Debatt ● Aslaug Grov Almås, Brita Høyland og Maria Kjosås Berge

Me må våga å satsa på fleksible lærarutdanningar

Høgskulen på Vestlandet sit på entusiasme, kompetanse og kunnskap om fleksibel grunnskulelærarutdanning på Stord og i Sogndal. Høgskulen har ikkje råd til å leggja det ned.

Portretter av Brita Høyland, Aslaug Grov Almås og Maria Kjosås Berge
Med lanseringa av Profesjonsmeldinga sa statsråd Hoel at utdanningane skal bli meir fleksible og at fagmiljøa sjølve kan forma utdanningar som er tett på praksis, skriv forfattarane. — Dette er heilt i tråd med korleis HVL dei siste åra har satsa på nye måtar å rekruttera på.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er urovekkjande tal knytt til søknad på lærarutdanninga i heile landet. Konsekvensane dette kan få for opplæringa til elevar i norsk skule kjem til å merkast i lang tid framover. 

Trenden har vore slik lenge, og mykje kan tyda på at nytenking må til. Og nytenking er nettopp det statsråden for forsking og høgare utdanning vil ha. I pressemeldinga til stortingsmeldinga for profesjonsutdanningane seier Hoel at utdanningane skal bli meir fleksible og at fagmiljøa sjølve kan forma utdanningar som er tett på praksis. 

Han utdjupar dette: «Fordi vi slit med å rekruttere både til utdanningar og yrke, er det viktig å sikre at det finst ulike vegar inn i utdanningane — og at opptakskrava ikkje er strengare enn naudsynt. Vi vil opne for fleire forsøksordningar, og vi vil opne for fleire vegar inn til læraryrket.» 

Dette er heilt i tråd med korleis Høgskulen på Vestlandet (HVL) dei siste åra har satsa på nye måtar å rekruttera på. Me har hatt tilbod om ei samlingsbasert grunnskulelærarutdanning for 1. — 7. steg (S-GLU) på Stord og i Sogndal. Det første kullet starta hausten 2022, og eit nytt kull gjekk i gong hausten etter. I tillegg valde høgskulen å setja av ressursar til følgjeforsking dei to første åra med mål om å få eit godt kunnskapsgrunnlag for vidareutvikling av studietilbodet slik at HVL får ei nyskapande god grunnskulelærarutdanning. 

Det ligg i følgjeforskinga sin natur at dialog er viktig for å kunna gjera justeringar i eller rundt utdanninga undervegs. Underteikna er ansvarlege for følgjeforskinga og har gjennomført intervju med alle involverte aktørar (studentar, faglærarar, praksislærarar, prosjektleiarar) og observert samlingar på campus og på nett over to år. Dette har gitt oss eit godt grunnlag til å gi innspel til moglege justeringar, presentert både i rapportar og i dialogmøte. 

Og justeringar såg me tidleg at var nødvendig. Modellen hadde til dømes ikkje den fleksibiliteten som studentane såg føre seg at ei slik utdanning skulle ha og likna for mykje på organiseringa av ordinær campusutdanning. Det er heller ingen som har vore nøgde med at dei fysiske samlingane vekslar mellom Stord og Sogndal for det same kullet. 

Utan noko form for dialog med involverte i S-GLU har fakultetsleiinga og rektor blitt einige.

Almås, Høyland og Berge

Trass gode dialogseminar med leiargruppa i det første studieåret og emneansvarlege i det andre studieåret valde leiinga å ikkje gjera justeringar i modellen for utdanninga før ny utlysing våren 2024. Argumentet var å venta til ein hadde fått eit større kunnskapsgrunnlag, noko me meiner er på plass no når følgjeforskinga nærmar seg sluttrapportering.

Følgjeforskarar, fagmiljø og prosjektleiinga for S-GLU-utdanninga vart difor svært overraska då dekan i mai kunngjorde i eit orienteringsmøte for tilsette i lærarutdanninga at det låg an til at S-GLU skulle trekkast som studietilbod hausten 2024. Det var 40 søkjarar til 40 studieplassar, men basert på historikk blei det sagt at mange av desse truleg ikkje oppfylte opptakskrava. 

Avgjerda om å trekkja S-GLU vart også gjort før HVL søkte og fekk dispensasjon frå opptakskrava for ordinær GLU 1. — 7. og 5. — 10. Utan noko form for dialog med involverte i S-GLU har fakultetsleiinga og rektor blitt einige. Dei står fast ved vedtaket, trass i at me skriftleg har bede om at dei ser på dette på nytt.

Våre argument er at nettopp HVL har svært gode føresetnader for å lukkast med ei slik utdanning. For det første er det mange potensielle framtidige nye lærarar som no går glipp av det fleksible tilbodet dei har søkt seg inn på. 40 søkjarar er eit høgt tal samanlikna med søkjartala til tilsvarande campusbaserte utdanningar. 

For det andre har HVL lang og god erfaring med utvikling av nettstøtta og samlingsbaserte utdanningar. HVL har ei satsing på digitale og samlingsbaserte vestlandsklassar som vil seia at me nyttar fagmiljøa ved alle campusane og tilbyr mange fag for alle ordinære grunnskulelærarstudentar i 5. semester av utdanninga, og i tillegg er HVL ein av landets største tilbydar innan ordninga Kompetanse for Kvalitet (KfK) der studietilboda har stor grad av fleksibel organisering. Samla sett gjer dette at mange fagtilsette har erfaring med nye typar tilrettelegging av undervisning. 

Det tredje argumentet er at HVL har kopla følgjeforsking til S-GLU og bør lytta til dei innspela som er komne i prosessen, fordi innspela byggjer på eit breitt grunnlag og er retta mot justeringar som kan bidra til auka rekruttering framover. Eitt stikkord er at det ligg eit stort potensial i korleis HVL samarbeider med praksisfeltet og nærregionane våre.

I fleire år har det vore tilskotsordningar til fleksible og desentraliserte tilbod, men gjennom Utsynsmeldinga annonserte Regjeringa at slike ordningar ikkje lenger skal vera nødvendig (Meld. St. 14 (2022-2023)). Frå 2024 er det opp til universitet og høgskular å sikra at fleksible og desentraliserte tilbod vert ein «naturlig del av utdanningsvirksomheten», og det er forventa at denne satsinga skal dekkjast gjennom institusjonane sine eigne budsjett (Meld. St. 14 (2022—2023), s. 98—99).

Vår bodskap er difor klar:

Som ei av dei største lærarutdanningane i Noreg bør HVL ha eit samlingsbasert og fleksibelt tilbod. Søkjartal over heile landet viser at det er denne typen utdanning som aukar mest. HVL har investert store ressursar i å byggja opp tilbodet, og bør halda fram det gode arbeidet som er i gang. 

Mykje kan og bør endrast, men den entusiasmen, kompetansen og kunnskapen som praksisfelt, følgjeforskarar og fagmiljø på Stord og i Sogndal sit på har ikkje HVL råd til å la gå frå seg. Det krev økonomiske prioriteringar og mykje arbeid, men me vil og må vidareutvikla lærarutdanningane, med god draghjelp og dispensasjonsordningar frå departementet. Gjennom god dialog kan HVL lukkast med dette.

Powered by Labrador CMS