Plan S
Forskarar som får støtte kan ikkje lenger gi bort opphavsrett
Frå 2021 får norske forskarar ikkje lenger pengar frå Forskingsrådet dersom dei gir bort opphavsretten til tidsskrift og forlag.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Publisering av forsking er milliardindustri med ei rad mektige forlag i førarsetet, og det har vore vanleg at forskarar gir frå seg rettane til forskingsartiklane sine til tidsskrifta, som igjen publiserer bak høge betalingsmurar. Det skal det bli ein endeleg slutt på, om det går slik partnarane bak den såkalla Plan S — Coalition S — ønskjer seg:
Onsdag lanserer Coalition S kravet om at alle forskarar finansiert av forskingsråd i land som er med i den såkalla Plan S må forplikte seg til å behalde rettane til fagfellevurderte forskingsartiklar.
I Noreg betyr det i praksis at alle, utan unntak, som får offentlege pengar frå Forskingsrådet ikkje lenger har lov til å gi frå seg opphavsretten til publiserte vitskapelege artiklar. Kravet skal gjelde for alle utlysingar etter 1. januar 2021 (ikkje tilbakeverkande kraft).
Partnarane bak Plan S håper dette skal få forlag som i dag ikkje praktiserer direkte og gratis tilgang, utan opphald, til å endre publiserings- og finansieringsmodellane sine og la betalingsmurane falle.
«Revolusjon» godt i gang
— Forskaren og institusjonen skal ha opphavsretten, og dermed retten til å arkivere og gjere artiklane tilgjengelege. Vi trur dette er noko alle tidsskrift må og vil akseptere. Vi er i tett dialog med redaktørane for dei største tidsskrifta, og forlaga har sagt at dei ønskjer å finne gode modellar for å vere i samsvar med Plan S. Eg trur kostnaden blir for stor ved å nekte forskarar som er forplikta av opphavsretten til eige arbeid å publisere, seier direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, til Khrono.
Røttingen har leia arbeidet i den internasjonale gruppa som har vore med på å utvikle Plan S, som norske styresmakter har stilt seg bak, og som i tillegg til Noreg inkluderer ei rad europeiske land og institusjonar som finansierer forsking. I tillegg til nasjonale institusjonar støttar mellom andre det europeiske forskingsrådet (ERC) og EU-kommisjonen initiativet.
Røttingen nøler ikkje med å kalle Plan S ein «revolusjon», men peikar på at denne langt på veg er gjennomført allereie med mange mekanismar på plass. Mykje forsking blir i dag publisert heilt ope, og utviklinga går i retning av fleire opne publiseringskanalar og avtalar som skal sikre tilgang for alle.
Likevel er mange tidsskrift fortsatt basert på kostbare abonnement, og dermed lukka bak betalingsmurar. Plan S opnar for å publisere også i desse tidsskrifta, men berre dersom ein fagfellevurdert endeleg versjon av artikkelen, blir gjort tilgjengeleg med det same og med open lisens og rett til bruk gjennom eit digitalt arkiv.
Nei til embargo
Fleire forlag som alt gjer det på denne måten venter likevel med å gjere artiklane allment tilgjengelege i 6 til 12 månader etter publisering.
— Denne typen embargo vil vi ikkje lenger akseptere, seier Røttingen.
— Publikasjonar og forskingsdata er fellesgode, og forskarar og institusjonar må vere i posisjon til å gjere desse så tilgjengelege som mogleg, slik styresmakter og dei som finansierer forsking krev. Forskingsrådet, og partnarane i Coalition S, vil no gå i gang med å endre kontraktsvilkåra for forskarar og forskingsinstitusjonar i tråd med kravet om at forskinga straks skal vere tilgjengeleg i digitale arkiv.
Strategien, omtalt som «grøn open tilgang», er ein av fleire variantar av open publisering som Plan S vil opne for. Den kjem i tillegg til tidsskrifta som alt er heilt opne etter enten ein «full-open» modell eller ein «publiser og les»-modell.
Tilslutninga til Plan S er langt frå ukontroversiell, og er blitt heftig debattert blant forskarar. Tidleg i prosessen signerte 1100 forskarar ein kampanje med krav om konsekvensutgreiing for ei eventuell norsk tilslutning til Plan S. Blant signaturane var nobelprisvinnarane May-Britt og Edvard Moser og jusprofessor og preses i Det norske videnskaps-akademi, Hans Petter Graver.
Røttingen meiner på si side at konsekvensane er både grundig gjort greie for og at innspel frå høyringsrunder er tatt med.
— Dette handlar om at vi ikkje ønskjer at utgivarane skal bestemme kva forskarane kan gjere med sine manuskript, som er resultat av offentlege investeringar. Det er problematisk at forskarar gir frå seg rettar til forlaga, slik Aune-utvalet også har påpeikt.
Vanskeleg å snu etter Covid-19
Ein viktig motivasjon for Plan S-koalisjonen er å bidra til å tette gapet mellom den ressurssterke delen av forskarverda som tradisjonelt har hatt råd til og dermed tilgang til kommersielt publisert forsking — og dei som ikkje har det.
— At heile verda har tilgang er svært viktig, noko vi har sett i samband med Covid-19-pandemien. Alle forlag har gått saman og gitt tilgang i denne situasjonen, og kunnskapsutviklinga har gått utruleg raskt, fordi forskarane har tilgang til andre si forsking. Med dei erfaringane vi har gjort no vil det vere veldig vanskeleg å forfekte ein lukka publiseringsmodell, seier Røttingen.