Debatt ● Atle Møen
Forskarnettverk, kunnskapsklynger og innovasjon
Vi treng å stilla spørsmålet om vitskapleg habilitet tilsvarande spørsmålet om politisk habilitet, skriv Atle Møen.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det er ei brei semje innanfor samfunnsvitskapen at noko av det mest verdfulle med Noreg er at det er eit høgt volum på den sosiale kapitalen, noko som viser seg i dei mange aktive nettverka innanfor samfunnet, næringslivet, kulturlivet, vitskapen og politikken.
Desse nettverka skaper rike ressursar, gjennom kunnskaps – og informasjonsutvekslingar, gjensidige tillitsrelasjonar og felles forståing og tankefigurar, felles kunnskapsverdiar og homogene kunnskapsinteresser. Dette er absolutte vilkår for ein effektiv politikk og eit effektivt og nyskapande næringsliv, eit kreativt kulturliv og for skaping av det beste innanfor vitskapen.
Det er definitivt slutt for tida for den einsame forskar, og manglande tilknyting til nettverk er eit kriterium for eksklusjon frå kunnskapsskapinga.
Atle Møen
Innanfor vitskapen er det nødvendig å ha tilknyting til eit nettverk, og aller helst internasjonale nettverk av fagfellar, for å bli kvalifiserte til å bli tildelt pengar til «innovative» forskingsprosjekt. Det er nødvendig å vera sentralt plassert innanfor forskingsnettverk for å bli ein forskar som kan gjera suksess, og denne sosiale kapitalen vert eit sentralt honnørord og ein inngangsbillett til det vitskaplege feltet.
Det er definitivt slutt for tida for den einsame forskar, og manglande tilknyting til nettverk er eit kriterium for eksklusjon frå kunnskapsskapinga. Den opne «forskarfellesskapen» som vitskapsteoretikaren Thomas S. Kuhn skildra som grunnlaget for eit vitskapleg paradigme, vert lukka i meir snevre og selektive forskarnettverk.
Det same skjer innanfor kulturen, og skal ein verta kvalifisert i ein leiarstilling innanfor kulturen, er det både viktig å vera ein dyktig kunstnar og å ha eit omfattande nettverk. Det er alltid avgjerande å både ha den rette kunnskapen og kjennskapen til dei rette personane.
Det same gjeld òg for politikken. Gode avgjersler vert fatta av politikarar med ei brei kontaktflate, og ein dyktig politikarar er eit knutepunkt i politiske nettverk, noko som i dag er danna av informasjonsutveksling mellom statsrådar, næringsliv, vitskapen, media og andre politikarar. Og i dagens politikk har vi også fått eit avgjerande innslag av tankesmier og kommunikasjonsbyrå som arbeider for å programmera dei politiske nettverka med sine kodar, vitskaplege kunnskapar og informasjonar.
Nettverka aukar tankekrafta gjennom å stengja ute konkurrerande perspektiv, slik at kunnskap utanfor vert sett på som lite relevant.
Atle Møen
I politikken har det i stigande grad blitt ei merksemd retta mot at dei positive sidene ved politiske nettverk, dette å sikra at politiske nettverk er avgjerande for å fatta informerte og kunnskapsbaserte avgjersler innanfor kritiske meiningsnettverk, har ei skuggeside i at attraktive posisjonar vert tildelte til venner og kjenningar innanfor nettverka, noko som dei mange habilitetsskandalane handlar om.
Men det kan synast som at dette kritiske blikket på dei opplagte føremonene med forskarnettverka er mindre skarpt med tanke på skuggesidene ved nettverka, slike som lukka tildelingar av forskingspengar, innsnevring av meiningsutvekslinga, favorisering av venner og kjenningar, veging av argument i høve til nettverkstilknyting, og ei lukking av nyskaping og innovasjon i høve til eksisterande nettverk. Nettverka aukar tankekrafta gjennom å stengja ute konkurrerande perspektiv, slik at kunnskap utanfor vert sett på som lite relevant. Forskarfellesskapen innanfor den offentlege sfære vert svekt.
Vi treng difor å stilla spørsmålet om vitskapleg habilitet tilsvarande spørsmålet om politisk habilitet.
Det har samstundes vakse fram nye honnørord, slike som innovasjon og klynger, noko som signaliserer at all innovasjon, altså nyskaping for å bruka eit norsk ord, skjer gjennom å kopla saman nettverk frå politikk, næringsliv og vitskapen for å skapa gode utvekslingar mellom dei ulike nettverka, noko som mellom anna vert demonstrert gjennom Universitetet i Bergen sin strategiplan som hevar fram at det er ei prioritert oppgåve for universitetet å leggja til rette for danninga av slike kunnskapsklynger, der det er effektiv utveksling av informasjonar mellom vitskap, næringsliv og media.
Den breie og universelle «forskarfellesskapen» innanfor den vitskaplege offentlege sfære, er transformert til eit meir lukka forskarnettverk.
Atle Møen
Media City er eit døme på ei slik klynge i Bergen, der Institutt for informasjons- og medievitskap er eit knutepunkt i nettverket, og på denne måten har dette instituttet blitt det suverent største mellom andre samfunnsvitskaplege fag ved Universitetet i Bergen. Det er ingen interne faglege grunnar til denne veksten til dette instituttet, men heller eksterne grunnar knytt til nettverksdanning og danning av kunnskapskynger i saman med trylleformelen om «innovasjon».
Den breie og universelle «forskarfellesskapen» innanfor den vitskaplege offentlege sfære, er transformert til eit meir lukka forskarnettverk, med institusjonell forankring i ein politisk-administrativ-økonomisk klynge.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Satte ny doktorgradsrekord i vår