Debatt ● Eirik Søvik

Norsk universitets­debatt kan lære frå California

Det var mange som var negative til at California State College-systemet skulle verte eit universitetssystem, men verda gjekk ikkje av skaftet etter omlegginga. Tvert imot har ein i California klart å syte for at ein driv både grunnforsking og anvend forsking av høg kvalitet, side om side.

Universitetsskilt og drivhus
Dømet California er eigentleg ganske illustrerande for den prosessen Noreg står midt i no, skriv prorektor ved Høgskulen i Volda.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I eit innlegg i Khrono syner Bernt Hagtvet oss korleis Noreg kan lære frå California. Dømet California er eigentleg ganske illustrerande for den prosessen Noreg står midt i no. Her kan det vere konstruktivt å sjå korleis utdanningssystemet i California faktisk er bygd opp. 

California har eit tredelt offentlege høgare utdanningssystem, der ein har eit community college-system (CC), eit California State University-system (CSU) og eit University of California-system (UC). Tidvis beveger studentar seg mellom dei ulike systema.

Hovudbakgrunnen er at California i 1960 vedtok ein «Master plan» for høgare utdanning i staten som skulle ta omsyn til behovet for masseutdanning og den store veksten i folketal som dei stod framfor. Hovudpunkta i planen var ei arbeidsfordeling med tanke på kven som vart utdanna på dei ulike institusjonane: UC kunne berre ta inn dei elevane frå vidaregåande som hadde dei 12,5 prosent beste karakterane, CSU fekk høve til å ta inn dei 33 prosent beste, medan CC var opent for alle.

Då masterplanen starta, var ikkje CSU-systemet eit universitetssystem, men eit anna system: California State College-systemet. Institusjonane her var tradisjonelle profesjonsutdanningsinstitusjonar som i stort monn bidrog til at California fekk tilgang på ingeniørar, lærarar, sjukepleiarar, m.m. 

Det var inga glede å spore blant dei gamle UC-institusjonane som Berkeley og Los Angeles då ein såg at ein skulle ha på plass enda eit universitet i delstaten.

Eirik Søvik

Men som vi har sett ved høgskulane i Innlandet og på Vestlandet, så er det òg behov for forsking og utvikling på desse fagområda. Det var med bakgrunn i dette at også det som i dag er CSU-systemet, vart til eit universitetssystem.

Slik er det no eingong i denne verda, ting utviklar seg. 

Om ein ser tilbake til tida då masterplanen vart vedtatt, fanst ikkje det universitetet Hagtvet ser tilbake på som blant «de beste» — Irvine — det vart først etablert i 1965. Det var inga glede å spore blant dei gamle UC-institusjonane som Berkeley og Los Angeles då ein såg at ein skulle ha på plass enda eit universitet i delstaten. Det nye universitetet kom jo ikkje til å få same kvalitet som dei gamle, frykta dei, og det ville berre medføre ein reduksjon i finansieringa av dei gamle universiteta sine tilbod. 

Frå Noreg i 2024 kan denne tonen høyrast litt kjent ut. Men som Hagtvet sjølv vitnar om, så vart det ikkje slik. Berkeley er framleis ein framifrå institusjon, og ved Irvine kan ein ha ei oppleving av å vere på eit av dei beste universiteta i verda.

Det var mange som var negative til at California State College-systemet skulle verte eit universitetssystem, men verda gjekk ikkje av skaftet etter omlegginga. Tvert imot har ein i California klart å syte for at ein driv både grunnforsking og anvend forsking av høg kvalitet, side om side.

Tvert imot har ein i California klart å syte for at ein driv både grunnforsking og anvend forsking av høg kvalitet, side om side.

Eirik Søvik

Bakgrunnen for at den nylege universitetsdebatten har vorte ein rotete debatt, er ein mangel for forståing av kva eit universitet er og kan vere for noko. Mange set eit likskapsteikn mellom det universitet ein tok utdanninga si på, og kva som skal ligge i universitetsomgrepet. Det meiner eg er uheldig for debatten. 

Kjernen i eit universitet er samfunnet, det vil seie dei som driv med forsking og utdanning ved institusjonen, altså studentane og dei tilsette. Om dette samfunnet rommar allverdsens fag og profesjonar, eller om det er av ein smalare natur, er mindre viktig. Ta til dømes Karolinska Institutet, eit svensk universitet som berre har medisin som fagområde. Kvaliteten på forskinga der er ikkje ramma av at det «manglar» til dømes eit humanistisk fakultet.

Likeins er det fullt mogleg at samfunnet som no skal verte Universitetet i Innlandet, kan drive fram framifrå forsking innanfor sine område utan at dei skal verte ei litt dårleg utgåve av Universitetet i Oslo. Eg trur både Innlandet som region, Noreg som nasjon og profesjonskollegaer internasjonalt vil ha nytte av den forskinga og utviklinga som finn stad ved det som no vert Noregs ellevte universitet.

Eg ønsker Innlandet lukke til på ferda og ser med glede fram til at fleire universitet kjem etter.

Powered by Labrador CMS