Debatt Jonas Økland

Kvar vart det av studentane?

Det er skuffande og merkeleg at regjeringa leverer eit valårs­budsjett der kunnskap er sett til sides, meiner Jonas Økland.

Jonas Økland er velferds- og likestillingsansvarleg i NSO.
Jonas Økland er velferds- og likestillingsansvarleg i NSO.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg har tidlegare spurd om statsbudsjettdagen i oktober er haustens vakraste dag. Det er ikkje til å leggje frå seg at spaninga med eit rykande ferskt budsjettforslag kan gire opp kven som helst på sjølv den gråaste dag, sjølv om framlegget ikkje står til forventingane. Når me derimot kjem ut i desember, og det fortsatt er grått ute, så er spaningsmomentet brukt opp, og alt som kan gire ein opp er eit godt budsjett. Som 2020 har levert, leverer det igjen. Statsbudsjettet enda som ein hån mot utdanningssektoren.

Regjeringa har, sjølv etter Framstegspartiet (FrP) forlet dei for snart eitt år sidan, vore hardnakka på at Granavolden består som regjeringsplattforma. Eg skjønar godt at regjeringa ikkje vil setje eg ned å spikre opp det som ville blitt ei fjerde plattform for Erna, men i all den tid det ikkje skjedde, bør regjeringa vere meir merksame på kva ho sjølv skriv.

Erna kunne nok sikkert ynskt at ho om Granavoldplattformen, av og til kunne seie at «ho ikkje ville brukt akkurat dei orda». «Regjeringen vil øke investeringene i universiteter og høyskoler, og satse på kunnskap og forskning», er formuleringa her. Dette er det vel neppe nokon i sektoren som kjenner seg igjen i i dag. Sjølv ikkje deira eigne i sektoren er spesielt imponerte i dag, då tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, og NOKUT-direktør, Kristin Vinje, er vorte kutta. Dette, utan at verken regjeringa eller FrP hadde førespegla at dette var noko dei ville. Kanskje NOKUT er den nye olja? Ikkje berre har Vinje hamna på kuttblokka. ABE-kutta er vidare trappa opp. Etter at institusjonane og studentane har ropt varsku i år igjen svarar altså budsjettfleirtallet med å kutte ytterlegare.

FrP får skryt for å ha gjort det skarpt i budsjettforhandlingane, og at det synest at dei er sterkare i opposisjon. Jens Kihl (BT) sa det slik: «Frp slo knockout på Høgre, Venstre og KrF». Etter FrP sine eigne ynskje, les eg ikkje dette som ein siger. Ikkje for oss i utdanningssektoren. Eg var ikkje veldig nøgd med regjeringa sitt framlegg på verken studentbustader eller studiestøtta, då bustadar var det lågaste denne regjeringa har levert på seks år, og studiestøtta ikkje såg anna enn ei prisjustering. For, når eg smått hadde byrja å slå meg til ro med forslaget deira, troppar FrP opp med sitt alternative budsjett og ynskjer både ein auke og knytting til 1,5 gongar grunnbeløpet i folketrygda(G), samt eit knippe fleire studentbustadar. Eg burde vel tatt meg sjølv i nakken og senka forventingane mine meir enn eg gjorde, men med desse lovnadane frå eit parti med ei så sterk forhandlingsmakt, som skulle finne løysingar med Kjell Ingolf og Guri, som allereie meiner at 1,5G er vegen å gå i sine partiprogram, tenkte eg, beklagelegvis, at dette var barnemat.

Det er ingen tvil om at det er mange studentar som kjem til å vere opprømte over at snusen og pilsen deira blir billegare. Og det er heller ikkje tvil om at regjeringa frå 2013 har synt at dei har ynskt eit utdanningsfokus, men som er vanskeleg å finne igjen. Dette er gjengen som gav studentane elleve månaders studiestøtte. Det er difor skuffande og merkeleg for ei regjering som er så oppteken av kunnskap å levere eit endeleg budsjett for eit valår, der kunnskap er heilt sett til sides. Etter mange gode år ynskjer me ikkje eit slikt ettermæle.

Powered by Labrador CMS