studiestart

Studentleiar hardt ut mot helsestyresmaktene

Ein kan ikkje berre seia at ein er uroa, men ikkje koma med retningslinjer, seier Andreas Trohjell, som leiar Norsk studentorganisasjon, om uro rundt fadderveker, fest og studiestart.

NSO-leiar Andreas Trohjell meiner at helsestyresmaktene burde vore konkrete, ikkje berre sagt at dei er uroa over at ferske studentar skal samlast til studiestart, og fadderveker, frå komande veke.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg er uroa for faddervekene.

Det svara avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) under regjeringa sin pressekonferanse fredag på direkte spørsmål. Fadderveker og fest var også eit av temaa som vart tekne opp innleiingsvis, og skjenketidene over heile Noreg vart som kjent innskrenka til midnatt.

— Det kom ingenting nytt av regelverk på pressekonferansen. Faddervekene har vore planlagt sidan april. Det må koma retningslinjer eller krav dersom ein vil ha ei endring. Alle faddervekeaktivitetar er planlagde utifrå gjeldande smittevernreglar, som framleis gjeld, seier Andreas Torhjell.

Han leiar Norsk studentorganisasjon (NSO). Organisasjonen sendte fredag ettermiddag ut ei pressemelding om at dei fryktar konsekvensane dersom faddervekene vert avlyst.

— Psykisk helse og tilhøyrsle er viktig for gjennomføringa av utdanninga di, og her er studiestart eit av dei mest effektive tiltaka. Utan fadderveker fryktar me at talet som lir av einsemd vil auke, og at det gir fleire grunnar til fråfall, heitte det der.

— Me ønskjer ikkje fadderveker fordi det er fyll og fest. Det er fest òg, men mest av alt bidreg faddervekene til ein positiv studiestart, seier Trohjell til Khrono.

BI avlyser òg

Khrono skreiv lørdag at OsloMet droppar alkoholservering på alle arrangement med meir enn tjue deltakarar. Universitetet i Bergen lånar ut lokale til studentane, men dei må vera ute derifrå ved midnatt og kan ikkje, med unntak av på dei fakultetsvise studentpubane, drikka alkohol.

BI skriv i ei pressemelding, sitert av TV2, at dei avlyser alle utelivsarrangement. BISO, som er BI sin studentorganisasjon, vil vera ein del av den kollektive dugnaden, og meiner det er uforsvarleg å arrangera arrangement med alkoholservering for meir enn tjue personar.

Ved Universitetet i Oslo avlyser ein ikkje arrangement.

— Me trur det er betre at dei er på campus og med på våre arrangement enn at dei samlar seg i små leilegheiter eller går på byen, sa rektor Svein Stølen i ei pressemelding lørdag. samles i små leiligheter eller går på byen.

NRK skriv òg om faddervekene, og viser at det vert det Trohjell no peikar på: Lokale skilnader.

Meiner ein burde avlyst viss smitte

— Det helsestyresmaktene burde gjort, var å seia at dersom ein ser ei oppblomstring av smitte, så vert faddervekene avlyst. No sit fadderstyra og gjer om på planar dei har lagt for lenge sidan, og det vert teke ulike val lokalt, seier Trohjell.

30.juli sa forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim til VG at han håpa at ein kan få til fadderveker slik ein plar.

— Det vert kanskje ikkje dei store konsertane og sånn, men det vert likevel fadderveker. Ein kan vera 20! Det er veldig viktig — ein viktig del av å gjera det bra på studiet er å trivast og ha det fint saman med medstudentane dine, sa Asheim.

Khrono prøvde å koma i kontakt med Asheim fredag, men fekk beskjed frå departementet at han har ferie. Statssekretær Aase Marthe Johansen Horrigmo svara i staden:

— Studenter er vaksne menneske, så eg forventar at dei organiserer fadderaktivitetane på ein forsvarleg måte i forhold til smitteverntiltak. Eg skjønar at det vil avgrensa aktivitetane noko, og eg forstår at det er både kjedeleg og skuffande. Men eg håpar og trur studentane finn måtar å verta kjende med kvarandre på utan at det går på bekostning av smitteverntiltaka, skreiv Horrigmo i ein e-post til Khrono.

Trohjell understrekar at NSO òg tek for gitt at smitteverntiltak vert følgde, og seier at offisielle fadderarrangement skal vera avslutta ved midnatt.

Powered by Labrador CMS