åpen publisering

Meiner forskarar må ha rett til å «klippe og lime» frå publiserte artiklar

— Vi må komme bort frå tanken om at ein publisert forskingsartikkel er ein digital versjon av ein papirartikkel, meiner musikkforskar Alexander Refsum Jensenius.

Det er viktig at vi ikkje blir så opphengt i alt vi ikkje får lov til å gjere, at vi gløymer å få gjort noko med dei gamle publiseringsmodellane, seier Alexander Refsum Jensenius.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Professoren ved Universitetet i Oslo har markert seg som ein av dei klaraste tilhengarane av ei meir kompromisslaus utgåve av open publisering av forsking og forskingsartiklar (Open Access).

Fakta

Plan S

  • Noregs forskingsråd har gått saman med EU-kommisjonen, det europeiske forskingsrådet ERC og finansiørar av forsking i heile Europa om å krevje at alle artiklar frå forskinga dei finansierer skal publiserast med open tilgang (Open Access). Dette er Plan S.
  • Frå 1. januar 2021 må alle som inngår kontrakt om finansiering med Forskingsrådet forplikte seg til å publisere arbeida sine i opne tidsskrift, og dei vil ikkje lenger kunne gi frå seg opphavsrett.
  • I fleire tiår har publisering av forsking vore basert på ein kommersiell modell der forlaga har kravd opphavsrett til publiserte forskingsartiklar, som ofte har vore eksklusivt tilgjengelege mot svært høge abonnementsprisar. Deltakarane i Plan S har som uttalt mål å bryte publiseringsmonopolet.
  • I 2019 forhandla og signerte Unit, etter fullmakt frå Universitets- og høgskolerådet, nye avtalar med dei fire største tidsskriftforlaga som har fleire tusen tidsskrift i katalogane sine. Springer Nature, Wiley, Taylor & Francis og Elsevier. Avtalane var såkalla overgangsavtalar på vegen mot heilt open tilgang.
  • Det var eit krav frå Noreg at artiklar i tidsskrift skulle kunne publiserast ope i digitale arkiv, i tillegg til å bli publiserte i tidsskrifta. I dei fire avtalane med forlaga fekk Unit gjennom at dei forskingsinstitusjonane som var knytt til avtalane kan lese alle forlaga sine tidsskrift og i tillegg publisere ope, til ein og same pris.

Det handlar om å forlate det han meiner er gammaldagse måtar å tenke forsking på.

— Slik eg ser for meg framtida, er forskingsartiklane i større grad hypertekst med integrerering av data, krysslenker, kodar og i mitt tilfelle lyd og bilder. Du kan kalle det ein multimedia-artikkel, som i mange tilfelle kan vere grunnlag for anna forsking, seier Jensenius, som til dagleg er musikkforskar ved det tverrfaglege senteret RITMO.

Forskingsrådet stiller krav

Forske, skrive - og deretter få resultatet publisert i eit vitskapeleg tidsskrift, helst i eitt som står høgt på prestisjerangstigen, som deretter tar opphavsretten til forskaren med på kjøpet og publiserer verket bak skyhøge betalingsmurar — dette har lenge vore oppskrifta på ei forskarkarriere. Men frå 2021 vil ikkje lenger pengebingen for norsk forsking vere med på dansen:

Denne veka annonserte Forskingsrådet at forskarar som får støtte derifrå må publisere arbeidet i opne tidsskrift, og dei vil ikkje lenger kunne gi frå seg opphavsretten.

Bakgrunnen er den såkalla Plan S, rammeverket for open publisering av forsking, som Forskingsrådet har forplikta seg til gjennom deltakinga i eit større europeisk samarbeid med andre forskingsråd. Med på laget er også EU-kommisjonen og dei to uavhengige finansiørane The Wellcome Trust og the Bill & Melinda Gates Foundation.

Det er særleg dei opphavsrettslege lisensvilkåra som har skapt diskusjon i den norske debatten om Plan S med strid om svaret på det i utgangspunktet kryptiske spørsmålet: CC BY eller ikkje CC BY?

Kritisk til fri bruk

I hovudtrekk går skiljet mellom ein variant som gir andre rett til å fritt bruke og omarbeide artiklar, så lenge opphavet er kreditert, forkorta CC BY — og ein variant der andre har rett til å gjere materialet tilgjengeleg for andre, men ikkje til å endre det, omtalt som CC BY-ND. Fagforeiningane Forskerforbundet og NTL har begge vore imot å innføre den første varianten. Forskingsrådet, med Plan S i handa, går inn for den første, CC BY, men stenger ikkje heilt for den andre.

Spørsmålet utløyste i fjor ei omfattande utgreiing, ført i pennen av førsteamanuensis ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen, Torger Kielland. Han er glad for at Forskingsrådet og alliansepartnarane bak Plan S opnar for å gjere unntak og tillate CC BY-ND.

— Plan S opnar for at ein i unntakstilfelle kan godta lisensiering under CC BY-ND.

I utgreiinga si var han kritisk til krav om bruk av den friaste varianten, CC BY.

Ein meir restriktiv lisens vil vere til hinder for framtidsretta måtar å tenke forsking på

Alexander Jensenius, professor, UiO

— Det å skulle pålegge forskarar å tillate andre å omarbeide forskingsarbeidet, kan vere eit inngrep i den akademiske fridomen. Ein kan spørje seg om dette er noko institusjonane vil kunne handheve overfor sine forskingstilsette. Det er ikkje noko klart svar på dette, men det er ikkje rett fram. Det står også igjen å sjå i kva grad forskarar vil krevje å få publisere undre CC BY-ND, og dernest i kva grad Forskingsrådet vil tillate det, seier Kielland.

Jensenius ser derimot gjerne at Forskingsrådet stenger døra for CC BY-ND, med andre ord gjer det obligatorisk for forskarar å stille det publiserte arbeidet sitt fritt til disposisjon for andre.

Vil bort frå papir

— Vi må bort frå tanken om at ein publisert forskingsartikkel er ein digital versjon av ein papirversjon. Ein meir restriktiv lisens vil vere til hinder for framtidsretta måtar å tenke forsking på, seier han.

Jensenius meiner at vi i den digitale tidsalderen må opne for «klipping og liming» på heilt andre måtar, og at dette alt er i full gang på mange fagområde. Han viser til at stadig fleire publikasjonar blir gjort tilgjengelege i ulike versjonar, der enkelte gjer stoff tilgjengeleg med ein gong dei startar skrivinga.

— Med maskinlæring og avanserte digitale verktøy opnar deg seg heilt nye horisontar for å samanstille og nytte forskingsstoff enn før, seier han.

Jensenius seier dette slett ikkje inneber ei lettvint haldning til opphavsretten.

— Opphavsrett er noko særleg vi musikkforskarar må forhalde oss til kvar dag. Data for oss dreier seg i stor grad om musikk som har mange opphavarar, som det er mange juridiske rettar knytte til. Men det er viktig at vi ikkje blir så opphengt i alt vi ikkje får lov til å gjere, at vi gløymer å få gjort noko med dei gamle publiseringsmodellane.

For dét er det aller viktigaste i det store bildet, meiner musikkforskaren, sjølv om det å bli forhindra i å publisere i visse kanalar kan gjere det vanskelegare for forskarar på kort sikt.

— Snu systemet på hovudet

— Vi er i ein situasjon der forlaga har veldig mykje makt. Det er noko vi må snu, og no ser vi ei veldig positiv utvikling. Eg trur denne blir styrka ved at dei som finansierer forsking stiller krav. Dette byr på utfordringar, særleg for unge forskarar som er avhengig av å publisere for å få jobb. Men det er eit problem vi må løyse på anna sett. Heile systemet må snuast på hovudet.

Torger Kielland er kritisk til den opnaste forma for publisering.

Også Torger Kielland understrekar at han ser på open publisering som ein veg å gå.

— Open publisering er i seg sjølv eit gode, men eg trur det er grenser for kva ein kan gjere med makta til forlaga og spørsmålet om dobbeltbetaling for offentleg finansiert forsking. I dag tar forlaga seg godt betalt for å publisere ope, enten gjennom betaling frå forfattar eller gjennom avtalar med land og institusjonar, slik den vi ser Unit gjorde på vegne av norske forskarar, seier Kielland.

Powered by Labrador CMS