dette, skriv rektor Gunnar Yttri og prorektor Anne-Grethe Naustdal. Biletet er frå ein tidlegare studiestart ved Høgskulen på Vestlandet.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Einsemd, mismot og passivitet er altfor kjente øvingar under covid-19. Men opne campus ved universitet og høgskular tilbyr studentane det stikk motsette: Fagleg og sosialt fellesskap, optimisme og aktiv studiekvardag.

Opne campus er studenten sin oase i pandemien. Kjære studentar; ta vel imot 10 gode grunnar til å vera på campus, og nokre handfaste råd for å ta grep om eigen studiekvardag.

Under pandemien har universitet og høgskular i Noreg lagt ned mykje arbeid for å halda campus ope for studentane. Verdien av dette vert realisert ved at studentane brukar campus aktivt.

Å halda campus ope og å ta campus aktivt i bruk, vil seia å gå rett i strupen på skadeverknadane av covid-19.

Gunnar Yttri og Anne-Grethe Naustdal, HVL

Ti gode grunnar til å vera på campus:

  • Campus har gode fysiske arbeidsplassar.
  • Campus har ein moderne digital infrastruktur med god nett-tilgang og databasar.
  • Biblioteket er ope.
  • Du vert del av og skapar sjølv eit fagleg og sosialt fellesskap.
  • Campus er reint, ryddig, og triveleg.
  • Campus er tilrettelagd for å ta i vare smittevernet.
  • Kafé/kaffibarar er opne.
  • Servicetorg er opne.
  • Fleire campus har opne læringslabbar.
  • Campus gir tilgang til helse- og velferdstilboda til studentsamskipnaden.

Råd til studenten. Pandemien og digitale arbeidsformer gjer det særleg viktig å vera konkret og presis med planlegging og gjennomføring. Sjølv ved digital undervisning gir campus ei gode ramme for å arbeida med studiane.

Campus gir normalitet til kvardagen, styrkar fagleg og sosialt fellesskap og gir grunnlag for god læring. Merk at det er du sjølv som må gjennomføra, det er du sjølv som må ta dei aktuelle grepa. Men råda som følgjer er gitt for at du skal kunna gjera dette.

  • Kom til campus kvar dag eller så ofte du kan.
  • Gjer gjerne avtalar med andre studentar om å møtast på campus. Avtalar forpliktar og gir innhald til studiekvardagen.
  • Smittevern-reglar må følgjast på campus.
  • Følg digital undervisning på campus. Diskuter fagstoff med andre studentar på campus. Forståing og utbytte av digitale førelesingar, undervisningsopplegg, faglitteratur, pensum og faglege perspektiv vert styrka av å samarbeida og å diskutera.
  • Legg plan for studiearbeidet for kvar dag og kvar veke. Ein slik plan bør i det minste detaljera framdrift i undervisning og lesing av pensum. Set opp ein plan som gjer det mogleg å nå måla dine.
  • Bli gjerne med i ei studiegruppe leia av ein studentassistent og/eller ta deg jobb som studentassistent.

Studentar og læring i koronaens tid. Ved inngangen til 2022 står me igjen i ein krevjande nasjonal koronasituasjon med høge smittetal. Dette gjer at universitet- og høgskular legg opp til at all undervisning i januar skal vera digital. Unntak er ferdigheitstrening, simulering og laboratorieøvingar som er nødvendig for å opprettehalde progresjon i utdanning. Praksisstudiar går som planlagt. Situasjonen er ganske så lik over heile landet.

Felles er det òg at ingen veit kor langvarige smitteverntiltaka vert. Det kan også koma meir inngripande smitteverntiltak. Universitet og høgskular må uansett arbeida aktivt for at studentar ikkje vert sitjande åleine heime med studiane. Ein serie undersøkingar av studentane sitt tilvære under pandemien gir særleg grunn til uro og aktiv handling alt frå semesterstart.

Studiebarometeret, med resultat for 2020 - eit studieår med sterk påverknad av ulike smitteverntiltak, finn at studentar har blitt mindre motiverte og meir einsame under koronapandemien. 30 000 studentar svara på undersøkinga. Av dei svarar nær fire av fem at dei har sakna det sosiale studentmiljøet. Dei fortel om vanskar med å strukturera kvardagen og seier dei har lågare studiemotivasjon når dei sit heime. Over halvparten seier også at dei ikkje har ein eigna arbeidsplass heime.

Perspektivmeldinga trekk fram at utdanning og kompetanse er samfunnet sitt viktigaste svar på våre utfordringar med omsyn til sysselsetting og inkludering. Det gir grunn til uro at Kandidatundersøkinga for 2020, finn at så mange som ein tredjedel av kandidatane er bekymra for at pandemien har svekka deira karriereutsikter.

Det vert trekt fram at bekymringane kan tyda på å vera større enn dei reelle utfordringane. Dette kan koplast til tidlegare undersøkingar om at stress og nedstemtheit kan føre til at ein ser meir pessimistisk på ting enn det er grunn til.

Gå i strupen på covid-19. Å halda campus ope og å ta campus aktivt i bruk, vil seia å gå rett i strupen på skadeverknadane av covid-19. Det å ha moglegheit for å ha eit godt fysisk studie- og læringsmiljø er viktig for den einskilde student og for framtidig deltaking i arbeidslivet.

For den einskilde student og for samfunnet vil det bety mykje at studentar kjem tilbake i mest mogleg normal kvardag. Opne campus gir viktig del av grunnlaget for å lukkast. Danning og utdanning skjer best i samspel.

Universitet og høgskular tek ansvar for å leggja til rette for fagleg utvikling, fellesskap og tilhøyrsle under dei vilkåra pandemien og smitteverntiltaka gir. Opne campus er ein særs viktig del av dette. Leiar av Studenttinget på Vestlandet, Jelle Sebastian Bruin, har stadig peika på kor viktig opne campus er for studentane. Han har omtala campus som studentane sin «heim».

Så kjære studentar, velkommen heim! Me ønskjer eit riktig godt nytt år og lykke til med eit nytt semester. Saman får me dette til.

Les også:

Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside

Powered by Labrador CMS