Debatt ● Jacobsen, Kvamme og Lewis
Kven skal redde verda no?
Når søknadsfristen for høgare utdanning går ut 15. april, er vi redd mange 19-åringar går glipp av store moglegheiter, skriv tre tilsette ved HVL.

Dei
unge si interesse for kjemifaget er synkande som pH-en i vatn med sur nedbør. Når
søknadsfristen for høgare utdanning går ut 15. april, er vi redd mange
19-åringar går glipp av store moglegheiter. Bedriftene roper etter nye
ingeniørar til det grøne skiftet.
Jan Eggum syng «Kor e alle helter hen?» Vi spør oss «Kor e alle ingeniørar hen?» I denne samanheng etterlyser vi spesielt kjemiingeniørar som rett og slett kan vere med på å redde verda!
Det grøne skiftet går ut på å forandre verda i ei meir miljøvennleg retning etter FN sine berekraftsmål. Desse handlar blant anna om fornybar energi, reint vatn og klima. For å kunne møte omstillingane i framtida treng vi ingeniørar som kan kjemi og kjemiske prosessar. Kva tenkjer vi på når vi høyrer ordet energi? Olje, gass, hydrogen, batteri, vasskraft og mykje meir. Fellesnemnaren for alle orda er, ja du gjetta riktig – KJEMI! Batteriteknologi er i rivande utvikling og behovet for meir kompetanse er for tida skyhøgt. Offentleg sektor treng arbeidskraft innan vatn og avløp der ein får mogelegheit til å jobbe med moderne vatnreinseteknologi. Tenk å få jobbe med den viktigaste ressursen i verda - vatn! Vestlandet har viktig industri innan olje og gass, fisk samt metall og mineral som også treng ny arbeidskraft i omstillinga til det grøne skiftet. NITO si behovsundersøking for 2022 viser til eit kritisk behov for ingeniørar i arbeidsmarknaden.
Løysinga på kompetansemangelen er å utdanne fleire med riktig kompetanse, og regjeringa set krav til høgare utdanningsinstitusjonar i den samanheng. Utfordringa er at landet i lengre tid har hatt ei realfagskrise, og vi som jobbar med kjemiingeniørutdanning merkar effekten av denne. Søknaden til kjemiingeniørutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen går normalt opp og ned i takt med svingingar i arbeidsmarknaden. Etter oljekrisa i 2014, med enorme ringverknadar for samfunnet og nedgangstider i fleire bransjar, var søkjartalet historisk lågt. Paradokset no er at interessa for utdanninga er for låg, medan etterspurnaden etter kjemiingeniørar er høg.
Når det gjeld heltane våre, kvifor søkte dei ingeniørutdanning? Fleire svarar klasseromundervisning, yrkesretta utdanning og at ein får jobb etter tre år med høgare utdanning. Vi får bekrefta at ingeniørstudentane er fornøgde med studievalet sitt gjennom spørjeundersøkingar som Studiebarometeret 2022. Dessutan går dei framtida lyst i møte då vi opplever at mange har jobb før dei er ferdig utdanna.
Ja, det er ingeniørane som skal redde verda. Ja, kjemiingeniøren er med og spelar ei sentral rolle i den grøne omstillinga. Tenk om kompetansebehovet på Vestlandet i framtida må dekkast av internasjonal arbeidskraft. Ungdomen vår skal ta eit viktig val den 15. april. Veit ungdomen din kva han eller ho kanskje går glipp av? For vi vil vise fleire at kjemi er gøy!
Nyeste artikler
Mener hun fikk sparken fra Columbia fordi hun hjalp demonstrerende studenter
Bluesky danker ut X: Deler mer ny forskning. — Blitt en søppelkasse
Norsk forsoning og struping av amerikansk akademia
Avbryter søknad i mangfoldsprotest. — Skuffende at de gir etter for press
Disse topplederne fikk i snitt 90.000 mer i årslønn
Mest lest
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Trumps økonomirådgiver fikk toll-argumenter av sin «fantasiprofessor» Vara
Ikke kall det bachelor og master før vi vet hva vi snakker om
Trump tar nesten tjue milliardar frå to universitet
Her fullfører flest studenter på normert tid