Debatt ● Danbolt, Korsvoll og Solheim
Når den venstre handa ikkje veit kva høgre handa gjer
Utsynsmeldinga legges fram fredag. Det er eit pussig paradoks at det vert iverksett tiltak som kan ha langsiktige negative konsekvensar, allereie før ein veit kva han skal syne, skriv leiarane i Akademiet for yngre forskere.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Regjeringa
skal legge fram ei melding som
tek føre seg å kartlegge behovet for kompetanse i arbeidslivet. Denne har fått
namnet ‘utsynsmeldinga’.
Utsynsmeldinga spring ut av at regjeringa ønsker å kartlegge behovet for kompetanse
i arbeidslivet. Målet er, i følgje regjeringa å dekke arbeids-og samfunnslivets
kompetansebehov framover, og sørge for at innbyggjarane i landet har tilgang
til relevant utdanning. Samstundes er det andre parallelle prosessar som pågår,
så som kompetansefagutvalget
som under leiing av Sveinung Skule skal frambringe ei fagleg vurdering av det
framtidige kompetansebehovet.
Det er ikkje lett å vite kva som vert framtidas kompetansebehov. Dei færraste av oss har ei krystallkule som kan gje oss svar, og det «knytter seg stor usikkerhet til hvilke kompetanser, utdanninger og yrker som vil kreves for å utføre fremtidens arbeidsoppgaver» (Holden-utvalget, NOU 2019:2-Fremtidens kompetansebehov). Store og raske utviklingar i mellom anna teknologi gjer også at ein ser at dei siste tiåras rivande teknologiske utvikling har medverka til å skape eit merkbart annleis arbeidsliv i 2022 enn for 30 år sidan. Knytt til at det er utfordrande å vite kva som er framtidas kompetansebehov, er det også ei utfordring å rangere kva som har størst «samfunnsnytte» eller «nytte». Ei fallgruve med eit for snevert eller rigid «nytte»-omgrep gjer at ein samstundes bygger opp kompetanse på områder kor det er stor etterspurnad på kompetanse, og samstundes kan la seg freiste å rive ned fagområde med kompetanse som i første omgang ikkje framstår som like «samfunnsnyttige», men som har stor verdi både i langsiktige samfunnsutviklinga og når kriser oppstår.
Samstundes kan vi lære noko av det vi veit frå før av, og viktigheita av å løfte blikket, og sette dei ulike grepa i system. Vi vil her trekke fram to viktige moment i så måte som skjer parallelt med dei pågåande kompetansekartleggingane. Det eine er den katastrofale nedstenginga av konkurransen for unge forskarar og nysgjerrigper og det andre er innføring av skulepengar for internasjonale studentar utanfor EØS og Sveits.
Eit utdanningssystem som bygger oppunder og utviklar nysgjerrigheitstronga til born og unge er viktig for å skape framtidige løysingsorienterte og nysgjerrige arbeidstakarar. Mellom anna med å fremje og utvikle ferdigheiter for det 21.århundre (jmf. World Economic Forum sine 21st century skills). Dette vil danne eit godt grunnlag for seinare vidareutdanning og kompetanseheving når dei kjem ut i arbeidslivet. Livslang læring er her essensielt, også knytt til at om lag halvparten av dagens arbeidstakarar vil trenge ei «re-skilling» av deira kompetanse for framtida. Sjølv om dei aller fleste born ikkje vert forskarar, så er det viktig at born og unge får tidleg erfaring med forsking. Dette er stadig viktig i eit kunnskapssamfunn, og står sentralt som ein del av demokratisk danning og medborgarskap. Vi ser det derfor som svært uheldig at tiltak som per no har bidrege inn i å ivareta dette, no reduserast eller kuttast i Forskingsrådet, som mellom anna konkurransen unge forskarar og nysgjerrigper.
For å møte morgondagens kompetansebehov står rekruttering av dyktige og motiverte menneske til universitet og høgskular sentralt, ettersom desse igjen skal utdanne store delar av framtidas arbeidsstyrke. Dette føreset mellom anna at ei karriere innan forsking og høgare utdanning er ein attraktiv karriereveg. Det er dermed urovekkande å sjå på funna til den nylege rapporten frå Forskerforbundet som syner at 1 av 3 unge forskarar ikkje anbefaler andre ei forskerkarriere. Tilsvarande funn kan lesast i vår eigne rapport «Unge forskere» frå 2018. Det er dermed betimeleg at desse utfordringane adresserast i utsynsmeldinga og at det foreslå løysingar for å betre ivareta dagens og framtidas forskarar.
Det er også viktig å sjå på måtar ein kan betre sektormobilitet mellom akademia og andre sektorar. Vi ser i dag at det er ei utfordring for forskarar å kome attende til akademia om dei har valt ei karriereveg i ein annan sektor. For å løyse framtidas kompetansebehov er det essensielt at det vert enklare å arbeide på tvers av sektorar og tileigne seg nye erfaringar og kunnskap. Dei store samfunnsutfordringane som vi no står ovanfor, krev av vi arbeider på tvers og at vi utnyttar potensialet i mangfaldige perspektiv.
Parallelt planleggast det no hardt ved norske universitet og høgskular for korleis ein kan imøtekomme det ei innføring av skulepengar for internasjonale studentar medfører, og korleis legge til rette for dette. Sett vekk frå det byråkratiske og praktiske aspektet med ei slik innføring, og vanskane dette medfører, så er det betimeleg å påpeike kor uheldig ei slik innføring er knytt til at det framleis pågår ei kartlegging av framtidas kompetansebehov for norsk arbeid og samfunnsliv.
Veit den venstre handa kva den høgre handa gjer?