Debatt ● Eirik Holmøyvik

Nedlatande og feilslått statsråds­kritikk

Kritikken til Øyvind Brandtsegg fell på steingrunn all den tid han sjølv avslører at han manglar elementær kunnskap om korleis ei regjering fungerer.

Innlegget til Brandtsegg illustrerer på ironisk vis eit sjukdomsteikn ved sektoren vår, skriv kronikkforfattaren. — Ei arrogant tru på eiga evne i kraft av tittel og ei nedvurdering av evnene til andre.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Professor i musikkteknologi ved NTNU, Øyvind Brandtsegg, gjorde i Khrono 12. mars ei tidsreise frå 1800-talet til 2024 for å meine noko om regjeringas politikk for høgare utdanning og forsking i Noreg.

Det er naturlegvis viktig for sektoren å meine noko om regjeringas politikk for høgare utdanning og forsking. Her har Støre-regjeringa gjort store grep i organiseringa av Forskingsrådet og inntektssystemet til institusjonane. Problemet er debattforma.

Gjennomgåande osar innlegget til Brandtsegg av ei ovanfrå-og-ned-haldning der regjeringa ikkje er verdig til å styre sektoren fordi regjeringsmedlemmene manglar relevant utdanning og kunnskap. Dette er ikkje berre dårleg debattstil. Kritikken til Brandtsegg fell på steingrunn all den tid han sjølv avslører at han manglar elementær kunnskap om korleis ei regjering fungerer.

Hovudgrunnlaget for at Brandtsegg krev «erase and rewind» (bokmål for «slett og spol tilbake») er at vi det siste året har sett to ministrar for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe og Sandra Borch, gå av «fordi de av ulike årsaker var uskikket til stillingen.» Her kjem den fyrste feilen. Dei to ministrane gjekk ikkje av fordi dei var uskikka, men fordi statsministeren ikkje lenger hadde tillit til dei. Dette er ei politisk vurdering, ikkje ei vurdering av dei personlege eigenskapane eller politikken til statsråden. 

Gjennomgåande osar innlegget til Brandtsegg av ei ovanfrå-og-ned-haldning der regjeringa ikkje er verdig til å styre sektoren fordi regjeringsmedlemmene manglar relevant utdanning og kunnskap.

Eirik Holmøyvik

Når det gjeld Borten Moe er det tvilsamt om han i det heile var inhabil, noko Brandtsegg burde ha visst om han hadde sett seg inn i innstillinga til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité (punkt 2.6.8). At Borten Moe måtte gå av handlar nok meir om at statsministeren hadde behov for å vise handlekraft i dei mange habilitetssakene enn feila til Borten Moe isolert sett.

Problemet er at Brandtsegg brukar avgangen til dei to statsrådane som grunnlag for å underkjenne politikken dei førte. Det at Ola Borten Moe og Sandra Borch gjekk av som følgje av politiske skandalar set, ifølgje Brandtsegg, «store spørsmålstegn ved de tiltak disse ministrene har iverksatt.»

Her kjem neste feil. Det er ikkje slik at ein forskings- og høgare utdanningsminister åleine bestemmer kva politikk regjeringa skal føre på feltet. Hadde Brandtsegg sett seg inn i nyare forsking på korleis den norske regjeringa fungerer, ville han ha sett at statsrådar forankrar og avklarer viktige saker med den samla regjeringa i regjeringslunsjar, regjeringskonferansar og gjennom samvirke mellom departementa i form av merknader til regjeringsnotat. I ei koalisjonsregjering som den vi har no, må dessutan alle større politiske tiltak forankrast i begge regjeringspartia med utgangspunkt i regjeringserklæringa. 

At to statsrådar med ansvar for vår sektor har gått av etter «skandalar» er såleis irrelevant for politikken, då det er snakk om regjeringas politikk. 

Den tredje feilen Brandtsegg gjer er meir alvorleg. Han synest å meine at ein person utan høgare utdanning ikkje kan vere forskings og høgare utdanning-minister: «Man må (ja, må!) forvente at en minister har inngående kunnskap om den sektoren hen skal lede, og samtidig har en reflektert holdning til kunnskap og kilder. Man får ikke inngående kunnskap ved å være halvstudert røver, og heller ikke ved å gjøre slett arbeid under studiene.»

Desse setningane vitnar om mangel på kunnskap om korleis vårt politiske system fungerer. Det er ikkje slik at våre folkevalde i justiskomiteen på Stortinget er juristar, eller at medlemmene av helsekomiteen er utdanna legar, sjukepleiarar og psykologar. Like lite er det slik at du må ha fagkompetanse på det feltet du er statsråd for. Noreg er eit demokrati, ikkje eit teknokrati. Regjeringa og statsrådane styrer på grunnlag av politisk tillit, ikkje fagkunnskap. Fagkunnskapen finn vi i departementa og i dei underliggande etatane, som regjeringa støttar seg på i saksførebuinga.

Det finst tusen gode grunnar til å vere usamd i politikken ein statsråd fører, men utdanningsnivået til statsråden er ikkje éin av dei. Å nedvurdere politikken til Borch og Borten Moe fordi dei ikkje er akademisk «verdige» er heilt urimeleg. Ingen av forskings- og høgare utdanningsministrane i regjeringa til Erna Solberg (2013—2021) hadde forskingskompetanse eller anna fagkompetanse relevant for høgare utdanningssektoren. Henrik Asheim hadde ikkje høgare utdanning, medan Iselin Nybø var jurist. I den andre regjeringa til Jens Stoltenberg (2001—2009) var det éin høgare utdanningsminister, Tora Aasland, med bakgrunn som forskar. Av dei andre ministrane med ansvar for sektoren var Øystein Djupedal typograf, medan Kristin Halvorsen hadde diverse småfag frå universitetet utan grad.

Kanskje Brandtsegg ønsker seg tilbake til embetsmannsstaten på det glade 1800-talet?

Eirik Holmøyvik

Denne informasjonen er lett tilgjengeleg på nettet og samsvarar med forsking på det generelle utdanningsnivået til regjeringsmedlemmer i Noreg. I boka Regjeringen: Historien, makten og hverdagen, viser vi at prosentdelen med høgare utdanning er høgre blant regjeringsmedlemmer enn folket samla, men utdanningsnivået til regjeringsmedlemmene er på veg ned. 

Kanskje Brandtsegg ønsker seg tilbake til embetsmannsstaten på det glade 1800-talet? På den tida var regjeringsmedlemmane stort sett juristar, supplert av ein og annan offiser og teolog. Men den gongen hadde verken alle menn eller nokon kvinner røysterett, og akademia var avgrensa til teologi, juss, medisin, filosofi-historie, og matematikk-naturvitskap (ja, kanskje var det betre før).

Aller verst med innlegget til Brandtsegg er den kalde forakta for dei lågare utdanna massane som piplar ut i dei mange kunnskapshola. Om Borten Moe skriv Brandtsegg: «En trøndersk bonde skjønner jo såpass at hvis man tar ut motoren så vil ikke traktoren gå.» Smak på den setninga. Ikkje berre er det viktig for Brandtsegg å stemple Borten Moe som bonde og ikkje som statsråd, mangeårig stortingsrepresentant eller industrileiar, som Borten Moe også er. I tillegg insinuerer Brandtsegg at til og med ein bonde kan forstå årsakssamanhengen, underforstått at bønder forstår mindre enn andre.

Innlegget til Brandtsegg illustrerer på ironisk vis eit sjukdomsteikn ved sektoren vår: Ei arrogant tru på eiga evne i kraft av tittel og ei nedvurdering av evnene til andre.

Powered by Labrador CMS