koronasmitta i bergen

Kraftig kritikk mot universitet og høgskular :
— Skulle avlyst fadderveka

Professor skuldar universitetet og høgskular i Bergen for å driva med ansvarsfråskriving og bortforklaringar etter koronautbrotet i byen. Rektor Dag Rune Olsen avviser kritikken.

— Både politiet og helsemyndigheitene har den siste tida uttalt at dei organiserte aktivitetane i faddervekene kan ha vore med på å avgrensa smittesituasjonen i Bergen, seier rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Professor ved Universitetet i Bergen (UiB), Lise Rakner, kjem med sterk kritikk av rektorane ved dei høgare utdanningsinstitusjonane i Bergen, og meiner dei må ta ein stor del av ansvaret for smitteutbrotet i byen.

Samstundes skuldar ho dei for å drive olympiske øvingar i bortforklaringar og ansvarsfråskriving.

I eit lesarinnlegg i Bergens Tidende (BT) tysdag skriv ho at fadderveka burde vore avlyst før ho starta.

Som Khrono har skrive tidlegare, er det vel 250 påviste smitta studentar landet rundt. 241 av dei finn vi i Bergen.

«La oss kutte ut bortforklaringer. Det handler ikke om studenter som lå oppå hverandre i to uker i Nygårdsparken, mens de holdt enmetersregelen på forelesning. Det handler ikke om private fester. Det handler ikke om fadderledere som gjorde så godt de kunne. Byens utdanningsinstitusjoner kan ikke fraskrive seg dette ansvaret», skriv Rakner og held fram:

«Vi tok et valg om å avholde fadderuke i en global pandemi», skriv Rakner.

Ved å åpne for festing, store sammenkomster og alkoholkonsum, normaliserte vi risikoatferd i en situasjon der covid-19 fremdeles herjer...

Lise Rakner, professor ved Universitetet i Bergen

Ho meiner at dei no handsamar «elefanten i rommet» –faddervekesituasjonen – som eit av skjeletta i taket på Bergen Museum.

Etterpåklokskapens lys

Lise Rakner rettar kritikk mot utdanningsinstitusjonane.

Rakner skriv at i etterpåklokskapens krystallklare lys, så skulle dei ha sagt:

«I år begynner semesteret 18. august, og det blir ingen fadderuke. I stedet skal vi gjøre alt for at dere skal få så mye fysisk undervisning som mulig. På dette skal vi være best i landet.

Khrono var i kontakt med Lise Rakner tysdag. Ho ønskjer ikkje å kommentera saka utover det ho har skrive i lesarinnlegget i BT.

— Det er naturleg at det er utdanningsinstitusjonane i Bergen som svarar for avgjersla om å arrangera fadderveka. Og det gjeld ikkje berre UiB, skriv Rakner i ei tekstmelding.

Rektor Olsen avviser kritikken

— Det blir feil å skulda på fadderveka, seier den øvste sjefen hennar, rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, til Khrono.

Han meiner at innlegget til Rakner ikkje teiknar eit heilt korrekt bilde av slik situasjonen har utvikla seg.

Han er også svært oppteken av å understreka at han meiner det ikkje er fadderveka i seg sjølv som er årsak til det store koronautbrotet me ser i Bergen i dag.

— Både politiet og helsemyndigheitene har den siste tida uttalt at dei organiserte aktivitetane i faddervekene kan ha vore med på å avgrensa smittesituasjonen. Slik sett kan me nesten snu på det og spørja om me ikkje burde ha avlyst kveldsarrangementa frå og med onsdagen i oppstartsveka, seier Olsen til Khrono.

Det hadde blitt heilt feil viss ein gjeng aldrande professorar skulle lagt seg opp i kva som skjer blant ungdomen på kveldstid.

Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen

Han peikar også på at smittesituasjonen har eskalert relativt lenge etter at sjølve faddervekene blei arrangerte, og viser mellom anna til inkubasjonstida til viruset, som kan vera på opp til to veker.

— Det er private festar og festing på byen som har ført til at smitten har spreidd seg blant unge folk og studentar. I tillegg til eit privat arrangement med NHH-studentar, seier rektor Olsen, og held fram:

— Såleis meiner eg at det blir feil å skulda på fadderveka. Dersom det var slik at fadderveka var ei veke med fest og fyll, så ville det sjølvsagt vore ei anna sak. Men slik er det ikkje. Fadderveka, eller oppstartsveka som me kallar det, er veldig mykje meir enn dei festlege arrangementa som skjer på kveldstid. Det er registrering, ein skal møta undervisarane og medstudentane, det er introduksjonskurs og annan fagleg aktivitet. Me kunne ikkje ha avlyst oppstartsveka og utsett studiestarten til 18. august, slik Rakner foreslår.

— Det hadde blitt feil

Olsen er også tydeleg på at studentane har eit ansvar også utanom dei organiserte fadderaktivitetane på kveldstid, og seier at det aldri var aktuelt for Universitetet i Bergen som institusjon å avlysa fadderveka på førehand.

— Det hadde blitt heilt feil viss ein gjeng aldrande professorar skulle lagt seg opp i kva som skjer blant ungdomen på kveldstid. Dette klarar dei utmerka godt sjølve, og det meiner eg også at dei viste då dei arrangerte fadderveka på ein forsvarleg måte, seier Olsen.

— Legg du ansvaret for smitteutbrotet i Bergen over på studentane som har hatt private festar i etterkant av fadderveka?

— Eg seier berre at det blir feil å trekka fram fadderveka som den utløysande årsaka.

— Du bortforklarer ikkje, slik Rakner meiner? Kunne utdanningsinstitusjonane vore tydlegare på at festing blant studentane kanskje ikkje var så lurt?

— Det folk gjer i privat regi, kan me ikkje legga oss opp i. Det har me ikkje myndigheit til.

— Kunne UiB gått ut og sagt at det blir forbode å festa i samband med studiestarten som følge av at me har ein pandemi gåande?

— Nei, me kan ikkje fråta myndige menneske til å ta frie val, svarar UiB-rektor Dag Rune Olsen.

NHH: — Ein lei situasjon

Rektor ved Norges Handelshøyskole, Øystein Thøgersen, uttalte i byrjinga av september at han ikkje angra på at fadderveka blei gjennomført ved NHH.

I likskap med rektorkollega Dag Rune Olsen poengterte Thøgersen at smittespreiinga kom seinare enn fadderveka.

— Gjennomføringa av fadderveka står me for. Å ha ei vanleg fadderveke, ville ikkje ha vore lurt, men smittespreiinga kom seinare enn fadderveka, sa Thøgersen til BT.

NHH gjennomførte fadderveka i ein såkalla nedskalert versjon, men med alkoholservering på arrangement i perioden 10. til 15. august.

Øystein Thøgersen har vore oppteken med møter heile tysdag, og har ikkje hatt moglegheit til å uttala seg om Lise Rakner sine synspunkt om fadderveka.

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved NHH, Geir Mikalsen, seier på generelt grunnlag at det var ein smitterisiko i seg sjølv at titusenvis av studentar kom til Bergen i samband med studiestarten.

— Me er leie oss for at smittespreiinga starta i studentmiljøet. Smitta på NHH starta i fleire ulike miljø, også blant studentar som ikkje deltok i fadderveka. Sjølve fadderveka hadde arrangement med gode smitteverntiltak, og me frykta at det ville vera større risiko for utbrot dersom studentane ikkje fekk eit organisert tilbod, seier Mikalsen til Khrono.

Status per 14. september er at 138 studentar ved NHH har fått påvist smitte av covid-19.

«Nordens Wuhan»

Fleire har peika på at studentfestinga i samband med studiestarten er skuld i det store smitteutbrotet. Dei to NHH-studentane Jacob Mæhle og Peter Syse gjekk i byrjinga av september ut og kritiserte medstudentane sine for mellom anna ikkje å ha følgt smittevernsreglane på fest.

— Studentane må forklara korleis NHH på ei vekes tid kunne gjerast om til Nordens Wuhan, skreiv dei to og peikte også på at det ikkje er noko poeng i å bortforklara det som har skjedd.

Powered by Labrador CMS