Påtroppende rektor i Volda Johann Roppen Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Økonomiske forklaringar på kvalitet

Kvalitetsdebatten har dreia i retning av undervisningskvalitet. Men kva er undervisningskvalitet, spør Johann Roppen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvalitetsdebatten har dreia i retning av undervisningskvalitet. Det er i det minste ei retning på debatten. Men økonomiske føresetnader for å levere kvalitet manglar både i debatten og i statistikkgrunnlaget, særleg Tilstandsrapporten for høgare utdanning. Alle veit at institusjonane i høgare utdanning har svært ulik grunnfinansiering, men det er ikkje politisk vilje til å endre på dette. Men kvalitetskriteria skal visst vere nokså like – uansett finansiering.

Men kva er undervisningskvalitet? OECD og produktivitetskommisjonen har særleg vore opptatt av gjennomstrøyming: At studentane faktisk blir ferdig med utdanninga si. På normert tid.

Ut frå dette kriteriet er vi glade for å kunne notere at bachelorstudentane ved Høgskulen i Volda er flinkast i landet til å fullføre på normert tid. Her har vi vore på topp i landet dei siste åra – i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eksterne kvalitetsvurderingar har ikkje synt at vi er slepphendte med karakterane – men vi treng naturlegvis ikkje om å vere svake for å bli betre.

Følg kvalitetsdebatten i høgare utdanning blant anna i Khrono.

Handlar dette om drusteleg god finansiering? Høgskulen i Volda er definitivt ikkje blant høgskulane som har best finansiering. Og det var faktisk også situasjonen i 1896 då ein akkrediteringskommisjon sa følgjande om lærarskule i Volda: «Lærernes dygtighed synes at give grund til at antage, at seminariet [Høgskulen i Volda] til trods for de væsentlige ydre mangler, (…) vil kunne opnaa at føre sine elever til det tilsigtede maal».

Kronikkserie 
om kvalitet

I forbindelse med Kunnskaps-konferansen, samarbeider Khrono og Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) om en kronikkserie om kvalitet i høyere utdanning og forskning.

Først ut var rektor på HiOA, Curt Rice.

Følg debatten om kvalitet her.

Mykje har skjedd på 100 år – men god finansiering har vi fortsatt ikkje i Volda. Men måla når vi. Den tids kunnskapsdepartement tilbake i 1896 ville forresten ikkje at Volda skulle bli statleg lærarskule, trass i fagleg basert tommel opp frå akkrediteringskommisjonen frå Bergen. I staden starta Henrik Kaarstad ein privat lærarskule som i 1922 vart den største i Skandinavia. Det handla truleg mest om «lærernes dygtighed».

 

(Volda lærarskule: Skandinavias største lærarutdanning i 1922. Foto: Wikimedia)

I tillegg til flinke lærarar kan det også tenkjast ei tileggsforklaring på kvifor Volda leverer gode resultat trass i låg grunnløyving, og den kan også hentast i økonomien:

Ein voldastudent har faktisk råd til å vere fulltidsstudent. Husleiga er låg i Volda. Det er nok av hybler nær høgskulen. Busskort trengst ikkje. Du kan gå frå eine til andre enden av campus på fem minutt. Og fleire studentar på små stader som Volda vil også føre til mindre press på bustadmarknaden på større stader. Det er ikkje nødvendig å gjenreise heiltidsstudenten i Volda – ho har alltid vore der.

Min konklusjon er at så lenge økonomi ikkje blir drege inn i kvalitetsdebatten så er dette delvis ein skinndebatt. Det burde ikkje vere rart at godt finansierte institusjonar også leverer gode resultat og det er nok nødvendig om ein skal få fleire Nobel-prisar eller bli best på Hav. Men med vanskelege komande år i norsk økonomi er det viktig å merke seg at det også finst små fagmiljø som over tid leverer gode resultat – trass i små budsjett.

Uansett bør kvalitetsdebatten også handle om økonomi.

(Innlegget først publisert på Roppens rektorblogg)

Kronikkserie om kvalitet

I forbindelse med Kunnskapskonferansen 2. juni, samarbeider Khrono og Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) om  en kronikkserie om kvalitet i høyere utdanning og forskning. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS