adventskalender

Meiner studentane har endra seg etter pandemien

Kristin Melum Eide seier det nesten er som om både studentane og dei som underviser må læra seg heile undervisingssituasjonen på nytt.

Å gje ut denne boka er det kjekkaste professor Kristin Melum Eide gjorde i 2022.
Publisert
Fakta

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Kristin Melum Eide, som er professor ved institutt for språk og litteratur ved NTNU.

Bak luke nummer 14 i Khronos adventskalender finn vi Kristin Melum Eide, professor ved institutt for språk og litteratur ved NTNU.

— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

— 2022 har vore eit turbulent år. Regjeringa gjer store og dramatiske grep for sektor vår, og i universitets- og høgskulesektoren er det mange som er urolege og sinte, ikkje minst studentane, men òg leiinga ved mange større institusjonar. Blant folka på golvet er det mange som er mindre sinte, mange er avventande, men nokre er òg positive og spente på utfallet av større prosessar.

— Det har vore drive fram store omveltingar over fleire tiår, men då etter froskeprinsippet: Ein kokar frosken så sakte at han ikkje merkar at han døyr. Her er det meir hummarmetoden – rett i den svarte gryta, eller kan henda meir ufrivillig isbad. Og då kjem protestane, særleg frå dei som i mellomtida har vorte vande med å bestemma mest.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Det var å vera med på å få gje ut boka «Språket som superkraft», fordi det er ei bok om noko mange tenkjer er så tungt og keisamt og uforståeleg – forskingsfronten i formell grammatikk — som har fått ei rørande, fantastisk mottaking. Det er òg stor interesse for å omsetja ho til mange andre språk, og det er så utruleg meiningsfullt å få skriva ei bok som er akkurat så kompromisslaust klin sprø som ein gjerne vil, og så vert ho motteken på denne måten, både av kollegaar, studentar og lærarar. Fantastisk.

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— Ei stor utfordring – kanskje den største – har vore å møta post-covid- studenten. Studentane ser ut til å vera svært merkte av covid-tida. Det er litt vanskeleg å setja fingeren på det, men studentane har endra seg mykje dei siste to åra, både fagleg og sosialt. Ein del studentar viser mykje meir kundementalitet, dei er klare på at dei ventar betre varer. Men det er også mange som slit og treng meir omsorg og oppfølging enn dei greier å uttrykka. Det krev meir av oss som undervisarar, eller kan henda krev det noko anna. Det er nesten som om me må læra heile undervisingssituasjonen på nytt, både dei og me.

— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?

— Det er at både rammer og vilkår vert meir føreseielege. For sektoren som heilskap, men òg for den einskilde, anten ein er fast tilsett, mellombels tilsett eller student. Det treng ikkje å bety det same eller like mykje for alle, men for mange er føreseielege og trygge rammer ei viktig årsak til å jobba i offentleg sektor.

— Kva skal du gjera i jula?

— I jula skal eg slappa av med familien, barn, svigerbarn og barnebarn, slekt og gode vener, skikkeleg «molljkos med»!

Powered by Labrador CMS