Debatt ● Sigmund Sunnanå

Kvifor søkjer altfor få opptak til lærarutdanning?

Tidlegare var det lærarane som stod for all «makt» i skolen. Nå har ein hamna i den andre grøfta, skriv Sigmund Sunnanå.

Det er mange årsaker til nedgangen i søkjartala til lærarutdanningane, meiner Sigmund Sunnanå. Her frå LæreriNord sin rekrutteringskampanje våren 2023.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Samordna opptak melder også i år om sterk nedgang i talet på søkjarar til lærarutdanning. Det er mange årsaker til dette. I dette innlegget vil eg nemna to: I bladet Utdanning nr. 4, 2023 er det eit oppslag om at i fjor kom det inn over 20000 meldingar om vald, trugsmål og krenkingar mot tilsette i skolane i landets tjue største kommunar. Dette betyr at tusenvis av elevar har opplevd at medelevar har trakassert lærarane deira med slag, spark, kloring og utskjelling utan at lærarane har kunna nytta høvelege reaksjonsmåtar. Mange lærarar føler seg utrygge på arbeidsplassen. Med slike arbeidsforhold står ikkje læraryrket fram som ein framtidig attraktiv arbeidsplass for ungdom som skal velja utdanning.

Stortinget har her ein jobb å gjera med å få inn formuleringar i lovteksten som tryggjer rettsvernet og arbeidsvilkåra for lærarane.

Sigmund Sunnanå

Tidlegare var det lærarane som stod for all «makt» i skolen. Dette kunne vera uheldig. Nå har ein hamna i den andre grøfta. Lærarane har nesten ingen «makt». Elevar og foreldre kan trakassera ein lærar på det grovaste utan at lov og regelverk legg til rette for særlege reaksjonar. I forslaget til ny opplæringslov er dette problemet dessverre berre omtalt i vage formuleringar. Stortinget har her ein jobb å gjera med å få inn formuleringar i lovteksten som tryggjer rettsvernet og arbeidsvilkåra for lærarane.

I Utdanning nr. 3, 2023. kan vi lesa at tal frå Studiebarometeret viser at aldri før har så mange lærarstudentar vore misnøgde med utdanninga si. Sidan 2013 har lærarutdanninga vore blant dei lågast rangerte utdanningane når det gjeld studentane si vurdering av eiga utdanning. Det er underleg at ansvarlege styresmakter ikkje har registrert dette signalet og gjort noko for imøtekome studentane sine ønskje. Når skolen er blitt ein utrygg og vanskeleg arbeidsplass, og lærarutdanninga lite interessant og tiltrekkjande, er det dessverre forståeleg at dette kan påverka ungdom som skal velja utdanning.

Studentane etterlyser mellom anna meir praksis. Etter mi meining bør lærarutdanninga for grunnskolen igjen bli fire år med påbygging til master som frivillig tilbod for studentar og vidareutdanning for lærarar. I eitt av dei fire åra bør studentane vera praktikantar på ein eller fleire skolar i ein kommune der dei kan få praktisk erfaring med lærararbeid saman med kvalifiserte lærarar. Ved ei slik ordning kan studentane også representere ein ressurs ved skolen/skolane i kommunen.

Powered by Labrador CMS