pandemi
No deler regjeringa ut 230 student-millionar
Regjeringa fordeler 230 millionar kroner som skal gå til lågterskeltilbod, psykisk helsehjelp og stillingar til studentar. Sjå fordelinga her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Regjeringa fordeler no 230 millionar kroner til studentsamskipnader, fagskular, universitet og høgskular. Pengane skal gå til fleire sosiale lågterskeltilbod for studentar, helsetilbod knytt til psykisk helse og pengar til å løna studentar for å driva med fagleg og sosial oppfølging av studentar.
— Eg håpar dette bidreg til å gjera kvardagen betre for studentar over heile landet, seiere forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding.
8,5 millionar til psykisk helse
I februar vedtok Stortinget ein krisepakke for studentane. Den kom etter at svært mange studentar har fått det økonomisk mykje verre, fordi dei har mista deltidsjobbane sine.
Samstundes har det kome mange rapportar om at studentar slit psykisk, etter eit år der mange har vore mykje åleine.
No får både utdanningsinstitusjonane og studentsamskipnadane pengar. Samskipnadane får pengar til sosiale lågterskeltilbod og til å tilsetja studentar som skal få plass desse tilboda. Dei får òg pengar til å styrka arbeidet med psykisk helse.
20 millionar skal gå til sosiale lågterskeltilbod, 50 millionar til å løna studentar og 8,5 millionar til psykisk helse.
Deler etter studenttal
Høgskulane og universiteta får pengar fordelt etter studenttal. Statlege universitet og høgskular får 124 millionar, medan dei private får 16.
— Det er ingen tvil om at lange periodar med nedstengingar har ført til at fleire studentar har behov for, og ønskjer om, tettare fagleg oppfølging, seier Asheim.
Han seier at pengane til dømes kan gå til å løna studentar for å få på plass faglege debattar og tettare fagleg oppfølging.
— Dette løyser eigentleg to problem: Ønsket om meir fagleg oppfølging og fleire jobbar som vil gi inntekt til studentar som slit på arbeidsmarknaden, seier Asheim.
Sjå oversikt her
NTNU får mest, med 21 millionar kroner. Universitetet i Oslo får 13. BI får mest av dei private institusjonane.
Av studentsamskipnadane er det Studentsamskipnaden SiO som får mest, følgd av samskipnaden i Trondheim, Gjøvik og Ålesund (Sit).
Sit ønskjer å bruka nokre av midlane til å laga fadderveke også for dei studentane som begynte å studera hausten 2020. Dette sa Sit-direktør Audhild Kvam under formannskapsmøte i Trondheim kommune tysdag, skriv Universitetsavisa.
— Me ønskjer å syta føre eit tilbod til dei som starta i fjor, og me vil uansett støtta dei linjeforeiningane som ønskjer å ha ein fadderperiode med tilbod også til andreeårsstudentane, sa Kvam.
I tillegg til universitet og høgskular, får fagskulane òg midlar, totalt 10 millionar kroner. Både fagskulane og dei private høgskulane får eit grunnbeløp på 20 000 kroner, resten av summen vert delt ut etter studenttal.
Heile oversikta kan du sjå her.
Saka oppdatert 3.3 kl 8.45 med opplysningar frå Trondheim
Nylige artikler
Professor med bokanmeldelse på 203 sider: «Blottet for intellektuelt innhold»
Trump med enda et slag mot internasjonal forskning
Akademisk frihet er ikke bare et prinsipp — det er et handlingsrom
Vi har skabt et system, der styrer forskere som hjerneløse robotsoldater
Universitet må selge splitter ny milliard-campus for å dekke underskudd
Mest leste artikler
Texas-universitet ville sensurere Platon på pensum
Studenten hadde kun én eksamen igjen da han ble tatt for fusk
Nobelprisvinner ut mot amerikansk akademia: — De har seg selv å takke
«Forskningsdetektiv» får 26 millioner etter å ha avslørt fusk
— Det er ingen grunn til å tro at vi uten videre kan stole på universitetene i krisetider