korona

Nesten alle studentane i Bergen attende til campus

NHH-studentane må venta litt. Resten av studentane i Bergen kan kome attende etter koronastenging.

Slik ser det ut på studentsenteret i Bergen i eit normalt år. No ønskjer UiB-leiinga at studentane kjem attende til campus etter tre veker med koronastengt.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Etter tre veker med heimekontor og digital undervisning, satsar utdanningsinstitusjonane i Bergen på å koma attende til det dei kallar normal koronasituasjon. Men NHH må venta litt til.

— Frå og med onsdag er me attende til det me no kallar normal korona-situasjon, seier Bjørg Kristin Selvik.

Ho er prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Høgskulen fekk det første utbrotet blant studentar i Bergen, allereie i fadderveka. Totalt er det no meldt om vel 40 smitta HVL-studentar frå semsterstart i august.

Me har begynt å snakka om normal korona-situasjon, seier prorektor ved HVL, Bjørg Kristin Selvik

Planlegg våren

Dei første studievekene vart prega av mykje smitte i Bergen, mellom anna ved Norges Handelshøyskole (NHH), og frå 9.september sette kommunen i gang strenge smitteverntiltak, med mellom anna grense for kor mange som kan vera saman, og heimekontor for alle som kan. Utdanningsinstitusjonane oppmoda frå same dato alle tilsette som kan om å jobba heimefrå, og undervisninga har vore digital. Tiltaka skulle først vara i to veker, men vart forlenga ei veke til.

— No går me attende til dei planane me starta frå i august. Samstundes byrjar òg arbeidet med å planlegga undervisning for vårsemesteret, seier Selvik.

August-planane betyr ein variasjon av digital og fysisk undervisning.

Ønskjer at studentane brukar campus

Også Universitetet i Bergen (UiB) vil no ha studentar og tilsette attende.

— Me seier «hald ut — og kom tilbake», sa viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, i universitetsstyremøtet torsdag.

Ho sa det skal lagast ei oversikt over aktive studentorganisasjonar, og håpar studentane igjen vil ta campus i bruk. Totalt har 65 studentar og sju tilsette fått påvist koronavirus.

— Me avventar kommunen si vurdering som kjem måndag, men me planlegg no som om me kan koma attende, seier Samdal til Khrono.

Dersom kommunen gir klarsignal, vil det verta normal korona-situasjon også ved UiB, noko som betyr ein mix mellom fysisk og digital undervisning.

NHH ventar

NHH vil framleis ikkje ha alle studentane attende på campus.

Kommunikasjonsdirektør Geir Mikalsen skriv i ein epost til Khrono at leiinga fredag bestemte at fysisk undervisning tidlegast vil opna frå måndag 5. oktober.

— Me ønskjer ikkje å forhasta oss i ein situasjon med usikkerheit rundt smitteutvikling. Trass i ein positiv smittetrend i Bergen, og òg blant studentane på NHH, synest me det er for tidleg å opna for fysisk undervisning neste veke.

NHH har totalt hatt meir enn 130 smitta studentar etter semesterstart i august.

Delvis ope på VID

Normal koronaope ved VID høgskole i Bergen frå mandag, seier rektor Bård Mæland.

Også VID, NLA Høgskolen og BI har hatt smitte blant studentar i Bergen. VID-rektor Bård Mæland skriv i ein epost til Khrono at dei ti første dagane etter at Bergen kommune endra forskrifta hadde heildigital undervisning. Etter dette har høgskulen opna for trening på ulike dugleikar på campus, men resten av undervisninga har vore digital.

VID har hatt sju smitta studentar i Bergen.

— Frå måndag held me fram med delvis fysisk undervisning slik me planla ved semesterstart, men mykje er framleis digitalt, seier Mæland.

NLA gjer som UiB, og ventar på kva byrådet seier måndag. Men planen er fysisk undervisning dersom ein får klarsignal, og målet er at alle studentane skal vera fysisk innan campus før haustferien, som byrjar 5.oktober. Dette opplyser høgskulen i ein epost til Khrono.

BI er frå denne veka attende med 2/3 av undervisninga fysisk på campus og 1/3 digitalt. Det skriv kommunikasjonsdirektør Ole Petter Syrrist-Leite i ein epost til Khrono.

Mange får heimeeksamen

Når kalenderen snart viser oktober, er det ikkje veldig lenge att til eksamensperioden byrjar. Samdal fortel at UiB kjem til å ha ein god del digitale heimeeksamenar, men at det òg kan verta nokre sal-eksamenar og praktiske eksamenar.

— Hovudregelen hos oss er at skriftleg eksamen vert digital. Når det gjeld praktisk og munnleg eksamen står ein friare, og det er òg mogleg for fagmiljøa å søkja om å ha skriftleg skuleeksamen, seier Selvik ved HVL.

(Saka er oppdatert 28.9 med kl 12.17 med informasjon frå BI)

Powered by Labrador CMS