styremøte

No kan Volda-tilsette likevel få koronabonus

Høgskuledirektøren meiner eigentleg at offentleg sektor ikkje bør vera lønsdrivande. Men no kan det likevel gå mot 7.000 kroner i koronakompensasjon for tilsette ved Høgskulen i Volda.

Karen Lomeland Jacobsen er høgskuledirektør i Volda. Ho seier at mange tilsette har jobba mykje, men peikar samstundes på at ein koronabonus ikkje er noko som vert gitt til dømes i helsevesenet eller skuleverket.
Publisert Oppdatert

Fleire universitet og høgskular har gitt tilsette ein kompensasjon for ekstra arbeid under pandemien. Når styret ved Høgskulen i Volda samlast til møte 9. september, skal dei ta stilling til om også høgskuletilsette i sunnmørsbygda skal få slik kompensasjon. Det er snakk om ei eingongsutbetaling på 7.000 kroner.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Måtte ikkje vera på heimekontor

Høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen meiner eigentleg at statlege arbeidsgivarar ikkje skal vera pådrivarar for å gå ut over rammene for lønsoppgjeret. Dette var argumentasjonen hennar då styret hadde oppe spørsmålet om koronakompensasjon i fjor haust.

— Direktør ser at mange tilsette har lagt ned ein stor innsats i samband med pandemien, men meiner at ein prinsipielt skal følgja dei sentrale forhandlingane der ein vert samde om ei ramme for lønsoppgjeret ut frå samfunnssituasjonen og resultatet for frontfaget, heitte det i saksframstillinga den gongen.

Når saka no kjem opp på nytt, har Jacobsen eigentleg ikkje skifta meining.

— Statstilsette har gjennom pandemien hatt jobbtryggleik og oppretthalde løna, medan svært mange andre i landet har opplevd det motsette, heiter det i saksframstillinga, og Jacobsen peikar på at i Volda har ikkje tilsette vorte tvinga til lange periodar på heimekontor, slik ein har mange andre stader i landet.

Gir til alle

Men både fagforeiningar og eit felles dekankorps meiner høgskulen bør betala ut ein ekstra eingongssum. Dekanane har, ifølgje saksframstillinga, peika på at mange tilsette, både fagleg tilsette og administrativt tilsette, har jobba mykje og lagt ned ein stor innsats for å få lagt om undervisninga.

— Det faktum at det har vore høg reell belastning over så lang tid, at mange andre i sektoren har gitt koronakompensasjon og at ein samla dekangruppe rår til å gi kompensasjon, gjer at direktør innstiller på at styret vedtar ein eingongskompensasjon til dei tilsette for ekstraordinær innsats. Direktør meiner at kompensasjonen bør gå til alle tilsette på likt grunnlag, då det vil vere umogleg å få til ei rettferdig individuell vurdering av koronainnsatsen til alle tilsette, heiter det.

For å få kompensasjon må ein vera tilsett i minst tjue prosent stilling. Ein må ha vore tilsett sidan 1. januar i år, og ein må framleis vera tilsett. Kompensasjonen vert justert etter stillingsstorleik.

OsloMet var først

Koronakompensasjon er noko mange universitet og høgskular har drøfta. Her er nokre av resultata:

Powered by Labrador CMS