Låg strykprosent i Volda – er det eit problem?
Stryk. Ein bør antakelig dreie debatten i retning av kvifor det er store skilnader i strykprosent på ulike fagområde, og ikkje berre samanlikne strykprosentar på ulike institusjonar, skriv rektor i Volda, Johann Roppen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I veke 47 brakar det laus – då har vi første ordinære eksamensveke for dei mange som skal opp til skuleeksamen på Høgskulen i Volda, hausten 2019. Lukke til til alle involverte!
Etter eksamen kjem for studentane den spennande ventetida – kva blir karakteren? Stått – eller stryk?
Vi og alle andre må ha ein løpande debatt om fagleg kvalitet, eksamensformer og oppfølgjing av studentar.
Johann Roppen
Høgskulen i Volda har dei siste åra hatt blant dei aller lågaste strykprosentar i landet. For våren 2019 har avisa Khrono presentert tal som syner at våren 2019 hadde Volda den lågaste strykprosent i landet med cirka 3,8 prosent stryk. I andre enden av skalaen ligg Universitetet i Sørøst-Norge med cirka 10 prosent stryk.
I artikkelen i Khrono blir professor emeritus Kai Olsen ved Høgskolen i Molde intervjua om dette. Olsen har fleire gonger tidlegare peika på at låg strykprosent også kan bety at institusjonar stiller for låge krav til sine studentar, og peikar også på at for institusjonane så betyr det å stryke ein student at det blir mindre inntekter og meir arbeid for høgskulen. Òg for studenten, bør det vel leggast til.
På andre kåringar er det andre høgskular som har kome spesielt godt ut – målt etter talet på beste karakter, altså A: «De beste høgskolene i Norge» (Studenttorget, 2016).
Ved Høgskulen i Volda har vi akkurat dei same forventningar til kvalitet og nivå på utdanningane som ved alle andre høgskular og universitet. Fagmiljøa kikkar kvarandre i korta gjennom utveksling av sensorar og vi blir alle kikka i korta av det nasjonale kvalitetsorganet Nokut.
Dei siste åra har vi også fått stadig sterkare konkurranse om studieplassane, så det er ikkje slik at «alle» kjem inn og at «alle» kjem ut frå Høgskulen i Volda.
Vidare har vi i Volda som ein liten og oversiktleg institusjon med små avstandar, opne dører og korte avstandar mellom studentar og tilsette, vore særleg merksame på den einskilde student som kanskje har problem med å få til framdrift i studeringa. Og studentane støttar også kvarandre. Eg trur dette er viktige forklaringar på ein låg strykprosent.
Men i den nasjonale debatten vert det også peika på at det er ulike strykprosentar på ulike fagområde. Dette poenget burde vore meir drøfta om denne strykdebatten skal utvikle seg i noko meir interessant retning.
Høgskulen i Volda er ein liten, fokusert institusjon der våre studietilbod ligg innanfor samfunnsfag og humaniora. Og innanfor desse fagområda, og ikkje minst profesjonsstudia, ser vi at det landet rundt er nokså låg strykprosent. Så ein bør antakelig samanlikne eple og eple her og dreie debatten i retning av kvifor det er store skilnader i strykprosent på ulike fagområde og ikkje berre samanlikne strykprosentar på ulike institusjonar.
Når det er sagt må vi og alle andre ha ein løpande debatt om fagleg kvalitet, eksamensformer og oppfølgjing av studentar. Nokut og Høgskulen i Volda skal i lag med fleire andre institusjonar ha ein grundig gjennomgang av institusjonane sitt kvalitetssystem hausten 2019-våren 2020 og der blir strykprosent ein del av det samla bildet.
Elles ønskjer eg alle studentar – og sensorar – lukke til med den komande eksamensperioden.
Innlegget er først publiser på bloggen til Høgskulen i Volda.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!