Debatt ● Oddmund Løkensgard Hoel
Nei, vi foreslår ikkje å fjerne professor II-stillingane
— Det vi foreslår, er å forenkle lovverket, skriv statssekretær Oddmund L. Hoel.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I fleire oppslag i Khrono har mange fått god plass til å kommentera eit høyringsforslag om ei mindre endring knytt til regulering av bistillingar i universitets- og høgskulelova. Det er desse avgjerdene som normalt blir nytta ved tilsetjing i til dømes professor II-stillingar. Det kan verka som ikkje alle som har uttalt seg, faktisk har lese forslaget vårt.
For å fjerna all tvil – regjeringa meiner bistillingar, slik som professor II –, har ein god og viktig funksjon. Det er veldig bra at ein hentar inn spisskompetanse til utdanningsinstitusjonane frå næringsliv, andre deler av akademia eller offentleg sektor. Den ordninga skal vi halda fram med.
Det vi foreslår, er berre ein juridisk opprydding. Som rektorane ved Høgskolen i Molde og NHH seier til Khrono – endringa vil ha lite praktisk å seia for høvet som universitet og høgskular har til å ha tilsetja i bistillingar.
Ved å avvikla bistillingsparagrafen og i staden nytta det generelle regelverket, vil ein altså kunne få meir fleksibilitet i tillegg til at arbeidstakaren får styrkte rettar samanlikna med i dag.
I dag tilset universitet og høgskular i bistillingar ved å bruka ein eigen paragraf i universitets- og høgskulelova som gjev høve til å tilsetja i inntil 20 prosent stilling på åremål. Vi foreslår å fjerne han i arbeidet med den nye UH-lova fordi statstilsettlova og arbeidsmiljølova i all hovudsak gjev dei same moglegheitene allereie.
I staten har ein i dag høve til å gjere unntak frå prosedyren med utlysing og innstilling dersom arbeidstida er kortare enn 15 timar per veke. I ei toarstilling med dagens ordning, kan ein ikkje jobbe meir enn 8 timar i veka. I ei ordinær deltidsstilling kan arbeidsgjevar og arbeidstakar bli samde om stillingsprosenten i kvart enkelt høve, i staden for å setja ei grense ved 20 prosent. Ved å avvikla bistillingsparagrafen og i staden nytta det generelle regelverket, vil ein altså kunne få meir fleksibilitet i tillegg til at arbeidstakaren får styrkte rettar samanlikna med i dag. Slik regelverket ser ut i dag er rettane ved sjukdom, permisjon, pensjon og omorganisering, uklare. Målet er derfor at endringa vi foreslår, skal gjera det enklare både for arbeidsgjevar og arbeidstakar å ha ein bistilling, som til dømes professor II.
Fleire reaksjonar har teke utgangspunkt i ei førestilling om at vi meiner det stikk motsette av det vi faktisk har formulert. Men når sektoren har fått tid til å setja seg inn i framlegget, vil vi sjølvsagt vurdera innspela vi får i høyringsrunden med eit ope sinn.
Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager