sjå direkte

Fleirtalet ved høgskulen vil framleis ha vald rektor

På den eine sida autonomi og kjennskap til fagmiljøa. På den andre sida eit større rekrutteringsgrunnlag. Høgskulestyret i Volda skal seia kva dei meiner om framtidig leiarmodell ved høgskulen.

Høgskulen i Volda skal drøfta kva leiingsmodell dei skal ha i framtida.

Høgskulen i Volda er i eit klart mindretal blant dei høgare utdanningsinstitusjonane i Noreg: Dei har vald rektor.

Fakta

Valgt eller ansatt rektor

Valgt rektor som også er styreleder:

  • Høgskolen i Molde
  • Høgskulen i Volda
  • Kunsthøgskolen i Oslo
  • Norges idrettshøgskole
  • Norges musikkhøgskole
  • Samisk høgskole
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Oslo

Ansatt rektor og ekstern styreleder:

  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
  • Høgskolen i Innlandet
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Nord universitet
  • Norges Handelshøyskole
  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • OsloMet – storbyuniversitetet
  • Universitetet i Stavanger
  • Universitetet i Sørøst-Norge
  • Universitetet i Tromsø
  • Høgskolen i Østfold
  • Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Spørsmålet er kor mykje lenger dei skal ha det. Som Khrono allereie har skrive, er leiingsmodell eit tema både i Volda og ved Universitetet i Agder (UiA). Ved UiA skal vedtak fattast til hausten. Her var saka debattert i styret i 2018, altså før siste rektorval. Då enda det med knapt fleirtal for framleis vald leiing.

I Volda skal styret drøfta saka på møte 5.mai. Det møtet kan du sjå direkte her.

Endeleg vedtak i saka skal ikkje fattast før i juni.

For og imot

Ei arbeidsgruppe har funne fordelar og ulemper ved både vald og tilsett rektor. For tilsett rektor peikar gruppa på at rekrutteringsgrunnlaget kan vera større enn ved vald leiing. Ein tilsett rektor vil òg kunne jobba meir strategisk, og ein kan unngå rollekonflikter ved at rektor sit «på begge sider av bordet».

På den andre sida peikar gruppa på at ein vald rektor vil kunne vera ein sterkare fagleg leiar, ha betre forankring i organisasjonen og at organisasjonen vert mindre hierarkisk dersom øvste leiing er vald. Autonomi og akademisk fridom vert òg peika på.

Nokre leiarar vil ha tilsett leiing

Rapporten har vore på høyring, og attendemeldingane viser eit fleirtal for vald rektor. Argumenta er nokonlunde dei same som i arbeidsgruppa sin rapport: Det vert peika på fagleg leiing, ein er redd for at ein tilsett leiar vil gi departementet større makt, og nokre er redde for kva tilsett leiing vil kunne ha å seia for sjølvstendelinja til høgskulen.

Men leiarane i fellesadministrasjonen, minus forskingssjefen, vil ha tilsett leiing. I høyringssvaret skriv dei at «det er ingen tvil om at dobbeltrolla som rektor og styreleiar (arbeidande styreleiar) er utfordrande. Dei to rollane kan til tider vere vanskelege å forstå og å skilje, og unngå samanblanding, både for den som innehar rollene – og ikkje minst for organisasjonen rundt. Det føreligg også ulike særinteresser innan organisasjonen som det er forventa skal ivaretakast av desse rollene».

Også ved Avdeling for mediefag og i NTL er det nokre som ønskjer tilsett leiing. Begge desse einingane er delt i to. Avdelingsadministrasjonen ved Avdeling for mediefag viser til at det har vore vanskeleg å finna kandidatar ved dei siste rektorvala. I høyringsuttalen heiter det at «avdelingsadministrasjonen er av den klare oppfatning at ein i større grad ville kunne fronte tydlege faglege standpunkt inn mot styret, dersom rektor var øverste leiar både fagleg og administrativt, mens ein ekstern styreleiar sørga for styrets tilsyn med dagleg leiing».

Rektor Johann Roppen er vald som rektor for andre gong, og vil ikkje kunne veljast fleire gongar.

Ekstra møte hos departementet

Heile sakslista til styremøtet finn du her. Styret skal mellom anna drøfta campusutviklingsplanar og tilsetja høgskuledirektør i mellombels stilling. Som Khrono har skrive, har høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen sagt opp stillinga si.

Styret skal òg velja kven som skal representera høgskulen på etatstyringsmøte hos Kunnskapsdepartementet. Vanlegvis plar institusjonane ha fysiske møte annakvart år. Men Høgskulen i Volda er kalla inn også i år for å mellom anna drøfta vitskapeleg publisering og gjennomstrøyming av masterkandidatar. Den vitskaplege publiseringa har gått mykje ned frå 2020 til 2021, og begge desse punkta er blant dei fire der høgskulen skal ha ekstra merksemd.

Powered by Labrador CMS