Nord universitet
Trøndarar saknar Trøndelag i Nord-strategi
Politikarar fryktar Trøndelag skal bli gløymt i Nord universitets strategi og satsing på nordområda.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Det er viktig for oss å minne om at nedslagsfeltet til universitetet også famnar Trøndelag, seier fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) til Trønder-Avisa.
Fredag kjem statsminister Erna Solberg på besøk til Nord universitet, men ikkje til Levanger, Namsos, Steinkjer eller Stjørdal, der fire av studiestadane til universitetet er plassert. I staden blir det innspelsmøte og lunsj i Bodø. Tema er den komande nordområdemeldinga, ei hovudsatsing for regjeringa Solberg.
Samstundes er Nord universitet i full gang med strategi 2030 – der nettopp nordområda spelar ei sentral rolle.
Redd for ubalanse
Sør for Namdalen er bekymringa stor for at Nord skal bli for opphengt i Nord og dermed skape ubalanse mellom regionane som er inkludert i det langstrakte universitet, ifølgje Trønder-Avisa
— Det som for foregår nord for fylkesgrensa er av stor interesse for oss også. Nord universitet har ei regional rolle som primært skal favne Trøndelag og Nordland. Nordområdestrategien utvidar nedslagsfeltet til å gjelde også Troms og Finnmark, slik vi har skjønt det. Vår bekymring er at balansen mellom Trøndelag og Nord-Noreg, seier Sandvik.
No ber fylkeskommunen om at Nord universitet set Trøndelag på kartet i arbeidet med strategien. Særleg gjeld det tema som helse, velferd og oppvekst.
— For mykje fokus på nord
Ordførar i Levanger, Anita Ravlo Sand (Sp), deler Sandvik og fylkeskommunens uro for manglande trønderfokus, og har tatt dette opp med andre ordførarar i Innherrad. Levanger er utpeikt som hovudcampus ved Nord universitet saman med Bodø.
— Eg synest det er blitt for mykje fokus på nordområda, no vil vi ha meir fokus på det som foregår her, seier Levanger-ordføraren til Trønderavisa.
Nords strategiplan er oppe til første gongs behandling i universitetsstyremøtet torsdag.
I første del av styremøtet gav rektor ved Nord universitet Hanne Solheim Hansen uttrykk for at omgrepet «nordområde» kan bli oppfatta som for lite inkluderande, og at universitetet har ein jobb å gjere for å endre på dette.
Nyeste artikler
Ordet fanger: Forskningsfri eller undervisningsfri?
NMBU-styret vedtok program for omstilling
Norsk krisemøte om USA: — Kan skje uopprettelig skade
Et stortingsvalg for forskning og høyere utdanning
3020 søkere: — Jeg er glad
Mest lest
Harald Eia vil gi tilbake: — Jeg har vært en parasitt
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff
Trump vil stoppe all støtte til universiteter som tillater ulovlige demonstrasjoner
Tjener 300.000 i året på bistilling: — Må være veldig bevisst på hvor grensene går
Universitetet i Oslo betalte advokat 150.000 for ikke å gjøre noen ting. — En hån