Nord universitet

Leiinga vil «bøte på manglende opplevelse av nærhet». Kjøper konsulentar for 1,5 millionar

Konsulentselskapet PwC skal evaluere organiseringa av Nord universitet. Oppdraget er mellom anna å finne ut korleis ein kan få tilsette til å oppleve at leiinga er meir synleg.

— Vi kan ikkje vere til stades på ein kvar arena til ei kvar tid, seier Nord-rektor, Hanne Solheim Hansen, her saman med prorektor Reid Hole.Til hausten kan det bli endringar i leiar- og organisasjonsstrukturen, dersom evalueringa endar med anbefalingar om det.
Publisert

— Eg opplever at vi er godt synlege. Men særleg det siste året har vi fått kommentarar frå tilsette som går på at at leiarane deira er for langt unna. No vil vi prøve å få tak i kva dette eigentleg dreier seg om, forklarer rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen.

Evalueringa av leiar- og organisasjonsstrukturen som no er sett i verk skal gi svar på kva problemet er. Bestillinga til konsulentselskapet PwC (PricewaterhousCoopers), som har fått oppdraget, er blant anna:

(...) «å vurdere nærmere hvilke tiltak som kan bøte på manglende opplevelse av nærhet».

Avhengig av konklusjonane kan evalueringa føre til endringar både i geografisk plassering av leiarar og andre tilsette. I rapporten som PwC skal levere før sommaren skal det også gjerast ei vurdering av dei administrative tenestene. Då organisasjonen kom på fote i 2017 vart medarbeidarane lokalisert der dei allereie hadde jobben då fusjonen kom. Ifølgje oppdraget til konsulentselskapet skal dette no opp til vurdering, om «organiseringen fungerer hensiktsmessig eller om det bør iverksettes endringer».

Mest og flest i Bodø

Var leiinga av universitetet i ferd med å hope seg opp i Bodø, med for lite kontakt og makt til dei resterande åtte studiestadene? Det var ved tilsetjing i 2019 av endå ein toppleiar med arbeidsstad Bodø, prorektor for utdanning, at spørsmålet vart stilt.

Ei kartlegging av kor det langstrakte universitetet eigentleg var styrt ifrå viste, at det meste av den øvste leiinga var konsentrert i byen:

  • 4 av 5 dekanar
  • 4 av 5 fakultetsdirektørar
  • 8 av 10 prodekanar
  • heile HR- og økonomi-avdelinga

I tillegg sit altså heile rektoratet i Bodø.

Universitetsleiinga konkluderte etter kartlegginga at i «det store bildet er lederressursene rimelig godt fordelt i organisasjonen». Men, vart det lagt til, «opplevelsen av at toppledelsen er synlig og tilstede kan nok variere mye fra medarbeider til medarbeider og mellom de ulike studiestedene».

Det er altså denne opplevinga universitetsleiinga no vil kartlegge i samband med evaluering av leiarstruktur og organisasjonsmodell — i tillegg til å finne ut kvifor aktørar utanfor universitetet meiner leiinga er for lite tilgjengeleg.

Hansen seier ho har fått direkte tilbakemeldingar om at ho er for lite synleg og tilgjengeleg som leiar av universitetet.

— Det heiter i oppdraget at ein vil bøte på «opplevinga» av manglande nærleik. Er det berre opplevinga som skal bøtast på?

— Ein må spørje seg kva som er reelt.

— Men dersom nokon seier at de ikkje er synlege og tilgjengelege - er ikkje det reelt nok?

— Jo, men vi kan ikkje vere til stades på ein kvar arena til ei kvar tid, seier Nord-rektoren.

— Kan lesast som eit sukk

Det siste har Mange Lerø ei viss forståing for. Han er redaktør for avisa Dagens Perspektiv og har i årevis analysert og kommentert om og for leiarar i samfunnet.

— Oppdraget frå leiinga til PwC kan delvis lesast som eit sukk: «Kva i alle dagar skal vi gjere med dette?». Vanskane startar jo med organisasjonsmodellen i seg sjølv. Å vere nær, i kjøt og blod, med ni ulike studiestader er svært vanskeleg, særleg når toppleiinga er samla på ein studiestad. Å stå fram skriftleg og med notat fungerer slett ikkje like bra.

— Er Nord dermed fanga i strukturen, med studiestader på tvers av regionar og kommunar, meiner du?

— Dei er nok delvis fanga i strukturen, ja. Det er noko av veikskapen ved denne konstruksjonen, seier Lerø.

Allereie då Nord universitet vart skipa i 2016, gjennom fusjonen av Universitetet i Nordland med høgskular i Trøndelag og Nordland, vart det bestemt at organisasjons- og leiarstruktur på eit seinare tidspunkt skulle evaluerast.

Universitetet har sidan den tid gått gjennom ei kontroversiell prioritering av studiestader, mellom anna med den mykje omtalte nedlegginga av lærarutdanninga på Nesna som resultat.

Samstundes har Levanger fått posisjonen som den andre hovudcampusen, saman med Bodø, og er planlagt styrka dei komande åra.

Fem millionar til konsulentar

Nord universitet har sett av 1,5 millionar til evalueringsoppdraget. Det er ikkje første gongen Nord kjøper tenester frå konsulentselskap som skal hjelpe med organisatoriske spørsmål.

I 2019 blei Ernst & Young hyra inn til ein million for å hjelpe med omstrukturering og nedbemanning av Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag (FLU). Året før brukte universitetet kring fire millionar kroner på PwC og PR-byrået Apeland i arbeidet med ny studiestadstruktur.

Ei av oppgåvene til PwC blir no å ta kontakt og snakke med fleire av dei som har kritiserert leiarane ved universitetet for å vere for langt unna og lite synlege.

— Er det ikkje ein fare for å skyve omlandet og grasrota endå lenger unna når ein hyrer konsulentar for å finne ut av dette?

— Vi har hatt mykje dialog om dette. No vil vi gjerne ha fakta på bordet, slik at vi kan gå konkret til verks med å gjere noko med det.

— Kan det bli aktuelt å flytte for eksempel delar av den øvste leiinga frå Bodø til andre studiestader eller campus ved Nord universitet?

— Vi får sjå kva evalueringa viser. Eg har sagt at eg ikkje vil gjere noko før vi har funne ut av kva som er problemet.

Powered by Labrador CMS