studentar og korona

Mæland: Utanlandske studentar må framleis betala karantenehotell

Norske studentar som kjem heim slepp no å betala for karantenehotell. Men fritaket gjeld ikkje utanlandske studentar som kjem til Noreg for å studera.

Mange studentar har vore fortvila over ordninga med karantenehotell, og særleg for rekninga, sa justisminister Monica Mæland på pressekonferansen. Men fritaket for å måtte betala 500 kroner døgeret gjeld berre norske studentar som skal heim.
Publisert Oppdatert

Frå 27. mai vert skiljet mellom naudsynte reiser og ikkje naudsynte reiser fjerna. Det betyr at alle som kjem inn til Noreg frå land med høg smitte må på karantenehotell - med nokre få unntak.

Dette betyr mellom anna at studentar som har vore på utveksling eller vore gradsstudentar i utlandet ikkje lenger kan vera i karantene heime.

Mellom andre Ansa, organsiasjonen for norske studentar i utlandet, har bede regjeringa om å ta rekninga. Tidleg i mai var svaret nei.

Onsdag, dagen før endringa vert sett i verk, kom det melding frå regjeringa: Studentane slepp å betala eigendelen.

— Eg forstår at det kan vera vanskeleg for studentar å ta rekninga for karantenehotell, og er glad for at me no kan presentera denne løysinga, seier justisminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Heim til mor eller far

Men ordninga vil berre gjelda norske studentar som har studert i utlandet. Under onsdagens pressekonferanse, på spørsmål frå Khrono, svara Mæland nei på om ordninga vil gjelda utanlandske studentar som kjem til Noreg.

— Dette gjeld norske studentar som skal reisa heim til mor eller far, sa Mæland.

Mæland sa òg at for å sleppa å betala eigendelen, må ein kunne visa dokumentasjon på kor ein har studert.

Regjeringa innfører eit tillegg til covid-19-forskrifta som inneber fritak for studentar som kjem til landet etter studieopphald, og som må vera på karantenehotell.

Meinte institusjonane burde ta rekninga

— No er det smittesituasjonen i landet ein kjem frå som avgjer om ein må på karantenehotell, sa Mæland på pressekonferansen.

Styremedlem Gard Skulstad Johanson er svært nøgd med at studentane no slepp å betala rekninga for karantenehotell sjølve.

Reglane no er at reisande frå land utanfor Europa må sitja minst sju dagar på karantenehotell. Reisande frå land innanfor EU/EØS og Storbritannia må sitja minst tre døger på karantenehotell, til dei kan visa ein negativ test. Så kan dei ta resten av karanteneperioden heime. Reisande frå land med lite smitte kan ta karanteneperioden heime - men desse landa er det så langt ikkje så mange av.

Khrono snakka med Gard Skulstad Johanson berre ein time før meldinga kom. Han er studentrepresentant i styret ved Universitetet i Bergen (UiB), og tok til orde for at UiB skulle betala for sine studentar - og oppmoda andre institusjonar til å tenka likt. Han peika på den store kostnaden - opp mot 5000 kroner - og sa at dette er svært mykje for ein student.

— Veldig gledeleg, og for å vera ærleg, heilt på sin plass. Eg er veldig glad for at studentane no får ein føreseieleg situasjon og slepp å ta denne rekninga sjølve, skriv ein nøgd Johanson i ein sms til Khrono etter at fritaket vart kjent.

Innhogg

Også Ansa-leiar Morgan Alangeh er nøgd.

— Eg er veldig veldig glad. No vil studentar sleppa å betala eigendelen på 500 kroner døgeret, som har vore ei stor økonomisk byrde for mange, seier han til VG.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim seier i pressemeldinga at det ikkje er nokon tvil om at ei firesifra rekning gjer eit innhogg i studentlommeboka.

— No kan altså norske studentar planlegga heimreisa og vera trygge på at me dekkjer eit eventuelt opphald på karantenehotell for dei, seier Asheim.

— Bra at regjeringa endeleg tok til fornuft, skriv Roy Steffensen i ein epost til Khrono.

Stortingsrepresentanten frå Frp leiar utdanningskomiteen, og har nyleg teke opp studentar og karantenehotell i eit skriftleg spørsmål til Asheim.

— Der ba eg regjeringa om å ta denne rekninga. Eg er glad for at statsråden lyttar, og at norske studentar til få dekka utgifter til karantenehotell, seier Steffensen.

Institusjonane betalte i vinter

Karantenehotell var også tema rundt årsskiftet. Den gong vart utdanningsinstitusjonane pålagde å betala rekninga for studentar som kom til Noreg på utveksling. Nokre av institusjonane valde òg å betala for internasjonale studentar som hadde vore på juleferie i heimlandet.

Sak oppdatert 26.mai kl 11.29 med kommentar frå Roy Steffensen. Deretter oppdatert kl 13.39, etter regjeringa sin pressekonferanse.

Powered by Labrador CMS