universitetet i bergen

Ny direktør om Knudsen-saka: Alvorleg og krevjande

Nytilsett universitetsdirektør Robert Rastad i Bergen fekk ein rektoravgang og ei krevjande sak på bordet frå dag ein.

Robert Rastad er ny i stillinga som universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen. Han seier han går inn i Knudsen-saka med ei heilt nøytral haldning.
Robert Rastad er ny i stillinga som universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen. Han seier han går inn i Knudsen-saka med ei heilt nøytral haldning.
Publisert

4. januar gjekk Dag Rune Olsen av som rektor ved Universitetet i Bergen (UiB). Same dag hadde Robert Rastad sin første arbeidsdag som universitetsdirektør.

Rastad startar den nye stillinga med ei krevjande sak i fanget: Saka om Dag Rune Olsen og tidlegare NHO-topp Tom Knudsen, ein arbeidslivsportal og planar om mange millionar kroner.

Vesle julaftan bestilte universitetsstyret ein ekstern gjennomgang av saka.

7. januar skal styret samlast igjen for å vedta mandat for gjennomgangen. Deretter skal det lysast ut ein avgrensa konkurranse.

— Denne saka er alvorleg og krevjande, og det er stort behov for ein fagleg god, ekstern gjennomgang, seier Rastad.

Tidslinje og økonomi

Rastad understrekar at når han seier alvorleg, betyr ikkje det at det har skjedd noko gale.

— Men det er ei sak der mange har spørsmål, og tilbakemeldingane kjem frå mange deler av universitetet. Saka har fått mykje merksemd.

Rastad seier at han er oppteken av å få mest mogleg fakta på bordet. Han vil ikkje kalla saka ei gransking, men ein ekstern gjennomgang.

Det var Bergens Tidende som først skreiv om saka like før jul. Deretter har Khrono skrive at det allereie finst ein arbeidslivsportal, som var det Olsen og Knudsen hadde samtalar om. Knudsen sjølv har sagt at dei to første gong var i kontakt med kvarandre i januar i fjor. I tidslinja som ligg ved styrepapaira til møtet 23.12, kjem det fram at det var møteverksemd mellom Olsen og Knudsen mellom januar og mai, men talet på møte er ikkje oppgitt.

— Rastad, har du full oversikt over tidslinja i saka?

— Eg forventar at den eksterne gjennomgangen vil visa ei tidslinje, seier Rastad.

Han seier òg at det er naturleg at økonomi vert tema i gjennomgangen. Bergens Tidende skreiv måndag om fleire dyre middagar Olsen og Knudsen skal ha hatt.

Ein blomebukett var ikkje det einaste Robert Rastad fekk då han starta i stillinga som universitetsdirektør, han fekk òg eit par ekstraordinære saker. - Eg sleit ut ein rektor første dagen, humrar han.
Ein blomebukett var ikkje det einaste Robert Rastad fekk då han starta i stillinga som universitetsdirektør, han fekk òg eit par ekstraordinære saker. - Eg sleit ut ein rektor første dagen, humrar han.

Offentleg gjennomgang

Rastad ønskjer ikkje å seia noko om saka har skada UiB sitt omdømme.

— Det vil eg ikkje meina noko om. Men ei slik sak kan vera belastande, og det er mange spørsmål.

— Kva tenkte du då du høyrte om saka første gong, og visste at du snart skulle inn i UiB-leiinga?

— Det er ikkje slik at eg tenkjer at måten ting er presentert på i media alltid er den heile og fulle sanninga. Men eg tenkte at det er ei sak eg vil måtte gå i djupna på.

Både BT og Khrono har bede om, og fått, innsyn i fleire dokument knytt til saka. Men Khrono sendte òg inn eit innsynskrav før jul, som redaksjonen per 5.januar framleis ikkje har fått svar på.

Delar kan vere unntatt offentlegheit

Rastad seier at det generelt ikkje er tvil om at Offentleglova er viktig.

— Det er utenkjeleg at ein ekstern gjennomgang ikkje skal vera offentleg. Men det kan tenkjast at deler av gjennomgangen vil vera unntatt offentlegheit.

— Betyr det at styremøtet der mandatet for gjennomgangen skal verta vedteke, vil vera offentleg?

— Det kan vera klokt at deler av diskusjonen kring mandaten vil vera lukka. Men mandatet vil vera offentleg.

Rastad kjem frå stillinga som kommunaldirektør i Bergen kommune, og seier at han har sett at det kan verta ein betre debatt i nokre saker dersom ein har hatt høve til å snakka saman først.

— Ein kan verta hemma av opne møte.

Dag Rune Olsen brukte juleferien mellom anna til å vurdera om han skulle verta sitjande på rektorkontoret fram til sommaren eller ikkje. Han trekte seg, og skal i staden jobba for universitetsdirektøren fram til han byrjar i stillinga som den første tilsette rektoren ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet.
Dag Rune Olsen brukte juleferien mellom anna til å vurdera om han skulle verta sitjande på rektorkontoret fram til sommaren eller ikkje. Han trekte seg, og skal i staden jobba for universitetsdirektøren fram til han byrjar i stillinga som den første tilsette rektoren ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet.

Fekk vita om avgang søndag

Dag Rune Olsen skal som kjent leia Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT) frå 1.august, og det er også årsaka til at han trekte seg frå rektorstillinga ved UiB. Forskerforbundet var raskt ute og meinte at Olsen burde gå - òg før saka om arbeidslivsportalen var kjent. Olsen sa sjølv i intervju med Khrono at han vil unngå interessekonflikter sidan han no skal jobba noko for UiT, og at Knudsen-saka ikkje har noko med avgjerdsla hans å gjera.

— Dersom eg forventa at granskinga ville påverka moglegheita mi til å tre inn i stillinga mi som rektor ved UiT ville det vore enklare for meg å sitja ut åremålet mit som rektor ved UiB. Det betyr at den vedtekne granskinga ikkje har påverka avgjerdsla mi om å tre til side, sa Olsen.

Pressemeldinga frå UiB-leiinga vart sendt ut søndag kveld. Den ferske universitetsitetsdirektøren fekk beskjeden same dag.

— Me skulle uansett ha eit møte søndag, sidan Olsen tidlegare har sagt at han skulle koma med eit svar etter nyttår, seier Rastad.

Og sjølv om den tidlegare kommunaldirektøren ikkje er ukjend med at leiarar går av, er det spesielt at det skjer på den aller første arbeidsdagen hans. Han seier han er glad for å ikkje skulle styra UiB-skuta åleine, og skryt av handteringa frå både resten av rektoratet og assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden.

— Me har hatt mykje god dialog etter at eg vart tilsett. Førebels vil eg bruka tid på å lytta, og verta kjend med organisasjonen. UiB er eit breiddeuniversitet, det er det som har fascinert meg. Her er det kunnskap om tema eg ikkje visste at finst.

Powered by Labrador CMS