Endelig mandag. åsne høgetveit
Korleis kan vi hjelpe ukrainske studentar og akademikarar?
«No dukkar folka som imponerte meg stort for ti år sidan opp i facebook-feeden min med postar med bøn om internasjonal hjelp, og om korleis dei sjølve bidreg med arbeid og bloddonasjon.»
Fyrstebibliotekar, UiT Norges arktiske universitet
Eg er ei av dei som ikkje såg Russlands storstila invasjon kome. Eg trudde i det lengste at Putin greidde seg med å halde Ukraina ustabilt ved å støtte separatistane i Donbass – og tenkte dette var ille nok i seg sjølv.
Lenge drøymde eg om å reise til Krim, til Sevastopol, og eg høyrde medstudentar på Russlandsstudiet fortelje om ville eventyr på togtur rundt i kring i Ukraina. Det hadde eg òg hug til å oppleva.
Ettersom Russland og Ukraina har delt såpass mykje historie og kultur fekk me som studerte Russlandsstudiar med oss ein del kunnskap om Ukraina på kjøpet. I sin tur gjorde det Ukraina meir tilgjengeleg for oss, som reisemål og som kultur å vera open for og nysgjerrig på.
Etter kvart, som studenttillitsvald, arbeidde eg via den europeiske studentorganisasjonen, European Students’ Union (ESU), med den ukrainske studentorganisasjonen, Ukrainian Association of Students (UAS). Representantane frå UAS var jamt over driftige, med eit høgt engasjement og verdiane på plass.
No dukkar folka som imponerte meg stort alt då for ti år sidan opp i facebook-feeden min med postar med bøn om internasjonal hjelp, og om korleis dei sjølve bidreg med arbeid og bloddonasjon.
Eg slit likevel med å ta innover meg at det er skikkeleg krig i Ukraina, at situasjonen endrar seg heile tida, og at det verste ser ut til å ligge framfor oss. Eg trur det blir mykje verre før det blir betre. For sjølv om krigen forhåpentlegvis blir kortvarig, så er øydeleggingane alt så store at det vil koste enormt av tid og ressursar å bygge opp att Ukraina.
Det er vanskeleg å vita kva eg skal håpe på, og eg kjenner ei enorm maktesløyse. Men me er nøydd til å gjera det me kan, her heime og internasjonalt.
Det var bra å lesa at ukrainske studentar og tilsette i Noreg organiserer seg, og opprettar formell kontakt med institusjonar og styresmakter. Det er forhåpentlegvis nettverk som kan spele ei god rolle i solidaritetsarbeidet me har framfor oss.
Me treng å møte situasjonen både med strakstiltak og tiltak med ein lengre tidshorisont. I fyrste omgang er det avgjerande å ta vare på ukrainske studentar og tilsette som alt er i Noreg. Og det ser ut til at blir gjort både på institusjonsnivå og på nasjonalt hald. Kanskje viktigast ved at alle ukrainske statsborgarar som er i landet får bli inntil vidare uavhengig av opphalds- eller visumstatus og at alle ukrainske statsborgarar er omfatta av eit kollektivt vern.
Eg trur me hjelper fleire på ein betre måte om me tenker utover kva me kan gjera på den einskilde institusjonane, og arbeider for internasjonale initiativ for opne løysingar: opne utdanningstilbod, open vitskap, opne kjeldekodar.
Åsne Høgetveit, fyrstebibliotekar ved UiT
Det neste steget er å ruste oss til å ta imot ukrainske flyktningar. I dette arbeidet vil sjølvsagt dei som vanlegvis arbeider med internasjonalisering og mobilitet ved institusjonane vera viktige resursar, men òg dei nyoppretta nettverka til ukrainske studentar og tilsette vil vera viktige.
Desse nettverka ber ikkje eit formelt ansvar, men kan hjelpe med å få oversikt over behova til dei som kjem; ein mjukare introduksjon til eit nytt land; og få kommunisert tilbod om hjelp og støtteordningar.
På litt lengre sikt skal truleg ein god del ukrainske studentar bli innrullerte på norske høgre utdanningsinstitusjonar. Kunnskapsminister Ola Borten Moe har alt bede institusjonane melde inn kapasiteten på studieprogram. I tillegg trengs ein oversikt over kapasiteten hjå samskipnadane.
Kva type tilbod desse studentane treng vil vera påverka av korleis krigen utviklar seg. Ser ein føre seg at mange av desse vil bli og skulle arbeide i Noreg når dei er ferdige med utdanninga, eller er målet å gje eit tilbod som let dei fullføre utdanninga si og kan reise attende til Ukraina? Det vil ha noko å seie for korleis me til dømes legg opp språkopplæringa: enkelt forklart fordi dei vil trenge meir avansert norsk om målet er integrering.
Eit anna spørsmål er om målet er å tilpasse etablerte studieprogram, gjerne på engelsk, eller òg å nytte ressursar for å utvikle digital undervisningstilbod som i større mon gjer det mogleg for ukrainske studentar å fullføre studieprogram dei alt har byrja på. Me må kanskje gjera båe delar.
Det enklaste, og derfor det som me kan få til raskast, er truleg å ruste opp det tilbodet me alt har på engelsk program og opplegg tilpassa utvekslingsstudentar. Men utover å gje ukrainske studentar noko å halde på med er det ikkje sikkert det er ei særleg god erstatning for utdanning mange av dei var i gong med.
Eg trur me hjelper fleire på ein betre måte om me tenker utover kva me kan gjera på den einskilde institusjonane, og arbeider for internasjonale initiativ for opne løysingar: opne utdanningstilbod, open vitskap, opne kjeldekodar. Hugs på at Ukraina er eit folkerikt land, med over halvannan million studentar. For studentar som er godt i gong på ulike studieprogram vil det beste vera om dei får eit tilbod som gjer at dei kan fullføre det programmet dei byrja på.
Eg vil tru at i mange tilfelle vil det beste vera å få eit digitalt tilbod med utgangspunkt i det programmet dei alt gjekk på, og i tillegg frå tilgang til infrastruktur der dei måtte vera – anten det er i Tromsø eller München. Infrastruktur i form av til dømes ein stad å bu, tilgang til bibliotek, lab, lesesalar, og IT-tenester.
Me har gjort mange erfaringar med rask omlegging til digitale plattformar dei siste to åra, og dette bør me bygge vidare på. Ved å arbeide med opne initiativ kan me nytte eksisterande infrastruktur og nettverk for utvikling av tilbod; det kan føre til mindre press på einskilde institusjonar, særleg i nærområda, som har avgrensa med ressursar; og viktigast kan det forhåpentlegvis gjera at ukrainske akademikarar og studentar raskare får eit tilfredsstillande tilbod. Men dette arbeidet hastar!
Tiltaka me set i verk er ikkje der for at me skal kunne slå oss på bringa, og bøte på vår eigen maktesløyse. Dei må faktisk hjelpe folk. Derfor er det viktig å støtte opp om internasjonale initiativ som har større sjans for å nå fram til dei som treng det, som til dømes #ScienceForUkraine. Denne sida seglar opp som ei viktig side for å koordinere ulike støtteinitiativ for ukrainske studentar og akademikarar. Der kan institusjonar og einskildpersonar legge til kva type støtte dei kan tilby: husvære, stipend, stillingar osb.
Eg håpar å sjå fleire initiativ frå Noreg – når eg skriv dette ser eg berre tre, eitt i Harstad, eitt i Tromsø, og eitt i Oslo. Eg håpar at innan denne teksten blir publisert har det dukka opp fleire. I tillegg blir arbeidet innom det godt etablerte programmet for Scholars at Risk viktig, og her er det mogleg både å donere pengar til arbeidet og ynskje om å bidra på andre måtar.
Eg må tole å kjenne på maktesløyse, men eg kan ikkje la det kjensla hindre meg i å gjera dei kanskje små tinga eg kan. Det er knallhardt når verdiane og systema våre blir sett på prøve, ikkje berre i hypotetiske diskusjonar, men i praksis, i form av ein aggressiv angrepskrig og millionar av menneske på flukt.
Les også:
Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside
Nyeste artikler
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Nøttesteik — på godt og vondt
Distriktsløft krever mer enn flere studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut